Tuesday, October 17

backgammon 'til you just can't backgammon no more


Sit på biblioteket med Ida. Det er ein fyr litt framfor oss som sit og spelar backgammon. I timesvis. Han tar seg ein liten pause for å kjøpe mat, og istaden for å ete maten i kantina som normale folk, tar han den med seg ned hit til pcen. Ikkje eit backgammonsekund må gå tapt. Lurer på om han i det heile er student.

Eg kommenterer eit andreutkast til bacheloroppgåve idag. Merker at onde oppgåveslaktar-sadist-Hanna er tilbake. Men kva forventar han når han forvekslar komposisjon med kompensasjon, lesser på med orddelingsfeil og ulogiske setningar. Men eg er stort sett snill. Og har ikkje lese gjennom heile teksten enno. Anar berre at eg ikkje kjem til å rose den opp i skyene.

Elles gler eg meg til bursdagen min. Big time. Berre litt over 2 veker igjen.

Thursday, October 12

Teksten din er levert

Ah. Dei fantastiske orda. Dei einaste fantastiske orda, forøvrig, for teksten min blei langt frå fantastisk. Ikkje så veldig lang heller, men 3700 ord er vel greit når eg hadde 1300 då eg kom på skulen igår, og skreiv ca 2000 ord mellom klokka fem og ni. Eg sat på biblioteket i 12 timar igår. Nokre pausar, sjølvsagt, kanskje 1-2 timar tilsaman. Men likevel. Er litt imponert over meg sjølv. Oppgava skulle sjølvsagt vore betraktelig lengre, men eg trur det er greit som andreutkast. Sånn ca i alle fall. Sjølvsagt er det store hol, konklusjonen passer ikkje heilt saman med problemstillinga, men eg satser på at mine medstudentar og kommentatorar ikkje bit seg altfor godt merke i det. Endeleg innlevering blir betre.

Det var heilt fantastisk fint ver igår. For ein samansvergelse mot oss som måtte sitte og skrive. Å sjå opp mot Fløien, ein av dei siste fine haustdagane. Det beste var kanskje å gå heim klokka ni den kvelden, og finne den perfekte låta på ipoden min, skru den høgt opp, gå fort gjennom dei kalde gatene og kjenne meg fantastisk letta:
Malcolm Middleton - Autumn
Det var fucking cold, slik som han seier.

Idag skal eg sikkert lese eindel engelsk. Det ville vore lurt. Elles skal vi lage biffstrimlar og sånn til middag, og gjerne spele buzz ikveld. Håper Ida og Ole også vil det.
Merker at lesesalmodus ikkje er så langt unna. Heldigvis.

Wednesday, October 11

"Tror du kommer til å måtte schtekk å pess en hel del etterpå"

, sitat Ida.
Eg har med meg russian earl grey, peach & passion fruit, raspberry & echinacea-te på biblioteket idag. Førre veke åpna Tove augene mine for det geniale her på universitetsbiblioteket; å kjøpe krus med varmt vatn til 3 kr. Dermed har eg med meg seks teposar i dag. Alt er klappet og klart for oppgaveskrivingsmarathon.

Men diverre har ikkje forbredelsane mine sålangt resultert i noko storstilt tekstproduksjon. Heller tvert imot. Merker at eg er så ukonsentrert og udisiplinert og dagdrøymande som aldri før. Tenker på Paris, bursdag, jul, konsert, heimelagavinfest, lørdagen, amerikansk litteratur(Arthur Millers "Death Of A Salesman" ++), veiledningstime uten å ha lese den ovan nevnte litteraturen, iskaffi, Camel, pubquiztap, legetime, sol, Fløien, matboks, romrydding, Razorlight, Filmklubben osv.

Eg høyrer mykje heile album idag. På ipod og Idas Itunes. Sålangt:
Wilco – Kicking Television (disc 1&2)
Arctic Monkeys – Whatever People Say I Am, That's What I'm Not
Devendra Banhart – Cripple Crow
Malcolm Middleton – Into The Woods

Og forresten, Ole viste meg nokon sjuke og morsomme sider. Sjekk desse buda, spesielt nr 1 og 5:http://www.vigrid.net/forungdom_10utevett.htm
Jesus.

Tuesday, October 10

Panic! At the disco

eller latterkrampe på biblioteket. For min del blei det sistnevnte.
Eg, Ida og Ole på ein akkurat litt for liten pult. Plutseleg ringer mobilen til fyren på pulten framfor oss. Han sit og skriv ein eller annan stil. Ringetonen er ganske høg og utruleg stygg-kjip.
Han reiser seg og tek telefonen medan han går bortover mellom bokhyllene. Vi ser på kvarandre. Onde idear byrjar å ta form. Min: Slette teksten hans og tømme papirkurven på pcen. Når han kjem tilbake står det ei linje på skjermen framfor han; "sånn går det når du ikkje skrur på lydløs. Fucker". Såg for meg dei store, skuffa-hundevalp-augene.
Men neida. Ole turte ikkje. Ikkje eg heller, for den saks skyld.

Buzz igår var heilt fantastisk kjekkt. Særs kjekkt å vinne, sjølvsagt. Men det blei så seint. Så seint at enkelte ikkje kom seg opp og på skulen.... og for ein gangs skuld var det ikkje meg. :D


Camel toe = når kjønnsleppene til ei jente viser på buksa. Rart kva ein kan lære frå ein Nicholas Cage og Michael Caine-film.

Idag føler eg at eg ser det overalt, til og med på guttar. Ordet minner
meg forøvrig om ei historie Tuva fortalde meg. Tuva er i ein femtiårsdag.
Ved bordet hennar sit ein feit mann på femti pluss. Det vert servert
pappvin. Mykje pappvin. Mannen vert stadig fullare. Plutseleg kjem ein vits: "Har du hørt om jenta som hadde så trange bukser at du kunne lese på leppene?".

Thursday, October 5

Istedenfor å gjere skulearbeid

Slik såg rommet mitt ut siste kveld i Naustdal. Trur det var ny personleg rekord i rot(!)....
.....enda meir i det andre hjørnet.
Slik enda meg og Ingvilds første felles utkveld denne hausten. It was a craaaazy night.
A room with a view, sånn ca. Er meget, meget glad i plakaten til høgre. <3 href="http://photos1.blogger.com/blogger/5400/2543/1600/f??rste"> På veg heim frå Laksevåg. Seint. Men fint.
Hmf.
Så....Lisa og Mari var altså hos meg dei også. Koseleg. :)
Ida og Ole Magnus i koseleg positur, sansynligvis rett før Hulen.

Wednesday, October 4

Massachusets

var eitt av dei rette svara våre på Quizen igår. Som vi vant. Igjen. Og det var minst like kjekt denne gangen. Er så fantastisk å høyre opplesaren lese alle andre navn enn vårt. Nr tre, nr to (og idet vi skjøner at vi ikkje er nummer to heller, bryt vi ut i jubelrop)...!

Elles slit eg idag med eit par ting:
  • Er trøytt. Vi greier aldri legge oss tidlig nok.
  • Må skrive oppgåve men vil mykje heller lese og skrive mail.
  • Skal på badmintontrening, men finn(for n'te gang) ikkje husnøklane.
  • Vil ikkje sjå Saw 2 ikveld. Ikkje Snakes on a Plane heller.

Men er framleis lukkeleg over quiz og måltidet før; Steinbit på Spezial. Fantastisk. Dessuten har eg nokre tekstlinjer på hjernen:

And if a double decker bus, crashes into us

Monday, October 2

Dagen derpåderpå

Søndag har vært høstens store dagen derpå. Kan ikkje hugse sist eg var så dårlig. Men eg skjønner på ein måte kvifor.
Helga har vore veldig bra. Veldig sosial, forfylla og generelt bra. På fredag var vi på innflyttingsfest hos Kristen og Ann-Kristin. Koseleg, trass vasslekasje på badet. Og merka veldig kor forelska eg er. Fin tur tilbake til byen, mat på festplassen(og sjalu&sultne forbipasserande). Helgas lågpunkt var ein veldig bra film på lørdag. Eg og Øystein såg "Requiem For A Dream" på formiddagen, og eg blei så uvel som eg aldri før har blitt av ein film. Sjølv om han var god og ba meg sjå bort når det blei lurt. Heldigvis hjalp Bonderomantikk og lasagnemiddag. På kvelden hadde vi Rorbuavorspiel. Lite er som å høyre ei 82 år gammal kvinne fortelle om brannslukkingsapparatdildo.Kvelden endte plutseleg ved at eg fann det for godt å dra heim i totida, og istadenfor å få med meg nokon heim eller gå den trygge vegen; beina eg igjennom Nygårdsparken. Det gjekk heldigvis bra, men mine oppringte nummer tyder på at eg var redd.
Søndag merka eg kor fantastisk det er å vere fyllesjuk Hanna, så lenge eg har Ingvild og Øystein. <3Innkjøp av Cola og iskrem, skifting av sengetøy og generell godhet.

Friday, September 29

Rot og ryddighet

Eg har rydda rommet mitt denne veka. Såpass lite lyst hadde eg til å lese pensum, at eg faktisk rydda rommet. Det er framleis ganske ryddig, sjølv om eg rydda så tidleg som for to dagar sidan. Følelsen når eg kjem inn på rommet mitt er betraktelig bedre enn den pleier å vere. Alfabetisert cdhylle, skittentøyskurv og oppreidd seng.
Men likevel. #¤%"#¤?!"§@$]. Eg finn ikkje husnøklane. Brukte dei sist igår på dagen. Har byrja sjå for meg alle moglege konspirasjonar mot meg. Nokon som vil fucke med hovudet mitt ved å gøyme eller stjele nøklane.
Kanskje eg bør sjå i undertøysskuffa mi. Det var jo der eos-kameraet låg.

Dagens mål: kanskje kjøpe meg ipodnano. Fekk Martin sin i posten igår, og den er så sinnsjukt fin! Veit, min er ikkje meir enn eitt år gammal, funker fint, men likevel. Ny ipod er så uimotståeleg. Apropos uimotståeleg. Skal snart møte Øystein. Gå ut og ete middag, henge, dra på innflyttingsfest hos Ann-Kristin og Kristen. Sweetness.

Sunday, September 24

Fotskammel til begjær

Oooh. Skummel, og veldig lys, Ann-Kristin. Med Ole i bakgrunnen.
Ingvild hadde kjøpt et fancy coctail-sett. Øystein fant det.
Sjenkeprosjektet mitt gikk sånn passe bra. Her representert ved en stor og ganske sterk drink, av litt ukjent innhold.
Glad. Og full. Og trøtt.

Koseleg augneblink seint på kvelden. Rett før leggetid.


Vi hadde innflyttingsfest på lørdag. Var litt redd for at vi skulle sitte der i stua utover kvelden, i beste Thomas-Andre stil, utan at nokon gjestar dukka opp. Det unngjekk vi heldigvis. Ingvild og eg unngjekk også å være edru, trøtte og kjede oss. Sjølv om vi etterkvart blei trøtte.
Ingvild spiste sweet&sour-saus til middag, og jammen dukka ikkje middagen opp igjen i fotskammelen. Rart. Idag har vore akkurat så sløv som ein søndag etter knallfest pleier å vere.

Thursday, September 21

Forbrytelse(skremming) og straff(hyllesnekring)

Endeleg er den høge, tynne, mørke cdhylla komen på plass. Og endeleg har eg fått eit system i cdane mine. Alfabetisk, ikkje lenger heilt tilfeldig. Dessuten fann eg ut kva for plater eg manglar. Kollected, for eksempel, er nok ein gang bortevekk. Har forresten altfor mange dvdar. Ikkje over 700, men likevel. Og til min bedre halvdel; what goes around comes around.

Idag har eg snakka om Hendry David Thoreau og transcendentalisme framfor engelskseminargruppa mi. Det gjekk heilt greit. Planen var å lese historie etterpå, men den planen virker å gå i vasken. Snart blir det kaffi med Tove og Aslaug. Eg må forøvrig bli flinkare til å lese, og dårligare til å sosialisere. Ikveld skal eg være begge deler.

Thom Yorke <3

Monday, September 18

Smil (og utringing)


Ingvild og eg på veg ut på lørdag. På veg til Helen, der sengebein vart bøygde, og Ingrid og Ingvild prøvde seg på "jeg har aldri"....

Saturday, September 9

Før stressehelvete

Dei tre i kollektivet med rimeleg intakte sosiale antenner(i alle fall nokre av oss). Nr 4 satt som vanleg på rommet sitt. Kanskje legg han skumle planar der inne? Passiv-aggressivitet er skummelt.
Etter enda fleire vodka med appelsinjuice. Hyggelig samvære med bestevenninne.
Siden vi ikkje fekk tatt bilder på Garage, måtte vi ta nokre på kjøkkenet, framfor konsertplakaten. Det første koselige og anstendige bildet av oss.



Mindre enn ei veke til første innlevering av bacheloroppgave. Eg har knapt rørt bøkene.
Må skjerpe meg. Fort.

Wednesday, September 6

Strange and Beautiful (I'll Put A Spell On You)

Quizen på Kvarteret igår var kjempefin. Eg klarte å kjenne igjen La Traviata+ litt til. Dermed vanka det konsertbillettar og crispo. Fint. Legal for å møte Even etterpå var også temmeleg fint, sjølv om det blei litt kort, og edruelig.

Å komme inn i flink student-modus er vanskelegare enn venta, sjølv om bacheloroppgåveinnlevering nærmar seg med stormskritt. Har nesten ikkje lese noko, og om ei veke skal første utkast vere levert. Eg gruer meg for å ta kontakt med veiledar, og for å lese og skrive. Det er så mykje, så interessant men først og fremst så mykje jobb. Dessutan amerikansk litteraturpensum. Las Herman Melville's "Bartleby, the Scrivener" igår og kjende meg særs flink. Likevel er det kun toppen av isfjellet(ikkje verdas mest originale metafor, men temmeleg treffande).

Ellers går dagane og nettene med til Øystein. <3
Ting går så bra at eg ikkje heilt klarer å tru på at dei skjer. At det kan vere så bra. At eg kan ha det så fint. Underlig. Og fantastisk.

Tuesday, August 29

Feel Good

Med Øystein framfor treet. Sjølv om han ville eg skulle slette det.
Folk på Malakoff. Veldig søtt med småbarn ikledd hørselsvern.

Lita ferje over til Nordfjordeid. Nådde den etter hasardiøs køyring i den stakkars gamle grønne.



Sommaren har ikkje vore all verdens. Med unntak av dei tre vekene ferie i byrjinga, og enkelte helger mot slutten. Feks den helga eg fekk besøk. Og dro på festival, var stressa, stolt og trøtt storesøster. Ellers merker eg at hausten kjem til å bli minst like bra som eg håpa. Alle dei herlige folka(spesielt dei beste. Dei aller aller beste), konsertar, øl, interessant(men altfor mykje) pensum, film, musikk, mat, badminton og herlig seng.

Fan-fucking-tastic

Monday, August 21

Skjærgårdsdoktoren

må vere noko av det kjedeligaste som finst på tv. Men likevel koseleg å sitte i sofaen til Ida og Ole, etter å ha ete spaghetti bolognese(som Ole laga til oss). Ekstra digg å sitte her med tanke på korleis ettermiddagen har vore; sykle ut til Fantoft, gå på vår første badmintontrening, bli slitne, sykle litt omvegar ned igjen for å levere sykkelen hos Øystein, hilse på folk som har hørt om meg.
Og alt dette ein dag som byrja med at eg forsov meg.

Gler og gruer meg litt til dei neste dagane. Og er forvirra.

Wednesday, August 16

Bra i Bergen



Alt er så mykje bedre. No som eg er tilbake. Kvalitetstid med kvalitetsfolk. Sånn som her(sjølv om det er fra siste Bergenskveld i vår).
Eller ikveld. Fyll hodets tanker. Oooooh.

Thursday, August 10

Kicking Television

Har endeleg fått tak i den plata. Høyrer på den så ofte og høgt som mogleg. Livet mitt føles pittelitt meir komplett.

Fjerdesiste dag på jobb idag. Merker at eg er så utrulig klar for å vere ferdig. Orka knapt gjere noko idag. Tenkte berre på Bergen, guttar, venninner og Wilco.
Apropos hausten og alt den måtte medføre; ting er forvirrande. Surrealistiske og vanskelige og fine og spennande og sjuke.

Men det ordnar seg sikkert. Det er trass alt mindre enn ei veke til eg skal drikke øl på hulen igjen.

Og ja, kjære Ida; liste skal bli:
  • Filmklubb. Tenk så kultiverte og kule vi kjem til å bli. Også så kjekkt.
  • Hulen. Sjølv om Welhavensgtresidensen no er bortevekk; det er ikkje langt gjennom Nygårdsparken.
  • Italiensk. Kanskje. Fikk veldig lyst til å berre prøve meg på noko slikt, og tenk å vere klassevenninner.
  • Universitetsbiblioteket og matpakkeprosjekt.
  • Rekonstruksjon av den perfekte sommerkveld med reker, kvitvin og bra folk.
  • Gå på polet. Spleise på vinkartongar, diskutere om vi skal kjøpe inn ingrediensar til drinkar, men komme fram til at Ida på sprit blir litt sånn... hm. Eller kanskje...?
  • Gå turar. Både sånne med bratte bakkar og utsikt, som dei der vi berre går for å gå og sjå på hus og folk. Snakke, utlevere, kødde, le, ete is og finne fine plassar.
  • Trene (litt). Berre sånn passe, sånn at vi får god samvittighet og blir herlig slitne. Så kan vi gå på butikken og kjøpe leverpostei etterpå.
  • Teselskap. Vere veldig ladylike(du må forresten sjå "Little Britain", sånn at vi kan sitere det) med te og kake og sånn. Siviliserte.
  • Middagsselskap. Teste ut fancy og/eller gode ting, invitere nokon få folk, kose oss. Eg har jo stort kjøkken no .
  • Kjempefulleselskap. Med øl, eller vin, eller heilt andre ting.
  • Dagen derpå-sosialisering. Du veit; grønne eple og lolipop push.
  • Spillkveldar på kvarteret eller Strædet eller andre plassar som er koselege og har spel.
  • Kanskje kanskje kanskje singstar hos dåkke. Må isåfall vere singstar-nachspiel, etter at naboane dåkkas har hatt technohorefest.
  • Keen på å dra til Tyskland? Eg trur eg vil, og da kunne vi kanskje reist sammen? Må besøke Anders og Jens Martin.
  • Gå på nokre fine, velvalde konsertar.
  • Lage superduperpizza, Idas uforglemmelige kylling og pastasalat, gulerotkake.
  • Glede oss til bursdagsfeiringar. Trur eg må vere i byen denne gangen.

Puh. Kanskje eg kan fortsette ein annan gang:)

Sunday, July 30

Rosinen i pølsa

er å snakke med Jens Martin. Rett og slett.

Mange, mange gjestar på jobb idag. Baka fin rabarbrakake, som forsvann så altfor fort. Sure damer og koselege gamle menn. Barn som bråkar og spring barbeint rundt i galleriet. Dessutan fluger, men ingen sånn greie til å drepe dei med.
På slutten av dagen ordna eg alt i cafèen, låste og gjekk ut i Jølstravatnet og bada. Så utruleg, fantastisk deilig. Kaldt, klart, blå himmel, store fjell, drittungar langt der inne på stranda, litt gjennomsiktig badedrakt godt gøymt under vatnet. Kan ikkje hugse sist eg hadde det så bra.

Monday, July 24

Helgeidyll

Fantastisk fin helg er ferdig. Fra roleg torsdagskveld med Øystein og Pink Floyd til salig søndagskveld med (den samme) Øystein og den fantastiske Magnolia. Alt sammen. Fantastisk.
Gode ting:
  • Folk. Øystein, Anders, litt Lars Erik.
  • Musikk. Både lytting til og prating om.
  • Film. Alan Partridge, Little Britain, Lille Lørdag, Seinfeld, The Hitchhiker's Guide To The Galaxy men viktigast av dei alle: Magnolia.
  • Spel. Føle-seg-rimelig-intelligent medan eg speler Trivial Pursuit, eller føle meg rimeleg uvitande når eg spelar Movie Mastermind med Øystein.
  • Bergen.

Merker at dei neste og siste vekene kanskje blir verre enn dei føregåande, fordi eg no har fått ein smak på kor bra hausten kjem til å bli. Dermed kjem tida til å gå så seint.

Men av lyspunkt i Naustdalstilværelsen kan eg nevne Ingrid, Ann-Kristin(eg må rett nok reise til Jølster, men det skal eg jo uansett pga:), jobb(faktisk), bøker(forhåpentlegvis snart ferdig med Forbrytelse og Straff. Deretter ventar The Secret History, men no fristar On Beauty, som eg endeleg fekk i hende idag), plater(først blir det The Erasor, deretter Bow Down To The Exit Sign, og til slutt den derre... Black Holes and Revelations). Åj. Holdt på å gløyme potensielt besøk frå ein glad sørlending.

Nok oppramsing.

Thursday, July 20

Every Picture Tells A Story

I forsetet. På begynnelsen av den lange og nattlige turen frå Bodø til Trondheim.
Tuva i baksetet. Pappa sit forøvrig i forsetet.
Kirsten, Staffan og Ann Kristin i parken.
Ein hundeeigar, i kvitt i bakgrunnen, droppa hundehalsband. Lurt?
Her er den søte hunden.
Seint. På rommet til Tuva. Ikkje på Evergreen.
Tuva i velkjent positur. Dessuten hodet i sekken min.
To trøtte typer. På säfflebussen, som tok to timar lengre enn den skulle. Horebuss.
Turn Around.
Tuva i teltet.
Vi fann ein kjempefull danske. Vennane hans hadde gitt han vatn. Etterkvart vakna han og snakka om kor godt han likte Kaizers Orchestra, men først.....
.... Skål.
Utanfor teltet. Med Anne-Nora og Tuva.
Eg var aleine heime i fem dagar. Eg jobba. Etter jobb var eg for trøytt til å rydde. Dermed kom Martin og Andreas tilbake frå ferie, til eit noko uryddig hus. Men guttane visste råd.
På stuebordet. Med utsikt mot stolen med pringles
Etter lange, behagelige telefonsamtalar var også stolen flytta. Legg merke til isskåla ved telefonen.
Kjøkkenet. Før det blei rydda og Martin lagde oss genial wokmiddag.

Monday, July 17

If I was a rich (wo)man

....ville eg aldri nytta sommaren til å arbeide. Kanskje 3-4 dagar. Med dei aller kulaste kollegaene. Men utanom det altså.

Drøymesommar:
  • Sove så lenge eg vil nesten kvar morgon.
  • Lese alle gode bøker, blad og aviser eg kjem over.
  • Kjøpe og lytte til nokre velvalde, nye eller gamle plater.
  • Besøke alle dei eg saknar(aka Ingvild, Ida mfl). Vere litt heime hos dei, ta dei med på ferie(eg ville ikkje vore rik for ingenting).

Men akk.

Som i Belle and Sebastian-låta:

Oh! Get me away from here I'm dying, sing me a song to set me free

Dessuten er paddemannen stadig innom jobben. Det er ekkelt. Han er ekkel. Og nærgåande. Og sjølv om/fordi eg fekk sjokolade av han.....

Friday, July 7

Tvangstankar på personalmøte

Det er blåaktig tåke ute, men på ein meir diskret måte enn i Bodø. Her anar du den berrre, bakom fjella. I Bodø ligg den som ei lystett gardin(slik som under krigen) over fjelltoppane. Nok om det. Poenget er at det er fint ute. Eg og Isabelle gjekk ned til stranda, vassa, spytta og sette oss på ein stein medan føtene tørka i den vindstille kveldslufta.(pustepause) Kveldsturar er fine ting. Kveldsturar med Isabelle.

Dagane går med til jobbing. Igårkveld var det personalmøte. Eg merka at eg muligens var overtrøytt; holdt på å briste ut i latter over ting eg såg for meg. Mine uuttalte innfall. Som når sjefen seier "dei konsertbillettane kan de slå inn på den vanlege billettasten. Fint om vi samlar alle billettar på ein tast". Fekk lyst til å foreslå å berre slå det inn på akkurat det vi hadde lyst til, for å skape litt spenning. Eit anna innfall var å tilsynelatande vere ivrig og konsentrert tilhøyrar medan sjefen legg ut om oppgjersrutiner, medan eg i realiteten fokuserer på fluga på armen hennar. I akkurat den rette augneblinken kunne eg langa ut med flugefangaren, slå til sjefen. Anyway. Mogleg det kun er i mitt hovud at dette er morosamt. Mykje mogleg.

Eg jobbar på Eikaasgalleriet no for tida. Lite gjestar, ingen kolleger. Dermed alle postkorta. Dessuten har eg endeleg byrja på "Forbrytelse og Straff". Den virkar ganske bra så langt. Er all grunn til å tru at den ikkje berre virkar, men faktisk er ganske bra. Likevel fortoner den seg som eit slags evighetsprosjekt; 760 sider. Men kva er det eg seier; eg skal jo jobbe på Eikaasgalleriet. Og bu i Naustdal. Sommaren kjem til å vare evig.

Sunday, June 25

Ække så iiiinnmari kult liksom

God damn! Eg, Pappa og Tuva skal køyre til Trondheim i natt. Vi har planlagt opp mot togets avreise klokka to, og fest etter vi kjem fram til Oslo klokka seks.
For fem minuttar sidag seier Tuva "Hm. Tar turen Trondheim-Oslo 4 timer? Trur den pleier ta 6. Og vi skal være framme klokka seks?" Eg høyrer dunk-dunk-dunk crescendo i hodet og piler ned trappa for å sjekke togtidene. Jajaja. Klokka 09.50!!!
Jesus Fucking Christ.
Ser for meg kossen det ville blitt imårra når vi nådde fram i god tid, klokka 13.00. "Tuva, den gode nyheten er.... vi er fortsatt i live. Den dårlige er...".
Sofa King Stupid(ooh. Den serien var litt undervurdert. Av og til).

Av nordlandsord som har gjort sitt inntog i vokabularet mitt denna helga:

Fitteslo=tja. Første delen seier seg sjølv. Andre del kjem av "fiskeslo". Men korleis det skal brukes og kva det betyr; derom strides de lærde(aka Ida, Ivar og Marianne)

Freaky frokost

Fotokollage i bryllupet. Kozelig.
Mamma.
Fine fontenegreier.
Sheffield.
Ingen elg, men likavel. Skogn by midnight.
Bensinstasjon in the middle of nowhere, mao. ein eller annan stad mellom Steinkjær og Mosjøen.
Heva øyebryn.
Utanfor Rock Cafè.
Gammal dame fremst i den lange taxikøa.
Veldig lang taxikø.
Sjukt! to egg med dobbel plomme. Som to par siamesiske tvillingar.
__________________________________________________________________
Bodø Rock City. Ganske digg å vere her. Ganske langt å køyre sjølvsagt, men men. Vel verd bryet. Ida, Idas vennar og Idas hus er alle ganske fantastiske. Såpass at det fristar å unngå noko meir familiesamvære. For idag. Altså. Tuva vil eg jo alltids vere med, men ho skal eg jo vere med den neste veka anyhow. Men ja. Skal sikkert bort dit etterkvart. Mørkved altså. Pappa vil det slik. I mellomtida er det fint og herlig å sløve.

Thursday, June 22

Om att og om att

Pakkehelvete x2.

Alt eg treng dei neste to vekene. I ein sekk. Ikkje ein altfor stor sekk heller. God damn.
Dessuten har ipod klikka, men snille, vene, vakre, veslebror lar meg låne sin. Mens han prøver å fikse min. Sweet:)

Gler meg veldig til Bodø. Familiefest og Ida; kva kan vel vere betre? tja... Oslo med Tuva, Jens Martin og Even. For ikkje å gløyme Roskilde. Idag fekk eg ordna telt, til og med. Ting skjer.
Først og fremst er det sjukt herlig med ferie. Såpass herlig at eg har lyst til å sitere Cliff Richard. Men av hensyn til andre... vel eg å spare på klisjeane.

Håper ikkje vi får motorstopp imårra. Og håper Pappa sovner på veg opp på Strynefjellet, slik at eg kan prøve å bryte lydgrensa. Sånn ca.

Tuesday, June 13

Pakkehelvete

Imårra reiser eg til Bergen. Eg reiser dog såpass seint at eg ikkje får nytt byen, kun kjørt litt rundt i den, funne parkeringsplass og ei seng å sove i(med melodien til ei hand å holde i).
Gleder meg som ein unge til England på torsdag, Bodø neste helg og Roskilde helga etter. Skikkelig deilig ferie.

Dei siste vekene har gått styggfort. Stygt fordi eg har jobba så mykje, og fort for samme grunn. Altfor fint ver til å jobbe, altfor lange dagar, lite søvn, lesing og soling. Men det har igrunnen vore fint. Greit nok. Og alt leier jo fram mot sommarens udiskutable høgdepunkt: ferien min.

Av herlige lyspunkt i kvardagen kan eg nevne:
-sol og tilhøyrande is
-The Unconsoled av Kazuo Ishiguro
-Neil Young
-Verdas beste postkort frå to av verdas beste folk(aka Ida og Ole. Ida eit hestehode framfor Ole, minst)
-rakett/kadett/grønt monster/skranglekasse/vrak(kjært barn, mange navn)

Men no: pakking.

Friday, June 2

High Speed

Vamoose - (US sl) go away quickly.

Takk, takk, da veit vi det.
Dei siste dagane har gått så uendelig, skummelt og deilig fort. Fra bilkjøring til Hannas(åj, det blir nesten Hamas) fantastiske nye hannas superduperhits-kassett. Enveis & stengt gatehelvete i Bergen sentrum, men det ordna seg. Blei etterkvert litt inne i gatesystemet, og kunne imponere(øhm, ok, kanskje det er å ta vel hardt i, men ikkje skuffe eller utsette Ida for unødig fare eller omvegar). Litt ihvertfall.

Verdens beste kebabsjappe/bryllupmiddagslokale i Gravdal, kjøring utover, skulle nesten hørt på "Go West", men det får bli neste gang. Ulovlig parkering, råning, nesten-vitne-til-blind-mann-overende-på-motorveien, slagskip, rimibutikkar sjølv i den ytterste periferien og lange, kalde fingrar(ikkje mine). Alt dette handler sjølvsagt om biltur med Ida igår. Fan-fucking-tastic.

Pub quiz og eksamensfest var sjølvsagt fleire høydarer, men høgst av dei alle er torsdag morning og ettermiddag-kveld. Eksluderer, eventuelt set parantes rundt formiddag/midt på dagen ettersom den bar meir preg av litt unødvendig selskap, sult og sko.

Jobbing er igang, uten at eg kan kalle det helvete. Idag var det nærare himmelen, faktisk. Kompliment, smil, latter, spørsmål, applaus og kaffe med varm melk.