Tuesday, December 18

Afrika

Denne veka les eg "Ah But Your Country is Beautiful" av Alan Paton, og igår var

søte Sylwia
 og sløve meg
 ein tur på Tollwood og åt ein slags African-surprise mixed plate. Stort sett veldig godt.
 Såg og sjølvsagt også litt rundt i dei ulike bodene, mellom anna dei med kitschy julepynt (til ca 30 euro pr stk)
Og fekk med oss kor vakkert kveldssola lyste opp bygga bak Theresienwiese. 

Og ellers står dei siste juleførebuingane for tur - dvs eg må ut på handletur imorgon, og for Daniel sin del: intens jobbing fram til fredag-lørdag. Og nedtelling til avreise grytidlig lørdag morgon. 

Sunday, December 16

Laserkutting Blues

Imorgon skal Daniel og partneren hans presentere den siste modellen deira før jul, men dei er ikkje dei einaste på TUM som er midt i innspurten. Difor dro Daniel til universitetet ca klokka 0200 i natt, fordi laserkuttaren då skulle vere ledig. Klokka 6.30 fekk eg ein mail frå han der han fortel at det er heilt Texas på salen, og at han nok ikkje får laserkutta på eit par timar. Så det spørs kor produktiv dagen idag blir for hans del....

Men den siste veka har i alle fall bydd på nokre nye opplevingar. På onsdag var eg med Daniel på TUM på ei All-German forelesing om restlandskap. Skreiv notatar så blekket spruta, og etterpå vanka det:

 Starbucks-kaffipause mens vi gjekk gjennom notatane.
 Ellers har eg vore ein liten tur på Tollwood - julemessearrangementet på Theresienwiese. Veldig koselig, alternativt og framfor alt fint å vere tilbake på Wiesn post-Oktoberfest.
Kattelamper! Kunne kanskje hatt ei ved sidan av kaninlampa?

 På fredag var eg på eit slags intervju, og deretter gjekk eg på bibliotekek. Fann ei bok, og ein plass ved sidan av denne mannen, som sov og småsnorka uavbrutt i to timar.
 Boka eg fann var New Yorker Cartoons, frå 1925 og fram til 2000-talet. Denne var frå 30-talet.
 Og resten litt meir uvisse, men først og fremst morsomme
 It's so.... romantic
 Ser det for meg i gangen i Fuglehauggata
 Apropos bryllupsplanlegging....
 Og mine favorittar: Dog cartoons <3 nbsp="nbsp" p="p">

 Akkurat når du trur du har funne drømmejobben
 The confessions of bad mothers
Og så gjekk eg inn på ein ganske svær matbutikk like ved biblioteket, og fann dei to tinga som eg har leita etter og sakna i heile haust: snøfrisk og koriander! Og nei, butikken heiter ikkje Disney Store, sjølv om det ser sånn ut her. 
Og på kvelden multitaska vi ved å først besøke eit (stort sett) norsk vors i Sendling ein plass, der vi gjorde supernorske ting som å spele øl-pong, og deretter skundte oss heim til Studentheimen der det var stor fest.

No ventar ein sansynligvis ganske rolig søndag, og deretter ei veke der Daniel kanskje kan ta tidlig juleferie slik at vi kan utforske førjuls-München, og kanskje også førjuls-Bayern saman.  

Sunday, December 9

Stockwerkessen

Igår var jentene i mitt kjøkken på studentheimen (i vårt Stockwerk) invitert til Stockwerkessen hos eit guttekjøkken i andre etasje. Alle kjøkkena må arrangere, finne eit tema og lage mat. Temaet igår skulle vere After Ski Haserl.

 Så eg og Katharina laga hare-øyre, som funka så lenge som vi gjekk med lue (som ikkje varte så lenge). Men det var veldig koselig og gøy på ein tilbake-til-21-års-alderen-måte. Det som ikkje var så koselig, var slutten av kvelden. Plutselig spaserer to politimenn inn på kjøkkenet, ber oss skru av musikken og ber så om å sjå alle sine ID-papir. No har eg aldri vore på ein fest der politiet blir tilkalla før, men ser ikkje for meg at norsk politi tar seg tid til å notere namn og opplysningar om samtlige festdeltakerar. Fekk etterkvart vite at dette er heilt vanlig kost her. Både at politiet alltid noterer seg alle sine opplysingar, og at dei kjem og avsluttar dei fleste Stockwerkessen og andre festar her i Wohnheimen. Men kan ikkje vere så altfor misfornøgd med politiet her - dei har nok i alle fall litt av æra for at München er ein av verdas tryggaste storbyar.
 Meir Studentwohnheim-nytt. Slik ser innkallinga til Kjøkkenmøte på Daniel sin gang ut. Floor Food ser litt mystisk/hipt ut, men er ingen av delene. Det refererer til korleis fat, glas, kasserollar osv som blir forlatt uvaska på kjøkkenbenken, blir flytta til golvet i gangen og at det etterkvart har blitt ganske fullt av Floor Food i gangen. Jentekjøkkena er ikkje alltid ( = nokonsinne) spotless, men dei framstår som fantastiske samanlikna med guttekjøkkena.
....prøver å få julestemning ved å ete Stollen, åpne kalenderluker, høyre på julelista mi på spotify
 Og sjå på desse jule-teikningane.
Og om to veker er vi i Grebo, et marsipan, knäck og kosar med gamle, nervøse Charlie, som gjerne saboterer etter beste evne når han skjønner at nokon skal dra frå han:

Tuesday, December 4

Muff

Igårkveld møttes eg og Daniel etter lange skule/kurs/intervju/presentasjon/shopping-dagar og dro på Jens Lekman-konsert på Muffatwerk. Det var veldig fint og koselig.

 Har fått nokre nye favorittlåter - The Opposite of Hallelujah og A Postcard to Nina
 På S-Bahnen koste vi oss med spanske julekaker frå Marta (Havanna Alfajor) og RR-podcastar.
 Og så har vi byrja på julekalenderen.

Digg! Sålangt er favorittbitane Zimtblütentrüffel og ein slags Trojka-aktig Himbeertrüffel.

...og mindre enn tre veker til jul!

Sunday, December 2

Når Daniel er i Basel

.....kunne Dana og eg dansa på bordet, men etter ein lang lørdag med mykje god mat og drikke blei det ikkje så mykje dansing, for ikkje å snakke om klatring opp på bordet.

Først blei det shoppa.

 Blant anna på ein superfancy butikk med mange superstygge kle, med denne sølvfarga catsuiten som eit tvilsomt unntak
 Endelig lunch etter fleire timer geriljashopping på tom mage.
 Øl og pretlz på Zum Augustiner, blant ca tusen vorsande Bayern München-supportarar (vi møtte ein gjeng på vei inn dit, og allereie i veldig godt og høglydt humør klokka 09.30, mens dagens kamp ikkje var før 18.30. Eit langt vorspiel mao).

 Etter ein liten pause på hotellet dro vi ut igjen for å teste ut Weihnachtsmarkt og Glühwein. Først prøvde vi Rotes Glühwein i små, blå koppar.

 Deretter tok vi koppane våre med bort til utstillingsvinduet til Beathe Uhse. Pisk, parykk og Fifty Shades of Grey. Kinky indeed.
 Med tredje Glühwein-kopp og dertilhøyrande godt humør i eit varmt og godt luksus-kjøpesenter. Deretter dro vi ut til middag. Rimelig gourmet beståande av tunfisktartar, hjortefilet og sampling av creme brule og sjokoladefondant. Nam! Deretter tipsa den litt kleine kelneren vår oss om ein bra plass for coctails.
 Vel framme på coctailbaren etter ein strabasiøs og superkald gåtur.
 Moscow mule + ein slags gin & tonic med basilikumsmak.
 Men først etter at vi hadde bestilt drinkar oppdaga vi denne knappen på veggen. Superfristande!
Men ein drink var heilt passe etter ein lang dag, og sjølv om baren var koselig, gjekk det ikkje så veldig lang tid før vi dro tilbake til hotellet.

Idag har vore ein litt sløv dagen derpå. Eg har sagt hadet til Dana og deretter ete ein spansk/portugisisk førjulsmiddag i Schwabing. No venner eg meg til rommet i studentheimen igjen etter ei helg på hotell og venter på at Daniel, som har dratt direkte frå Basel og flyplassen her i München til TUM for å forbrede morgondagens presentasjon, skal komme heim og opne dei to første lukene i adventkalenderen saman med meg.