Sunday, December 16

Laserkutting Blues

Imorgon skal Daniel og partneren hans presentere den siste modellen deira før jul, men dei er ikkje dei einaste på TUM som er midt i innspurten. Difor dro Daniel til universitetet ca klokka 0200 i natt, fordi laserkuttaren då skulle vere ledig. Klokka 6.30 fekk eg ein mail frå han der han fortel at det er heilt Texas på salen, og at han nok ikkje får laserkutta på eit par timar. Så det spørs kor produktiv dagen idag blir for hans del....

Men den siste veka har i alle fall bydd på nokre nye opplevingar. På onsdag var eg med Daniel på TUM på ei All-German forelesing om restlandskap. Skreiv notatar så blekket spruta, og etterpå vanka det:

 Starbucks-kaffipause mens vi gjekk gjennom notatane.
 Ellers har eg vore ein liten tur på Tollwood - julemessearrangementet på Theresienwiese. Veldig koselig, alternativt og framfor alt fint å vere tilbake på Wiesn post-Oktoberfest.
Kattelamper! Kunne kanskje hatt ei ved sidan av kaninlampa?

 På fredag var eg på eit slags intervju, og deretter gjekk eg på bibliotekek. Fann ei bok, og ein plass ved sidan av denne mannen, som sov og småsnorka uavbrutt i to timar.
 Boka eg fann var New Yorker Cartoons, frå 1925 og fram til 2000-talet. Denne var frå 30-talet.
 Og resten litt meir uvisse, men først og fremst morsomme
 It's so.... romantic
 Ser det for meg i gangen i Fuglehauggata
 Apropos bryllupsplanlegging....
 Og mine favorittar: Dog cartoons <3 nbsp="nbsp" p="p">

 Akkurat når du trur du har funne drømmejobben
 The confessions of bad mothers
Og så gjekk eg inn på ein ganske svær matbutikk like ved biblioteket, og fann dei to tinga som eg har leita etter og sakna i heile haust: snøfrisk og koriander! Og nei, butikken heiter ikkje Disney Store, sjølv om det ser sånn ut her. 
Og på kvelden multitaska vi ved å først besøke eit (stort sett) norsk vors i Sendling ein plass, der vi gjorde supernorske ting som å spele øl-pong, og deretter skundte oss heim til Studentheimen der det var stor fest.

No ventar ein sansynligvis ganske rolig søndag, og deretter ei veke der Daniel kanskje kan ta tidlig juleferie slik at vi kan utforske førjuls-München, og kanskje også førjuls-Bayern saman.  

No comments: