Wednesday, April 26

Flinkjenteveke




Var(tydeligvis) på Ullriken på mandag. Trudde aldri eg skulle greie det, men det gjekk faktisk ganske bra. Slitsomt; sjølvsagt. Men framfor alt bra. Tok passeleg lang tid, blei svett, deretter kald og til slutt skjelven. Kan ikkje skjønne at eg har venta så lenge med å gå opp dette fjellet. I framtida vil eg gjere det ofte, når det er fint ver. Dvs, kanskje ikkje så ofte, men fleire gangar i det minste.

Igår møtte eg Ingrid, og gjekk på Spesial med ho(hadde heilt gløymt at det nettopp vart stengt av matvaretilsynet, men det betyr sikkert berre at det er reinare der enn på lenge). Utrulig bra å diskutere filosofi, psykologi, kjærleik og bygde(grøfte)fyll- Nesten litt synd å måtte gå vidare til Kvarteret, men veldig koselig der igår. Wallace liker sjølvsagt Wensleydale.

No er eg nervøs. Teite meg.

Sunday, April 23

Ryddig rom



Kva kan vere bedre, etter ein lang dag på datalab med oppgåve, som ein ikkje får bra til, enn å komme heim, åpne døra til soverommet og Voila:

Alt rotet er borte. Senga er oppreidd, golvet støvsuga, vinduet på gløtt og alt er gjort av ingen ringare enn lillebror Martin!

Var nesten sånn at mista munn og mæle(om det uttrykket nokon gang skal brukast, må det vere her og no). Tenk at Martin.... Ufatteleg. Ufatteleg bra. Ingvild kunne supplere med eit referat av hans kommentar: "Eg skjøner ikkje at ho kan leve i alt det rotet". Jaja.

No gjenstår berre oppgaveskriving. Mykje oppgaveskriving. (føles som om Arctic Monkeys er the soundtrack of my life)

Saturday, April 22

Fantastisk lørdag

Har ikkje hatt så deilig lørdagsfølelse på kjempelenge. Spent og glad. Sol ute, vatn, eple, gulerotkake som eg må lage glasur til.
Bursdagsfest hos Ole blir knall. Fekk nettopp telefon frå Anders som bekrefta val av gave.

Best av alt: henta Roskildebillett idag. Heilt ubeskrivelig deilig å trekke kortet, sjå "godkjent" lyse mot meg, holde billetten i handa, legge den sirlig mellom to sider i ei historiebok.

Åååh. Gler meg så utrulig til ikveld. Klarer knapt sitte stille. Har mest lyst til å springe heim.

......Arctic Monkeys på fest og Hulen ikveld. :D

Tuesday, April 18

Fucka dessert

Mamma og Pappa har ein slags uvane der dei inviterer folk som elles gjerne ikkje passer inn i dei fleste sosiale kontekstar. Desse invitasjonane dreier seg ofte om middag på høgtidsdagar. I dette tilfellet blei det utsatt frå 1 påskedag til 2 påskedag, men gjesten var den same:den særdeles ustabile organisten Øystein. Eg kan kanskje skildre han.

Mamma påstår at Øystein er i byrjinga av 40åra. Av utsjånad kan det sjå ut som han har passert 50. Han dunstar av tobakk og tek seg ofte turar ut for å røyke. Dette gir seg utslag i nær konstant røyk hark og hosting. Æsj. Han legg stadig på seg. Idag hadde han kneppa opp dei tre-fire nederste knappane på skjorta, så vi var alle meir eller mindre frivillige vitne til magen/vommen hans. Latteren hans er kanskje det verste. Den er høg, skingrande, buldrande og psykotisk. Han ler av nærast alt han sjølv seier. Einaste gangane latteren stilnar, er når han merker at ingen andre ler. Dette merker han sjelden raskt, men når det først går opp for han kjem gjerne ein kommentar som "no trur dei vel alle at eg er dum. La gå, eg er litt dum". Så eit sukk eller eit nytt latterbrøl.

Det skal seiast. Det er synd i Øystein. Litt i alle fall. Dei fleste høgtider blir han innlagt på psykiatrisk. Men eg greier ikkje ha sympati med ein ekkel ekkel ekkel mann som ser sultent på og forjeves prøver å sjekke opp jenter på 16-17 og forøvrig også fordi.... vel. Eg kjem til det.

Vi sit rundt spisestuebordet. Med vi meiner eg mamma, pappa, mine brødre, to kameratar av broren min og sist(men så absolutt ikkje minst); meg sjølv. Middag er konsumert. No står dessert for tur. Ostefromasjkake, stikkelsbærdessert og marengs med krem og jordbær. Nam. Det er kanskje litt stille rundt bordet. Kanskje fordi folk et, kanskje fordi ein ikkje har noko interessant å snakke om lenger. Mamma prøver å få i gang litt samtale, og spør om Øystein har dvdspelar. Han nikker og seier at han har videomaskin. Mamma smiler og spør om han då ser ein del film. Han svarer at han ser myyykje på film. Så lener han seg framover og stønner tydeleg fleire gangar. Så ler han. Det blir stille rundt bordet. Eg og guttane ser forlegent på kvarandre. Forlegne på hans vegne. For ein eller annan grunn tenker Øystein "ah! dette slo jammen godt an. Trur eg gjentar det for den andre enden av bordet, der ungdommane sit. Kanskje kjem dei til å synes eg er enda kulare då". Han gjentar det. Kvar bokstav, kvar lyd, kvar gest. Det blir enda stillare. Sånn at vi kunne hørt det om nokon hadde sluppe ein svamp ned i ein sakkosekk i kjellaren. Sånn ca. Han føler tydelegvis at tida er inne for å invitere det høgst ufrivillige publikummet inn i hans samtale. Mora mi blir stilt spørsmålet av alle dessert-i-presteboligen-på-andre-påskedag-spørsmål;
Kva synes du om porno?

Heilt stilt. Musestilt. Den absolutte tystnad. Mamma svarer at ho ikkje har noko forhold til det. Han strekker seg litt bakover i stolen. Seier at porno kanskje er litt dumt. Klappar seg på magen og kjem med punchline'en
Men eg syns det er fint med litt porno av og til.

Herregud. Det var som å vere på settet til the Office. Er ikkje sikker på om David Brent ein gang ville laga slike stønnelydar.

No skal eg sove. Prøve å fortrenge alt saman. Sove som ein katt i den lange natt. Sånn ca.

Thursday, April 13

Fjortisfakter

Plutseleg er eg midt i påskeferien. Så langt har den inneholdt litt jobbing(akkurat ein dag), tre dagar i Sogndal, en stk Palmerevy, Sesong 2 av Alan Partridge, Kvalitetstid med familie, hund og venner, musikk, bilkøyring og fyll. Sånn som igår. Etter nokre timar på jobb blei det klart at eg og Isabelle skulle gå på festen til Linn, der hyggelige folk som Sarah og Lars var. Det blei stadig kjekkare og plutselig kom Kristian og Stein Magne og kunne køyre oss til den eine utestaden i sentrum som var åpen og sånn ca ok. Hadde det kjekkt. Men herregud... tilsvarande jævlig idag. Kan ikkje hugse forrige gang eg var sånn. Kjipt å gjere så kjipt inntrykk når eg først er heime.

Men ja. Påska ellers er fin. Ikkje så mykje studering som planlagt. Ikkje på langt nær.
Dessutan stygt ver og temmeleg dårleg form idag.
Men kva gjer vel det? Music is magic:)

"Little Earthquakes" albumet til Tori Amos. China, Winter, Crucify og Leather.

Som ho så treffande skildrar det

I've got a bowling ball in my stomach,
I've got a desert in my mouth.

Monday, April 3

Nedoversmil


Helga har vore så fin. Men søndagsfølelsen på, ja nettopp; søndag var verst på lenge. Kjedsomhet, tiltaksløyse og litt nei-å-nei-helga-er-over. Dessuten vil eg ha ting eg ikkje kan få, og som eg kanskje ikkje ville hatt lyst på om eg kunne fått. Graset er grønare osv. Er überteit å vere sånn. Og veldig utilfredsstillande.

Det regnar i Bergen, og det er mindre enn fem dagar til eg er heime. Merker at eg grue-gler meg. Sjølv om det regnar her, er det noko med byen, folka, universitetet som er så fantastisk fint og bra. Når eg kjem heim blir det mindre lesing og meir intriger. Fleire, eventuelt. Det verste blir å sakne folka og fridomen her. Og å vere i den vesle bygda. i over ei veke.... urk. Forsmak på den lange sommaren.

Eg våkna forresten opp idagtidleg, og var sint. Drøymte at eg skulle fly, saman med ein i klassa, og Janne skulle også vere med. Men så rota ho det til ved å feilparkere i byen, rote bort bagasje osv. Dessuten skulle pappa køyre meg, men køyrde så seint at eg skjelte han ut, sparka han ut av bilen i fart og klatra over i førarsetet. Då eg kom inn på badet og fekk sjå ansiktsuttrykket mitt, var munnen fastfrossen i eit nedoversmil. Men det tinte rimeleg kjappt:)

Okey. Men no skal det lesast. Masse. Ca tusen minst. (tja. 25 sider er heller ikkje verst)

Saturday, April 1

Aprilsnarr


Det er årets nydeligaste dag så langt.
Traktaren lagar kaffi og eg skal snart ut. Har samla saman ei provisorisk blanding drikkevarer, fått i meg litt mat, ordna og ...Ingvild roper "Nå er kaffen klar". Sweet.

Sosialt samkvem, bytur, kunstutstilling, the Office(fram til eg sovna), pizza, familie og sol.
Feeeel Gooood.
Har dessuten ikkje blitt lurt. Ikkje ein gang av Nrk og deira innslag om forbod mot å lufte hund i tettbygde strøk, av fare for kontakt med influensafuglar.