
Helga har vore så fin. Men søndagsfølelsen på, ja nettopp; søndag var verst på lenge. Kjedsomhet, tiltaksløyse og litt nei-å-nei-helga-er-over. Dessuten vil eg ha ting eg ikkje kan få, og som eg kanskje ikkje ville hatt lyst på om eg kunne fått. Graset er grønare osv. Er überteit å vere sånn. Og veldig utilfredsstillande.
Det regnar i Bergen, og det er mindre enn fem dagar til eg er heime. Merker at eg grue-gler meg. Sjølv om det regnar her, er det noko med byen, folka, universitetet som er så fantastisk fint og bra. Når eg kjem heim blir det mindre lesing og meir intriger. Fleire, eventuelt. Det verste blir å sakne folka og fridomen her. Og å vere i den vesle bygda. i over ei veke.... urk. Forsmak på den lange sommaren.
Eg våkna forresten opp idagtidleg, og var sint. Drøymte at eg skulle fly, saman med ein i klassa, og Janne skulle også vere med. Men så rota ho det til ved å feilparkere i byen, rote bort bagasje osv. Dessuten skulle pappa køyre meg, men køyrde så seint at eg skjelte han ut, sparka han ut av bilen i fart og klatra over i førarsetet. Då eg kom inn på badet og fekk sjå ansiktsuttrykket mitt, var munnen fastfrossen i eit nedoversmil. Men det tinte rimeleg kjappt:)
Okey. Men no skal det lesast. Masse. Ca tusen minst. (tja. 25 sider er heller ikkje verst)
2 comments:
Yo. Plutselig så lenge siden sist. rart det der... Bergenliv og Bodøliv. De to blir plutselig så separert. Men har du ei fin påske? E det urk å være hjemme? Jobba du? Nu e ostesmørbrødan mine ferdig. (I dag skal æ les) Gleda mæ til å hang out i Bergen igjen :)
Gleda meg veldig til hang out i Bergen igjen:)
Men påska e ok den. Skal kanskje skrive om det no, tenk.
Post a Comment