Saturday, May 18

"urettferdig over vannet, med de tusen hjem"

Begge barna har sunge nasjonalsangen i barnehagen den siste veka. No får dei begge til melodien og mesteparten av orda. Eit av dei finaste minna frå gårsdagen var når barna forsvann under kjøkkenbordet og sang Ja vi elsker i kor medan vi år frukost.


Etter frukost gjekk vi opp til krysset mot Grav skule og fekk sjå både toget frå Grav og toget frå Steinerskolen.




Litt leiking under treet bak huset


Etter sovinga til Magnus kjørte vi tvers over Bekkestua og heim til Kenneth og Rannveig. Det var vi 11 barn under seks år, og 12 voksne. God stemning, leikar, sol og kos.

I femtida kjørte vi heim igjen og blei med på 17maifeiring i nabolaget. Akkurat i tide til å ete kake, bli med på rebusløp for barna, sjå fotballkamp og vere litt sosial. Og til slutt, etter begge barna var lagt, rakk eg to glas rødvin på verandaen til Camilla og Thor. Innholdsrik og koselig 17 mai.

Thursday, May 16

More Time

Denne veka er det deadline på ein oversikt over kapittel to i læreboka. Det er skikkelig slow going å bestemme seg for ting, skulle ønske eg hadde meir tid, meir overskudd, fleire idear. Høyrer på Linton Kwesi's "More Time", som eg fann i ein poesiantologi, og som sannsynlegvis blir utgangspunkt for eit oppslag, når eg berre får litt meir tid...

I det siste har eg lese både "Stress og korleis leve med det" av Anne Gunn Halvorsen, og "Overwhelmed: Work, Love and Play when no one has the Time" av Brigid Schulte. Mange a-ha-opplevingar, nokre gode forsett, men likevel vanskelig å følge opp og vere konsekvent. Litt som å lese bøker om barneoppdragelse. Apropos barneoppdragelse:

Breze som ein pre-dinner-snack (Backstube har opna filial 5 min frå skulen min! Farlig, farlig)

Frida med Sørlandsbolle på Samson.

God stemning på vegen heim frå barnehagen (sånn sett litt utypisk)

Klare for dagens 16 mai-feiring i barnehagen.