Monday, December 28

9-måneders





Det er deilig å vere tilbake i Oslo igjen, og å feire 9-månedersdag med nytt skilt på postkassa :)

Wednesday, December 23

Matlyst

Juletulipanar?
Peiskos
Laksesashimi med lime og KORIANDER, fritt etter Kari (og ifølge Daniel - korianderoverdose)
Vi er ca like treige til å vaske kle begge to....
ikkje akkurat januarmat...

...januar 2010 må bli tidenes mest cliche-fylte januar. Trening, cottage cheese, avholdenhet osv. Men enn så lenge er det jul og eg skal straks heim. Berre ein siste arbeidsdag på tine, så er det home sweet home, sove lenge, ete kalkun og ha kvalitetstid med dei næraste, inkludert Guro <3

Tuesday, December 15

Gullmandag

Gårsdagen var ein mandag heilt utenom det vanlige. For det første greide eg endelig å karre meg på trening (var så lenge sidan eg hadde vore der at ho som sto i resepsjonen måtte vise meg det nye billettsystemet :S). Etterpå laga Daniel middag til meg mens eg sto i dusjen. Deilig, sunn middag (kylling med kanel, purre, avokado, pinjekjernar og appelsin. Nam!), fyr i peisen og til dessert fiska han fram stilton og champagne. <3

...så kan vi rydde og sjå julefilmar ein annan dag.

Sunday, December 13

It's beginning to look a lot like Christmas

Det søtaste julekortet
juletre
med kule lys, akkurat sånn som hos Granny
Pepperkakebaking
fredigpynta
pubertale pepperkakebakarar
dette skjedde mens eg prata med Ingvild :P
oppblåsbar pepperkakemann?

Det er ti dagar igjen til jul. Ti dagar, derav 8 av dei på jobb. Dessutan har eg knapt kjøpt nokon julegåver. Men fruktskåla er full og pepperkakeboksen snart likeså. Dessutan har eg hatt herlig kvalitetstid med deilige Daniel, vore på julebord og utløyst trygghetsalarm.

Wednesday, December 9

"Juleferie"

Hermeteikn fordi den neste fridagen min blir 24 desember. I mellomtida skal eg stå opp 06.45 mandag til fredag, karre meg til Kalbakken og nyte min mindless-job på Tine frå 08-16. Og den einaste dårlige samvittigheten blir for manglande trening og treig julegaveshopping. Lesing blir kun for kos, og om kveldane kan eg bake julekaker. Så livet er temmelig sweet.

Monday, December 7

Retrospeksjon og virkelighetsflukt

Eit av dei første minna frå Oslo. When Martin met Guro. And photographed her.
27års dagen til Ingvild
3 sultne og brisne jenter på Hos Thea
digg!
søte Mariann
det nydelige bursdagsbarnet
på eit rotete rom, etter ein date med Ingvild
litt uggen på blanding av antiinfluensa-medisin og vodka and orange
Pappa på besøk i januar med sedvanlig lektyre
Den søte budeia på Bislett
Raspberry mojitoes coming right up
Mamma kom på besøk og hadde med seg twist
Mamma frafor twistfjellet
og Martin
Martin tar så fine bilder.
sliten etter jobb, trening og suppekoking
for anledningen ei suppe mamma var ganske skeptisk til: pære og sellerirot
Nokre helger seinare kom Andreas på besøk. Tvfamiliehygge
søt 18åring
Martin aka eldgammal italiensk skuespiller
sexy i badehette
Guro får bruk for øredobbane sine
..og Guro lager middag.

Sånn. No kan eg fortsette med repitisjon til eksamen imorgon. Så fort eg har baka brød og tatt hårkur og dagdrømt og og og.

Thursday, December 3

Eksamensstria

Den kjem før den mykje hyggeligare julestria.
Og midt oppi alt saman har eg blitt hekta på Californication. Dårlig timing og oh so addictive.

Wednesday, December 2

Sambuarskap og eksamensangst

Det er stort sett desse to tinga som opptek meg for tida. Eg har har vore sambuar sidan fredag, og so far, (stort sett) so good. Dataspel og eksamenar er dei einaste skåra i gleden. Imårra er den første, om American Literature in the 50s and 60s. Eg har lest det meste (utanom siste halvdel av On the Road) og gler meg til å bli ferdig. Slik at eg kan stresse med å repetere alt pensumet til fredagseksamenen om The Lost Generation and the 1920s. Dessutan må eg snart bestemme meg for kva fag eg skal ta til våren. Noveller, kolonial litteratur, obskur (og sansynlegvis obskøn) 1800talslitteratur om seksualitetens historie, eller Jane (#"$Y&%#$) Austen.
Valgets kval & kalde føtter (som eg straks skal legge nedi eit glovarmt badekar).