Wednesday, December 2

Sambuarskap og eksamensangst

Det er stort sett desse to tinga som opptek meg for tida. Eg har har vore sambuar sidan fredag, og so far, (stort sett) so good. Dataspel og eksamenar er dei einaste skåra i gleden. Imårra er den første, om American Literature in the 50s and 60s. Eg har lest det meste (utanom siste halvdel av On the Road) og gler meg til å bli ferdig. Slik at eg kan stresse med å repetere alt pensumet til fredagseksamenen om The Lost Generation and the 1920s. Dessutan må eg snart bestemme meg for kva fag eg skal ta til våren. Noveller, kolonial litteratur, obskur (og sansynlegvis obskøn) 1800talslitteratur om seksualitetens historie, eller Jane (#"$Y&%#$) Austen.
Valgets kval & kalde føtter (som eg straks skal legge nedi eit glovarmt badekar).

No comments: