Tuesday, August 31

Forelska

Luna har flytta inn hos oss og vi er begge kjempeforelska. Lyden av små hundepotar som går rundt i leiligheten, ein trøtt kropp som ligg og søv i sofaen, men som våkner til så fort eg går ut av rommet.





Saturday, August 28

Plutseleg

Vi blir hundeeigarar imorgon. Til 17mnd-gamle Luna




<3

Wednesday, August 18

Distre

Eg satte ny personlig rekord i å vere distre igår. Det byrja med at eg gløymte att mobilen heime (nærare bestemt i ein av skoa til Daniel). Deretter jobb og kven veit kor mange slurvefeil (det vil vise seg når kundane ringer inn dei næraste dagane for å klage), for så å dra stuptrøtt på trening med Inga. Vel framme i garderoben på domus viser det seg at eg har gløymt treningstøy også. Og husnøklar. Aaargh.
Litt kjipt å ikkje få trent, men koseligare å komme heim, legge seg, sove i ca 20 minutt og så vere klar for middag på Skillebekk. Deilig indisk middag, med barneselskaps-fråtseri-dessert.


Merker at eg treng søvn, og ikkje kun den skjønnhets-fremmande typen. Men mest av alt treng eg å vere ferdig på jobb og igang med semesteret. Masterskriving. Grøss.

...og ellers er det fint med roser i stova. Skulestart-roser.

Wednesday, August 4

Hjernedød

Sånn føler eg meg etter å ha jobba heile sommaren på Tine. Ikkje ein gang rik og hjernedød, siden den skikkelig lønninga ikkje kjem før 20 august og eg må bruke mastercard enn så lenge. Men Berlin er gjerne ikkje den verste byen å leve på lånte pengar.

Men tilstanden blakk og forelska er ikkje så kjip (kanksje kun overgått av rik og forelska). Daniel kom nemlig heim frå ei vekes Star Craft 2-eksil og han hadde med gåver som plaster på såret, som denne:



Vi har forresten fått klarsignal frå styret i sameiet, og vi står på venteliste hos nokon som skal ha valpar i september!