Friday, May 26

Back to basics

Etter lange timar på buss og på jobb og korte timar i bil er eg heime.Kan ikkje seie at det følest heilt optimalt, sånn foreløpig. Skal vel ein del til for at det skal kunne følest optimalt nokon sinne. Det er ikkje kjempekjipt, berre litt kjedelig. Eg er slapp og rastlaus og kjedar meg. Kjem sikkert til å komme med liknande stemningsrapportar gjennom heile ferien i Naustdal. Feriens høgdepunkt blir dei vekene eg er bortreist.

Merka forresten veldig at eg var komen til landet då eg satt på ferja over Sognefjorden igårkveld. Den eine mannen meir harry enn den andre. For å illustrere. Den eine/første hadde på seg mellomblå, godt brukte, men ikkje på ein kul måte, dongeribukser(eg er sikker på at han også bruker det ordet). På overkroppen; jakke i same stoff og farge. I rest my case. Den andre steig ut av bilen sin ca eitt minutt etter at eg hadde fulgt den første med blikket medan han leita etter toalett på dekket. Den andre var kledd i svart. Svart genser, svarte jeans som var trange, men ikkje på ein kul måte, og schtøgge, kvite joggesko. Eg kan for enkelhetens skyld kalle den første Ronni(han såg ut som ein litt beskjeden, lovlydig(!) Ronny, som trur at adidas er tøfft, men akkurat litt for tøft for seg sjølv), medan eg vel å døype den andre Dan-Børge. Av åpenbare grunnar(eg tenker mest på håret igrunn, derso mdet ikkje er åpenbart. Har ein snikande anelse om at det ikkje er det). Kor i helvete er det kameraet når eg treng det?!

Men av positive nyheter; fekk ein ny sjekk frå tantene mine. 250£ Kjem damn godt med den neste månaden. Dessuten er det sol her. Herlig sol. Naustdal er grønt, og sjølv om det er mange mørkegrå skyer på himmelen, kan ein sjå det blå langt der oppe, og sollyset lyser(logisk nok) og varmer godt.

Wednesday, May 24

in limbo




Er ikkje heilt sikker på kva det betyr, men trur det skildrar mi tilstand akkurat no.
Hadde siste eksamen igår. Følelsen då eg gjekk ut av eksamenslokala; den beste på veldig lenge. Samstundes betyr det at semesteret er over, og det er ein meir kjip følelse. Var på siste quiz med Tove, Anders, Even og Halvor igår. Kjipt å tenke at eg snart ikkje kjem til å sjå dei att på aldri så lenge. Det blei ganske mange øl. Deretter djup og litt vond samtale på kjøkkenet med Anders.

Eg gjekk forresten på fjelltur i helga. Ikkje Ulriken, men likevel.

Monday, May 22

Ny dag, nye muligheter

, for å sitere Ingvild.

Idag handler nettopp om det. Det har vore ein ny dag, som samtlige andre dagar. Likevel kjennest den ekstra ny. Det er siste dag før siste eksamen. Eg har vore på biblioteket sidan klokka ni, utan å ha fått lese nevneverdig.

Heile dagen har eg gått og tenkt på å invitere nokon på middag, og jammen turte eg ikkje det også. Det såg lenge stygt ut(for det å skulle tørre å invitere) men plutselig gjorde eg det. La gå, det var ganske flaut. Trur eg rødma og sånn. Men det gjekk bra. Han måtte tenke seg litt om, angåande lesing og slikt. Men hadde egentlig lyst, og sa ja. Det letta utrolig at han gjorde det. Ellers ville eg måtta tatt imot Ingvilds tilbud om baccardi og rødvin ikveld. Og det ville kanskje ikkje vore så lurt, med tanke på eksamen imorgon.

Yeah yeah (yeahs).
Håper det blir koseleg ikveld.

Over og ut.

Thursday, May 18

The nightly disease

KAKE! Oppvask er satans verk

Sludder og pølsevev

Ah. Då er det overstått. Eksamen på tirsdag, fest den kvelden, tidleg frukost, tog og sosialt samkome på nasjonaldagen. Alt har gått kjempefort, sansynlegvis fordi det stort sett har vore usansynleg kjekt.

Eksamen i nyare historie gjekk ganske så bra. Skreiv om den norske skipsfarta rundt 1850, demokratiseringa i 1884, vanskelege tilhøve i dei nye industribyane på 1800 talet og til slutt; ei samanlikning mellom den andre verdskrigen og den kalde krigen + nokre av den kalde krigens konsekvensar på verdssamfunnet i etterkrigstida. Puh. Ikkje ein gang kyllingmannen gjorde meg ukonsentrert. Det einaste var ein liten halvtime som gjekk med til dagdrømming og påfølgande stress i eitt-tida. Men var ganske koseleg dagdrøyming, så dermed er det vel greit.

Festen var skikkeleg koseleg. Mange kom, deriblant mange kvalitetsfolk(til dømes Ida, Ole&Ole, Even, Halvor, Tove, Ann-Kristin, Kristen osv). Merka diverre også at enkelte gamle og/eller litt perifere vennar som eg har lite kontakt med, ikkje nødvendigvis er kvalitative innslag i min sfære. Aj, det vart teit. Men kan kanskje berre seie det slik at det ikkje er tilfeldig kven eg tilbringer mindre tid med enn andre.

Onsdag morgon var brutal. Etter 3-4 timers søvn ringte vekkerklokka, utan sympati for fyllasjuke, kvalme og trøtte meg. Etter litt sjangling mellom seng og bad, gjerne med ei bøtte i armane og håret forsøksvis ikkje i kontakt med andletet, kom eg meg bort til Ida og Ole. Kjipt å vere så dårleg, men etter litt cola, pittelitt frukost og tid tilbrakt så stilleliggande som mogleg på soverommet deira var eg fit for fight. Eller, i alle fall fit for fun (aka 17maitoget).

Rare bergensarar som ikkje tør svare "hipp hipp" med "hurra". Har fått litt digga på
-hipp hipp;
-Hurra!

Ikveld er eg litt småkvalm, veldig mett og lukkeleg. Årsakene til denne tilstanden er å finne i godt selskap(sjølv om dei har gått no), Alan Partridge, Kaker(sjokolade, gulerot og pære), pølser(Den herlige, religiøse knekk-lyden) og generell 17.maistemning. Kan ikkje hugse sist eg åt så mykje. Men som det vart sagt til Ida(det var eg som sa det): Det er ikkje som om ein et så mykje kver dag i året(la oss håpe). 17mai kun ein gang kvart år osv.

Monday, May 15

Eksamensstund har gull i munn

It's that time of year again.
Har vore ganske rolig, lite stressa i heile dag. Følt at eg ikkje har noko meir å lese på, og at eg ikkje gidd repetere dei keisame tinga eg har lest. Men så les eg tidlegare gitte eksamensoppgåver, merker at shit. Hadde eg fått dei oppgåvene, ville eg hatt problem. For å roe meg forsikrer eg meg om at dei same oppgåvene ikkje blir gitt to år på rad, så dermed er eg trygg for dei.

...men no merker eg at det er så uendeleg mykje eg ikkje er sikker på. Hovudsakleg innan norsk historie. Eg hatar den dela av historia. Skulle ønske eg kunne velge det bort.

Anyway. Blir bra å få utdelt eksamensarket imårra, sjå på oppgåvene, bestemme meg for kva og korleis eg skal skrive, komme igang, ta pause, levere inn og gå ut i den herlige mailufta.
I slike augenblinkar vil eg høgst truleg sette ekstra stor pris på at eg ikkje har pollen(eller nokon annan)allergi. Og så vors med mange bra gjestar på kvelden. Det blir kos.

Friday, May 12

Dagen er ikke helt den samme uten....

Eg kom over noko ganske morsomt for nokre dagar sidan. På eit debattforum på vg.no. Trur det sto som følger:

Røyk er akkurat like skadelig som alkohol, bare i en annen grad.

Wednesday, May 10

Parklife

(Musèhagen er fin, sjølv om bikinifolk ligg overalt, og enkelte av dei snakkar om ganske schtøgge ting)
Skikkelig fin dag, som diverre har gått så altfor fort. Veit, den er ikkje over enda, men no er eg såpass trøtt og sånn, at den er så godt som over.
Tidleg oppe, laga matpakke, skaffa plass til både meg og Ida på biblioteket, møtte Janne og Gunnar, åt matpakka, las litt, var på kollokviegruppe ute i sola osv.
Sola var skikkelig varm. Lurer på om eg er litt rød når eg kjem heim igjen.
Men dagens soleklart beste nyhet; skal på fjelltur på lørdag(dersom veret er bra, skølvsagt). Over vidda er planen. Det kan jo bli bra. Det blir bra. Om ikkje best, så bra.
Hoho. Midtstilt og greier. Fett nok.

Monday, May 8

Tenk at det er eit år sidan

Awww. Men ein mjuk gut innerst inne
Oh. Mr Tough Guy Andreas
Dei gamle er framleis eldst. Rart å tenke at det sikkert er ein av dei siste gangane.
All in the family

Mange slektningar, fat, flasker, program, sangar og smil.

Ikkje akkurat blåmandag

Heller.... tja. Gulmandag kanskje? Eller lyserød(som skuldrene til Ida).
Ihvertfall. Sola har stått på full styrke og gjort Bergen om til eit herlig sommeraktig land.
Eg har gått i skjørt for fjerde dagen på rad, sleika pittelitt sol og drukke store mengder vatn.

Leverte endelig oppgavene, og har ein god følelse. Trur sjølvsagt ikkje eg kjem til å bli genierklært, men trur dei er rimelig bra. Satser på det. Men imårra må eg finne ein litt bedre leseplass, der eg ikkje fell for fristelsen det er å rote rundt på nettet.

Royals bananasplitis er ganske nam. Akkurat passe herlig, akkurat passe kvalm. Sweet:)

Wednesday, May 3

Kula Shaker














Tydeligvis er Kula Shaker kontroversielle greier. Det vekker engasjementet i såvel meg, Jens Martin som kanskje mest av alt Anders. Til dei grader. Er ganske kjekkt å krangle, egentlig. Å vedde og vinne er ganske herlig. Og å drikke øl etter ein lang dag på biblioteket. Den (rimelig) gode samtale.

Men. Dødskjipt å finne ut at ein har tapt veddemålet likevel. At ein plutseleg skyldar 300kr. Fekk lyst til å grine, hyle, sparke, klore, slå og stikke. Men greide meg med å kun gjere sistnevnte. Likevel blei dagen skikkelig bra. Det kan ha noko med alle dei digge folka i nærleiken(Ida, Janne og Gunnar) å gjere. Dvs; det har alt med dei å gjere. <3

Bildene tok eg og Ida på fridagen vår. Berre for å minne kvarandre, og alle andre om kor deilig Bergen er. Eventuelt for å minne meg sjølv på at eg ikkje treng angre på historiestudier framfor karriere som fotograf. Ikkje at det nokon gang var ein plan, å fotografere altså. Men litt kjekkt. Okey; veldig kjekkt.



....16. mai. Countdown to extinction.