Thursday, September 29

The Night Of

Daniel og eg har vore hekta på denne serien på HBO i det siste. Skikkelig feel bad tv. Eg reparerer med Veep og feel good/klein reality som Gift ved første blikk, Jakten på kjærligheten og Fødselsavdelingen. Sistnevnte gjer meg rørt, litt vemodig og veldig letta over alt som har gått bra og er overstått. Deilig å sjå det vel vitande om at eg ikkje sjal gjennom det igjen.

Men det er veldig koselig med ein 10 veker gammal baby. 
Som framleis har godt sovehjerte
Liker seg i armkroken
Her sov han seg gjennom store deler av Tuva sin babyshower førre helg.
Våkna bli og fornøgd mot slutten av selskapet
Han smiler stadig meir
Og er framleis ganske lik Frida
Frida er ein entusiastisk hjelper på kjøkkenet (særleg når det gjeld å slikke deig- og rørerestar....som mor så datter) 

Dagens trifle var ein stor hit

Elles har vi hatt koselig spontanbesøk av MJ, G-Lo og Johs (eller Marte, Gujo og Hansen som Frida liker å kalle dei).
Familiens eldste og yngste søskenbarn <3

Ellers har vi feira Ingela sin 60årsdag idag (etter eit iMovie-skippertak dei siste dagane for å gjere klar bursdagsgave) og snart er det siste heile Oslohelg på nokre veker. Og starten på hausten. 

Friday, September 23

Middag

Denne veka har eg prøvd å ta hensyn til kva vi har i frysar, kjøleskap og skuffer før eg planla middagar og la inn bestilling på kolonial. Dermed har vi testa fleire nye oppskrifter, som Thai-laks, tagliatelle med biff og ruccola, peanøtt-kylling og fylte auberginer. Det mest positivt overraskande har vore Frida: 
Til og med denne ovnsbakte auberginen med byggris, sitron, tomat, persille og chevre gjekk ned. Reknar med at denne viljen til å smake på ting er eit forbigående stadium, men nyt det enn så lenge. 

Apropos Frida - har prøvd å få til meir kvalitetstid med ho i det siste og merker allereie at ho er litt mindre trassig. 
Litt søskenkjærlighet:
Og ellers har det vore mykje kos og litt byssing og trøsting av Magnus 
Og endelig har vi sove to netter med han slik: 
I egen seng. Hello life after barsel. 

Sunday, September 18

Sleepless in Sagene

Denne helga er det ikkje vi men besteforeldra på Sagene som har sove dårlig takka være:
Angel with attitude.... 

Daniel og eg nøyt halvvegs barnefri og fekk meir samanhengande søvn enn vi hadde fått på lenge. Men på Sagene klarte Frida å klatre ut av senga og holdt Ingela og Bjørn våkne frå 2-3.30...

Her heime søv Magnus framleis mykje 

Morgonane startar så rolig som mogleg
Med barnetv (akkurat no er ein juleevangelie-aktig film på NRK mest populær)


Påkledning og det å komme seg ut døra tar gjerne også litt tid:

Ellers har vi latt oss imponere av Eivind som sprang sin første marathon på tre og ein halv time!
Magnus fekk riktignok ikkje med seg så mykje, men vaffelfeiringa dagen etter heime i Bygdøy Alle fekk vi alle med oss. 

Og ellers har dei siste dagane bydd på trilleturar i nydelig vær
Med "A Little Life" på øyret. Og vel heime; amming og "peaceful parents, happy siblings" på kindle'n - slik at eg kan oppdage alt vi har gjort feil sålangt. 

Thursday, September 15

Foreldremøte

Magnus var på sitt første foreldremøte igår. Saman tok vi toget ut til Sørumsand i rushet for å presentere utvekslingsa til Tyskland. Magnus oppførte seg heilt eksemplarisk - var våken, åt og sov stort sett akkurat då det passa best. 
Her er han våken og glad på Skøyen, på veg heim. 

Tidlegare på dagen sov han seg gjennom ein dyr shoppingtur på CCVest - trur shopping som tidsfordriv i permisjonen må skje så sjelden som mulig....

Og ellers har vi 

Brukt bilen 

Hatt lange ammekveldar på sofaen

Vore på bursdagsfrokost i Grindbakken

Hatt besøk av Andreas, Tonje Margrethe og Isak. 

Dette teltet skal kanskje pensjonerast for ein periode etter ein litt uheldig ettermiddag uten bleie....

Frida har vore med å lage pastinakksuppe med ravioli i. Forskjellen på uttale av pasta og pastinakk er framleis ikkje heilt klar. 

Og Ingvild har vore på ettermiddagsbesøk. 

No ventar nokre dagar med litt mindre planar. Veldig deilig etter nokre hektiske veker. Fyller litt av tida med ein ny oppdagelse - foreldrerådet podcast. Har hørt på episoden om "nærhet med fødsel" av Gro Nylander. Mykje fint og interessant, men nokre av råda havner i "definitivt ikkje" kategorien, slik som sex-amming-tipset.... 

Tuesday, September 13

Throwback tuesday

Idag er Magnus 8 veker gammal. 
Åtte veker sidan dette 
Og denne senga
Og denne frokosten 

Og dette første møtet

Og dette første møtet 
Og no ser han slik ut.