Thursday, September 15

Foreldremøte

Magnus var på sitt første foreldremøte igår. Saman tok vi toget ut til Sørumsand i rushet for å presentere utvekslingsa til Tyskland. Magnus oppførte seg heilt eksemplarisk - var våken, åt og sov stort sett akkurat då det passa best. 
Her er han våken og glad på Skøyen, på veg heim. 

Tidlegare på dagen sov han seg gjennom ein dyr shoppingtur på CCVest - trur shopping som tidsfordriv i permisjonen må skje så sjelden som mulig....

Og ellers har vi 

Brukt bilen 

Hatt lange ammekveldar på sofaen

Vore på bursdagsfrokost i Grindbakken

Hatt besøk av Andreas, Tonje Margrethe og Isak. 

Dette teltet skal kanskje pensjonerast for ein periode etter ein litt uheldig ettermiddag uten bleie....

Frida har vore med å lage pastinakksuppe med ravioli i. Forskjellen på uttale av pasta og pastinakk er framleis ikkje heilt klar. 

Og Ingvild har vore på ettermiddagsbesøk. 

No ventar nokre dagar med litt mindre planar. Veldig deilig etter nokre hektiske veker. Fyller litt av tida med ein ny oppdagelse - foreldrerådet podcast. Har hørt på episoden om "nærhet med fødsel" av Gro Nylander. Mykje fint og interessant, men nokre av råda havner i "definitivt ikkje" kategorien, slik som sex-amming-tipset.... 

No comments: