Friday, March 27

Pannekakemiddag

No som vi er heime heile tida, prøver vi å imøtekomme ein del av middqgsønska til barna, utan at det blir altfor usunt eller einsformig (Magnus vil alltid ha spinatpasta, men prøver å trappe litt ned på det. Vi andre byrjar å bli lei - for meg er det snart 12 år sidan eg blei hekta på det). Så her ein dag blei det grove pannekaker a la Lise Finckenhagen


med sirup og sitron a min barndoms pannekakemiddagar.

Magnus og eg gjekk tur til toppen av trappene bak barnehagen.

Frida og eg tok eit altfor varmt bad

Magnus og meg med vekesplanlegger & Boka om den ville ungen

Magnus tester ut puffa ris (som vi aldri fekk ha heime, og som eg difor fråtsa i hos Linn) og Frida er på iPad...


Tuesday, March 24

Unntakstilstand

Vi har snart vore heime i to veker med begge barna og heimekontor. Dagane går litt inn i kvarandre, samtidig som undervisningstimeplanen skal følgast. Heldigvis har det vore fint ver, men det er vanskelig for Magnus å forstå at han no ikkje kan leike med alle nabobarna og i alle fall ikkje besøke nokon heime.

Det har vore solbrillever:


Og variert og stort sett god lunch og middag, her ein instagram-vennlig vegetarmiddag (i tillegg kom linser med fennikel, løk og ein overdose safran - Magnus hadde plutseleg helt resten av safranglaset i gryta):


Og dei store prosjekta for barna er:

  • bleieslutt for Magnus (går ganske bra) og 
  • at Frida skal lære å sykle (endelig!)