Friday, December 30

Year's End

Ifjor på denne tida satt eg med kapittel to av masteren, og nærlas den nestsiste novella i Unaccustomed Earth, "Year's End". Den handlar om ein juleferie med familiekonfliktar, som ender i at sonen skjeller ut dei nye stesøstrene sine, stikk av og tilbringer romjula og starten av det nye året aleine på barar og motell oppover austkysten av USA. Det å skrive masteroppgåve kjennest veldig langt borte, men novellene kjenner eg framleis ut og inn. Skulle ønske eg hadde tid til å lese dei på nytt no, men eg bør heller gå igang med denne bunken:

Sålangt har eg berre lese ut Julius Caesar, og er nesten ferdig med den tynnaste poesi-boka. No er eg byrja på Emma av Jane Austen, og sjølv om den er koselig nok så går det sakte framover. Og no er det kun nokre veker til eg skal møte dei andre seminarlederane og kunne snakke om bøkene! Men det skal nok gå, ei side om gangen, og ein litteratur-podcast om gangen. Dessuten kan det hende eg blir nødt til å ringe Mamma for å få hjelp til å tolke litt her og der. Ho flaug heim idag tidlig, og vi saknar ho alle tre, særlig Luna.


Men ja. Tilbake til Emma på kindle på senga.

Saturday, December 10

Dr. Dana

Eg og Dana var på Corebar på Elixia igår (samme plass som eg blei frastjåle joggesko på torsdag, men men) og etterpå...
feira vi at Dana fekk doktorgradsstipendiatet med carborific lunch på Cafe Fedora og påfølgande julehandel.

Så var vi ein tur borte hos Inga for å helse på ho og Geo
Nydelig Westie, dog ikkje like lett å kose med som Luna.



Luna i eit slapt øyeblikk - på Daniel sitt gaming-fang (og Daniel i Mr. Big tskjorta :).
Sexypasta med spinatsaus :)

Daniel stiller opp kalendergåver



Denne er eg straks ferdig med. Neste på lista er Shakespeare sin Julius Caesar. Sweet.


Guro og Martin låner Luna, sånn at vi kom oss ut på ein slags tapasmiddag igårkveld.

Monday, December 5

Ei helg, 36 stilar

Denne helga har stått i stilrettinga sitt tegn. Idag har eg knapt gjort anna enn å rette stilar, og no har eg kun 6 halvdagsstilar igjen. Heldigvis var det noko lystig lesing i løpet av bunken, noko ufrivillig morsomt, noko veldig bra. Men ting tar tid.

Dette er ca det villaste eg har gjort denne veka. Ete sharon frukt og drukke te framfor dataen...

Thursday, December 1

1. Desember

Det er første desember idag og vi byrja på denne:


Ingela har laga kalender til oss!
På torsdagar og fredagar har eg kun Blindern og kan stå opp sammen med Daniel. Då blir det frukost på senga og årets første kalendergåve: julete cupkake-former.

Ellers så har Luna løpetid. Ifølge folka i hundebarnehagen er ho så kåt og klar at ho står med rompa pressa opp mot gitteret mellom seg og guttehundane. Vel heime er ho naturlig nok heilt utslitt etter all denne seksuelle frustrasjonen.