Tuesday, December 26

I don't want a lot for Christmas...

...there is just one thing I need

Jula har vore kjempekoselig. Riktignok ingen snø, men mykje familiekos, kalkun, gåver, film, musikk og kvalitetstid. Likevel merker eg at det skal bli utrulig fint å komme seg bort frå Naustdal. Har allereie byrja planlegge ein sammenkomst lørdag 6 januar i Bergen, heime hos meg.

Ting å glede seg til:
Øystein, Anders, nytt sengetøy, Paris, champagne, kunst, kanskje litt Katrin, Sløving i Bergen, gjensyn med dei herlige folka, England, skule, middagsselskap og Madrid.

Foreløpige nyttårsforsett (ja, suicidalt å blottlegge dei slik, men):
Prioritere dei gode folka (har vært ganske flink til det i haust, med unntak av kjære Janne) og dei rette aktivitetane (oppmøte på forelesingar og seminargrupper, quiz, konsertar, filmklubb, lese skjønnlitteratur, gå på trening, lage mat frå bunnen av og gå på Hulen - og kanskje også Landmark).

Sånn.


Imårra, klokka seks, får eg det alt eg ville ha til jul. :)

Monday, December 18

Golden Slumbers

Har ingenting å gjere på. Men det er litt fint. Det betyr at dagane går med til å sove, stå opp i hui og hast for å vere eksamensvakt, finne oppskrifter til alle dei fine måltida eg skal lage for venner og familie, lese bøker, høyre på 70-talsplater, sjå film, drikke vin og sove.

Og sakne dei viktigaste folka :-(

Men det blir fint med jul. Idag snør det. Ca tusen.

Wednesday, December 13

Tears for Fears

Igår var årets store grinedag.
Den begynte ved at eg klarte å holde meg, utanfor hfbygget saman med Ann-Kristin. Men berre så vidt. Eg stakk fort heim for å snufse og grine på skuldrene til Øystein og Ingvild. Fordi eg hadde sjekka sensuren på bacheloroppgava mi.
Utover dagen greide eg å summe meg, le og tenke (litt) positivt. At sensor og veileder vil at eg skal vise mest mogleg av kunnskapane mine på munnleg, at karakteren var sterk og kunne vippast opp.
Utanfor eksamenslokalet sa veilederen min akkurat det. At dei var i tvil og gjerne ville gi meg ein karakter høgare. Dermed var det med visse forhåpningar at eg entra eksamensrommet.
Herregud. Eg har aldri hatt ein så kjip eksamen og sensor. Aldri i livet. Påstandar om at eg mangla problemstilling, at eg ikkje hadde nevnt hierarkiet mellom befolkingsgrupper (sjølv om eg hadde det, berre ikke akkurat der han såg og...)blablabla.
Alt som kunne gå galt gjekk galt. Eg visste ikkje kva eg skulle seie til tinga han klaga på; det virka som om han ikkje hadde lese så nøye. Og når veileder stilte spørsmål som eg svarte bra på, så var det likevel ikkje bra nok for den jævla fuckings kuksensoren.

Etterpå låg eg ein time på senga og i telefonen og grein. Men etterkvart kom eg meg. Litt morsomt at ein C får meg til å grine sånn. Det er barn i verda som døyr av svolt, hunden min held på å bli døvblind, det regnar og Siv Jensen er på tv, men likevel er den ein KARAKTER eg grin av. Gresk wraps-middag hos Ida & Ole sørga for ein opptur. Muppet-versjonen av Ebenezer Scrooge (med Michael Caine) med Øystein likeså. Dagens tredje augevæting kom på slutten av den filmen. Jeeez. Snakk om sentimental.

Idag er alt så mykje bedre. Og eg har ferie :D

Sunday, December 10

Slumring

Den siste veka må vere ny personlig rekord i sløvhet før eksamen. Tirsdag morgon klokka 10 får eg vite karakter på oppgåva (lurer på om eg blir skuffa, glad eller overraska) og nokre timar seinare skal eg ha munnleg eksamen der eg snakkar om oppgåva. Eg har ikkje klart å gjere noko førebuande arbeid, på tross av at eg ikkje har hatt fullstappa dagar. Denne helga foreksempel, var eg knapt ute. I alle fall ikkje på fylla(!).

I ettermiddag var det så gale at eg låg i den varme senga mi, las bok (den fantastiske "The Secret History" av Donna Tartt), drakk gløgg i lyset av ei ikealampe og -duftlys. Plutseleg våkner eg av telefonen og finn ut at det ikkje er morgon. Klokka er åtte om kvelden, Ida har drømt at ho blir voldtatt av fire menn på ei natt, vinden huler utanfor vinduet og Lambchop-plata er for lengst ferdigspelt.

No er Martin her. Det betyr snarleg slutt på mac-tid. Og eg som byrja å få (litt) teken på det.

Og forøvrig. Lesing imårra? Tja, nja. Nei. Skal kjøpe gåver til to av dei viktigaste(Ida & Ingvild), drikke litt, kanskje rydde litt og kanskje kanskje førebu meg til eksamen. It's a wonderful life (oh joy: den filmen skal eg snart sjå).

Saturday, December 9

Saturday, December 2

Oh! Sweet Nuthin'

Etter ei veke med rimeleg intens lesing er eg ferdig med eksamen. Semesteret og eksamensperioden er riktignok ikkje heilt over, ettersom eg har munnleg eksamen ca 12 desember, men det er så lenge til.

Dagane i Sogndal var ganske fine, ca som på biletet under. Lesing, te, forkjølelse, jazz, kos, rødvin og stress.




Etter eksamen blei det enda finare. Roadtrip med Øystein og Knut i ein bil så stappfull at den knapt egna seg for to. Etter litt stressing rundt i stengt-gate-helvete, fann vi vegen til Bergens beste kebab, som desverre ligg såpass langt frå sjølve Bergen at den sjelden kan nytast (øhm, Gravdal). Deretter kjørte vi videre på jakt etter eit kjøpesenter å oppdage, og valet fall på Oasen(dvs, vi havna tilfeldigvis der).
Ein time seinare kjørte eg og Ida til Tertnes for å spele badminton. Genialt å køyre bil dit, istadenfor å stresse med buss, regn og kulde. Vi var litt dårlige og litt flinke, og stakk på Ikea etterpå. Eg kom heim med ein stor, full pose, sjølv om eg egentlig ikkje skulle ha noko....

Å vere ferdig med eksamenshelvete er det beste som finst. Ca like bra som enkelte Velvet Underground-sangar.