Ah. Wilco på øyret, sol, kiwi og blåbærjuice med isbitar i.
Bergen har vore heilt fantastisk i det siste. Eg er i gang med eit nytt og (litt) bedre liv.
Diverre gjeld ikkje dette skulearbeid. Har ikkje gjort noko med engelskoppgåva som skal inn imorgon. Istaden har eg jobba og sagt Ja til enda meir jobbing ved ein vidaregåande skule. Eg var der idag. Første gang eg underviser på vgsnivå. Ein tredjeklasse, i historie. Det var så kjekkt! Sjølv om det var ein påbyggingsklasse, berykta som verstingsklasse og full av umotiverte guttar og jenter. Fascisme, Nazisme og WW2.
.....og snart påske.....
Tuesday, March 27
Sunday, March 18
Familiedag
Brødrene mine er ganske ofte på besøk, men antall familiemedlem her idag tok kaka (eller sjokolademuffinsen). Martin, Andreas, Nick og Ane. Alle var sånn ca like koselege, sjølv om dei to førstnevnte kom lovleg seint. Merker at dette kan bli ei tung veke, på fleire måter. Fysisk tung pga diverse konsum den siste tida, fysisk på ein annan måte pga treningsløfta til meg og Ida og psykisk tung pga engelskoppgava. Menmen. Det er jo mars. Og snø. Og sol. Og regn. Og muffins.
Thursday, March 15
Sår hals
Rart kva ein kan få etter ein dag i eit litt bråkete andreklasse. Skuledagens morsomaste:
at 7åringane spurte og å få høyre på og digga den der "Blow my whistle bitch" låta i matpausen.
Dagens kjipaste: å prøve å ta ein buss som stopper 100 meter frå huset mitt, men feilberekne, slik at eg måtte gå frå andre sida av Puddefjordsbrua.
Og dagens gladmelding: Øystein var med på ein quiz i regi av skulen hans, der alle fire på vinnarlaget får kvar sin mac. Laget hans vann. !!!
at 7åringane spurte og å få høyre på og digga den der "Blow my whistle bitch" låta i matpausen.
Dagens kjipaste: å prøve å ta ein buss som stopper 100 meter frå huset mitt, men feilberekne, slik at eg måtte gå frå andre sida av Puddefjordsbrua.
Og dagens gladmelding: Øystein var med på ein quiz i regi av skulen hans, der alle fire på vinnarlaget får kvar sin mac. Laget hans vann. !!!
Tuesday, March 13
Baby
Saturday, March 10
I like to melt stuff....
Under ein bedre middag, dvs greske wraps sammen med bedre folk, dvs Ida, Ole, Lars Erik og Øystein, skjedde dette. Plastikkfjøl på varm steikeplate. Smeltaplastikkgassar på kjøkkenet og lattermildhet. No er det plastikk overalt på kjøkkenet, på alle dei beste knivane. Og eg er blitt litt meir brannbevisst, kanskje.
Monday, March 5
From Mandal to Madrid
Ein av dei mange sterkt traffikerte delane av ikkje Mandal, men Madrid. Fine hus også.
Første dagen var vi på Pradomuseet. Plutseleg ser eg eit bilde eg har sett før (dog på ein kortstokk) - nemlig portrett av Bloody Mary.
Neste dag var vi i Nasjonalgalleriet Reina Sofia. Der var det mange Dalibilder. Blant anna dette, som eg kjøpte plakat av, men som på mystisk vis (aka Martin eller Mamma mista det ut av posen) forsvann på flyturen heim.
Palacio Real. Fint palass, fint ver, passeleg mange turistar og god is. Sweet!Den siste uka har vore prega av reising. Til plassar som byrjar på M.
Mandal var den plassen eg hadde tenkt mest på og uroa meg litt for. Madrid blei berre ein slags etterpåklatt. Men ein veldig bra slags etterpåklatt.
Ting eg har lært:
-con og sin betyr med og utan.
-Spanjolar er lågare enn nordmenn og har litt fucka eterytme. Dessuten er dei dårligare til å snakke og forstå engelsk.
-det er kanskje ikkje (sosialt) akseptert å ete på metroen.
-Mødre ser for seg at døtrene deira blir voldtatt og rana overalt. Stort sett utan rot i røynda(ooh, fint ord).
-Navnet på nokre tbanestasjonar.
Uæh. No høyres det kjedelig ut. Det var ikkje kjedelig. Det var tvert imot ganske koselig og sånn. Og no er eg tilbake. Til pensum. Og ikkje-eksisterande-sjølvdisiplin.
Men kva gjer vel det; til helga har eg (kebab-)bil og fest. Og Lars Erik kjem :)
Subscribe to:
Posts (Atom)