Tuesday, December 30

Västerbottenost

Vi er heime igjen frå julefeiring i Grebo, og nyt late dagar med mykje Västerbottenost. Og familie. 

Frida gjer seg klar for si sjuande tur-retur flyreise. 

Og er oppteken med jumbo-Lego og bilar 
Nissejente på julafta, klar for Kalle Anka 

Leiker tittei med Bestebjørn 

Åpner julegåver

Snuste litt på juletreet

Prøvde den nye vinterdressen sin 

Og hang ute i kulda 

Ei lita stund 

Leika med nesten 100år gamle bøker

Tok toget nordover til Arlanda 

Sov seg gjennom flyturen

Og plutselig var det fjerde juledag og familieselskap på Bærums verk 

Og mandag med middag i Veslekroken

Leiking med/i/bak Briovogn

Og idag - årets siste sløve, avslappende dag - gjekk vi ein kald tur i Frognerparken og såg på den vakre solnedgangen. Litt vemodig at 2014 straks er over, året som har handla stort sett utelukkande om å bli foreldre. 2015 kjem til å handle mykje ol det også, men forhåpentligvis også litt om jobbing - tidsklemma, here we come. 

Monday, December 22

This Christmas

Dei siste dagane har låta til Donny Hathaway vore den nye yndlingsjulesangen min. Saman med James Brown - Santa Clause go straight to the Ghetto. Og til julespelelista mi har eg/vi

Funne fleire av dei gamle leikane til Daniel 

Feira 29-årsdagen til Ane med champagne 

Vore oppslukt av speilet i gangen 

Krabba rundt og vore glad 

Observert ein suicidal Santa Claus

Prøvd ein ny pysj

Leika med ei bestemor på Sagene 

Mens dei andre besteforeldra var opptekne med å pynte og dokumentere

Og no er det slutt på juleførebuingane og straks klart for avreise til Linköping og Frida sin åttende flytur på ti månader. 

Tuesday, December 16

West coast

Dagane i Naustdal gjekk fort. 

Frida rota rundt i våre gamle leikar

Kikka i våre gamle barnebøker

Var eit naturleg midtpunkt på kafeen på kyrkjelydshuset

Blei stadig flinkare til å ete grovbrød med smør og leverpostei

Blei stadig større fan av klementiner 

Og sov godt (dvs lot meg sove godt) kanskje 3/5 netter.

Så sjølv om det var koseleg å treffe Helen og Ida, Isabelle, Solveig, Magnus og Sofia, og få litt meir kvalitetstid med Linn og Sveinung, så var det slitsomt å sove på rom med Frida i ei veke, skifte nesten alle bleier og mate all mat. 

På fredag satte vi oss på flyet og dro frå Vestlandsveret heim til det kalde, tørre Oslo. 

Og etter ein time ombord med Widerøe, blei det eit gledelig gjensyn med 

Daddy Daniel <3

Monday, December 8

Bergen Babystyle

Frida og eg flaug til Bergen på fredag, og sjølv om Frida er eindel meir krevjande no enn ho var ved forrige flytur, så sov ho seg stort sett gjennom flyturen og var ganske grei både på Gardermoen og Flesland. I Bergen venta Linn på oss på Bystasjonen, og vi besøkte ho, Lars og Sveinung. 

På lørdag trilla vi ned til sentrum og gjekk for det økonomiske alternativet til Akvariet: 

Og deretter økonomisk lunsj 


På søstrene Hagelins. Frida sov seg gjennom begge deler etter ei bøllete natt, og våkna rett før vi trilla vidare. 


Heldigvis sov ho bedre natt nummer to og møtte meg med dette morgonfriske ansiktet


Prøvde seg på tegning/tegnestiftsmaking

Og ellers var tida i Bergen koselig, men ganske sentrert rundt babyar, babymat og framfor alt: babysøvn, eller mangelen på denne. 

Idag henta pappa oss og vi kjørte nordover 
Tok ferja over Sognefjorden og Frida åt ein smoothie og nokre hirseskruer....

Som på eit eller anna tidspunkt i løpet av den siste timen i bil kom opp igjen og dekka kinn og cardigan. Følte meg som ein verdig mottaker av ein Darwin-style parenting award då eg løfta ho ut av bilen her heime og oppdaga oppkastet. 

Men


All's well that ends in Duplo. 

Sunday, December 7

Søpindsvin


Denne veka lærte eg dette danske ordet. Dette var nemlig ein av mine yndlingsrettar på Noma. Her er eit lite glimt av menyen 
Opplevelsen der, på vårt communal table, var heilt fantastisk. Ein herlig 30årspresang. 

Men før dette måltidet, rakk vi å innta ein dansk lunch på Kanalkafeene

Sjølv om det var digg der og då, angra eg som ein (kvalm) hund etterpå. Å oppleve desember-København på oppadstigande mett- og uvelhet anbefalast ikkje. 

Dagen derpå åt vi frokost på ein cafe på mathallen Torvhallene

Før litt sightseeing i Tivoli

Før vi dro på vårt første Glyptotek 

Skulptur som Setter Sarah Bernhardt-kaker i eit nytt lys. 

Fine golv og tak

Samling av antikke naser, og samanlikning med ein meir moderne variant
M
Nydelig bygg med stor vinterhage. 

Så bar det heim til Oslo med forsinka fly - heim til ein baby som utvidar lydrepertoaret sitt daglig. Og vips så var vi på Vestlandet igjen. 



Tuesday, December 2

Advent

Det er advent og snart jul(!). I den anledning har vi fått kalender av Ingela 

I tillegg til sjokoladekalenderen eg kjøpte på Dallmayr i München 

Framfor julepynten eg har funne, men som manglar D'en

Våkna til snø idag

Og kunne endelig sette på julelista vår med god samvittighet - det hjelper også at Daniel er bortreist og ikkje kan sabotere julemusikken. Men bortsett frå det, er det ingen andre fordelar ved at Daniel er bortreist.

To morgontrøtte som saknar pappa/Daniel