Thursday, July 31

Søskenkjærleik

Eg og Andreas har det koselig. Vi er heime aleine, saman med Polly. Ikveld rydda Andreas huset, eg lagde chili con carne, og så gjekk vi tur på Solsidevegen. Deilig å ha litt kvalitetstid innimellom all jobbinga.

Ellers stresser eg litt med søknader. Skrive, printe, kopiere og sende. Dessuten stresser eg litt med at Polly plutselig skal dø. Slutte å hvese og stavre seg rundt i huset, ligge heilt stille og dø.

Fint/kjipt: Har brukt 2700kr på fine ting dei siste to dagane. Mellom anna eit innramma trykk. It's nice (and expensive)

Sunday, July 27

Sykling, sol og sveler

Det er varmt på vestlandet. Svette folk kjem innom museet og vil drikke brus og kaffi og ete vafler og rømmegraut. Igår kom ein slik mann inn i kafeen. Ein stor, tilsynelatande sterk og ganske svett mann. Han kjøpte kaffi, men fekk ikkje opp kaffikanna. Han spurte meg om å forsøke. Eg forsøkte og fekk den etterkvart opp. Han vart imponert og utbrøt:
Du er jo sterk som en gaffeltruck!

Ellers er det koselig å vere heime. Eg køyrer ein søt liten yaris, høyrer på lydbøker, syklar til jobb, heng med Silja (idag bada vi til og med i Jølstravatnet. Eg for første gang i sommar, ho for tredje gang idag), nyter Andreas sitt selskap, "prøvesmakar" rømmegraut og grue-gler meg til Oslo.

Monday, July 14

Mandagskveld i Mandal

Kom plutseleg på at eg har denne sida. Eller hadde, langt tilbake i steinalderen. Rart å lese kor mykje yngre eg var for nokre år sidan.

Sommarferien min har vore rolig, bedagelig, koselig,(litt) kjedelig, varm, grå, våt og (altfor) avholds. Har sett mange fine filmar (Blue Velvet, The Omen, Carrie, Vertigo, Short Cuts). Forrige helg var vi hos mine eldgamle besteforeldre. Der drakk vi Tou Eplemost, såg ut i den forvokste hagen og titta i fotoalbum. Likte spesielt det albumet barnebarna laga til bestefars nittiårsdag. Alle hadde skrive ned nokre minne om bestefar. Mine bar preg av ungdomsskulenovellespråk, full av skildringar og på klingande nynorsk. Martin sine minne var dei beste; dei likna på mine ved at dei tok for seg buksesele-draing og fysisk smerte, men i motsetning til mine var dei artige. Han skreiv ting som at "Det var alltid koselig å høre Bestefar fortelle om korleis det var å vekse opp i middelalderen".

Imorgon er ein ny og bedre dag. Eg skal sykle :)