Sunday, May 29

Vakum

Eg leverte masteroppgåva mi til trykking tirsdag kveld. Imårra skal eg hente ni trykte eksemplar og levere fire av dei til instituttet.
Det føles heilt uvirkelig å ha levert, og eg tar meg sjølv i å ikkje vere like initiativrik og flink som eg hadde tenkt å vere, i kjølvatnet av masterinnleveringa.
Det har vore mest kvardagsliv.


Årets første (og forhåpentligvis siste) påskeegg. Luna er minst like keen som Daniel.
Ein hund etter sjokolade
og kos.
Inspirert av artikkelen i A-Magasinet lagde eg folkelig(ketchup), billig(fiskekaker) og sunn(grønsaker) mat. Mamma skammar seg sikkert på mine vegne.
Guro, Ben, Kirsten, Rannveig og Tuva kom på vaffelfeiring.
Tuva & Luna
Trygt!


Men igår blei det eit lite avbrekk frå kvardagslivet. Tuva og Rannveig inviterte meg på middag hos Tuva, og då eg kom fram var det ikkje berre middag men overraskelsesfest med ballongar! Veldig, veldig koselig, deilig mat, selskap, drikke og alt.
...men kvelden slutta veldig ukoselig og ganske dramatisk på Parkteateret. Rannveig slo seg, og eg følte meg heilt ubrukelig som berre sto og såg på. Heldigvis var Kenneth i nærheten, og dei ansatte på Parkteateret var nokre hakk hyggeligare enn dei som jobba på Bjørungs.

Ikveld blir det bursdag! Martin fyller 24, og eg har funne det perfekte bursdagskortet.

Wednesday, May 18

Nasjonaldag & masterfri

Igår tidlig dro vi på frukost i Ullevåll hageby
Tidlig, regnfri morgon
Litt bedre holdning
Var superdigg mat. Ein gresk mamma hadde blant anna laga spinat & fetapai
Og akkurat passe temperatur å sitte ute under eit tre, med ullteppe og kaffi
Etter mange timar på ein veranda på Bislett, møtte vi dei andre på Grand Cafe. Rannveig er alltid like glad i kamera
Tone, Tuva & Helene
Vene, vakre Tuva, som trossa dårlig rygg og blei med
Daniel vil vere litt harry på ein litt harry plass
#2

Og så, etter å ha henta Luna på Ullern og åte dekadent jordbær-ostekake, så karra vi oss heim, meg på høge heler, og det blei ikkje så mykje masterskriving. Men idag. Idag skal eg sende eit siste utkast på kapittel fire til veileder, så ho kan gi meg endelig tilbakemelding på heile oppgåva. På fredag. Grøss.

Sunday, May 8

Oscarsgate

Ingela og Bjørn inviterte oss med ut på Oscarsgate igår, i anledning 52årsdagen til Bjørn
....9 rettar og vinmeny :)
Og det var kanskje den beste restaurantopplevelsen eg har hatt, med unntak av Daniel i New York.
Heilt fantastisk god mat, og dertilhøyrande stemning.
Og så fekk vi sjokoladesigarar fylt med whiskey-krem til dessert!
Heilt greit å få det istedenfor eit sjakkbrett med konfekt - det var så vidt eg klarte den siste sjokoladebiten.

Idag er vi litt shaky, ganske trøtte og syns synd i oss sjølv som må vere flinke studentar, og jobbe. Skulle ønske vi kunne nytt den deilige søndagen, det fine veret og den rolige stemnininga i gatene her. Men om 3 veker...

Wednesday, May 4

3 veker igjen

Vi var på Ås og åt påske/forlovelsesmiddag på søndag. Ingvild hadde laga gulerotkake med veldig passande pynt :)
Andre påskedag kom Ingela og Bjørn på middag, jetlagged etter tre veker i Asia. Vi skålte i rosa champagne...
....og fekk romantisk sjokolade
Ute på tur med Mamma utanfor Ulsteinvik. Beautiful, sjølv med litt autovern i vegen.
Mamma og Luna ser på dei nye plantane i hagen til Mamma
Klare for søndagstur rundt Rotevatn.
Luna tar livet med ro i sin faste stol (som i anledning løpetid var installert med handkle)
Mamma øver på seg meir senebetennelse
og Luna slikker sol

Eg og Luna har kosa oss i Volda, og etter ein veldig grei flytur tilbake idag er vi heime i Oslo. Home Sweet (& untidy, dirty, chocolate-filled) Home. No må eg prøve å vere like flink til å skrive her heime som eg var i Volda. 3 veker til printing.