Juni har gått superfort, og endelig er eg ferdig med skuleåret. Aldri meir tilbake til indre Akershus :)
Aldri meir den 40 minutt lange bussturen
Aldri meir Glomma frå bussvinduet (sjølv om det kanskje har vore det beste med bussturen)
Aldri meir(?) stå og vente på toget på Lillestrøm stasjon, og kikke på frakt-toga og flytoga som køyrer forbi.
Siden sist har vi byrja litt på Norges-ferien vår
Ei helg var vi i Seljord og Daniel skrapa maling av rødbyggningen
Og eg fulgte nervøst med frå soverommet i andre etasje
Vel heime feira Daniel ferien med eit beskjedent glas portvin
Og så dro eg og Ingvild til Vestlandet for å feire Helen. Der var eg turist i eigen kommune (og nabokommune)
vi såg oss litt om i Stavang
Prøvde å posere under regnbuen
Og kikka på helleristingar
I løpet av utdrikningslaget gjorde vi mykje forskjellig, var blant anna på sminkekurs. Supergreen.
Heime fann eg denne!
Minne-helsing frå ca 1993.
Fann også gamle bilder av Mamma og Pappa, og ser plutselig litt meir at Martin og Pappa er like.
No ventar eg i spenning på karakterane frå ILS, og nyt å kjede meg litt.