Monday, April 30

Fantastisk fredag

Forrige fredag hadde eg og Ingvild endelig fri samtidig, i samme by. Dermed fekk vi ein heil dag med kvalitetstid, -mat og -drikke.

 Først frokost a la Ingvild, med treårsdags-roser
Etter frukost dro vi til Kristins brudesalong og prøvde ca 1000 kjolar - alt frå ugly Disney til sjølvlysande discoqueen. Butikkmedarbeideren var stor tilhengar av eliminasjonsmetoden (jo meir uaktuelt, jo bedre), men merker at ikkje er blitt så mykje klokare.

Uansett, etterpå tusla vi nedover Skovveien til Mares for lunch. Superdigge supper, Moules frites og musserande. Derifrå innom Sebastien Bruno og kjøpte makronar, Chablis hos Dana og deretter heim for å lage tapas.... som var ferdig litt i seinaste laget for svoltne gutar.


 Men vel verdt å vente på


Og snipp snapp snute, så var den (freakishly "Frognete") fredagen ute.

Wednesday, April 25

Orange coffee mocca

Har hatt litt hang-up på denne kaffien siden eg smakte den forrige veke. Kaffi mocca med appelsinsjokolade. Nam! Denne veka blir det ein ny mulighet for kvalitetstid på ein kvardag. På fredag har eg og Ingvild avtalt å ha date heile dagen. Frokost, brudekjoleprøving, lunch, kaffi, pol(ing) og så kanskje tapas. Mykje mat mao. Og kvalitetstid og kjærleik :)

Saturday, April 21

Mock

Denne helga står tentamensretting for tur. Eg har såvidt byrja på bunken, og vekslar mellom å bli positivt og negativt overraska. Og prøver å ikkje vere altfor streng. Ellers er eg ferdig med dei siste seminara (!). Det føles heilt uvirkelig at 2x8 seminar er over, og at det no kun gjenstår formalitetar som å godkjenne kvalifiseringsoppgåver og etterkvart rette eksamen.

 Så no blir det færre seine, utmatta kveldar heim til Luna
Og fleire tidlige, nytrente ettermiddagar.


 ....og helgefrukostar
Med morgontrøtt, motvillig fotoobjekt <3

Dessuten er det superdigg å kunne lese andre ting enn litteraturpensum. Mavis Gallant for eksempel. Og fortrenge pedagogikken og fagdidaktikken litt til. 

Sunday, April 1

G is for German

Daniel skal sansynligvis på utveksling til München til hausten, og eg skal vere med. I den anledning har eg leita fram det eg fann av tyskbøker heime, samt lånt bøker frå jobben.


Skummelt kor lite som er skjedd med tyskbøkene sidan eg gjekk på vidaregåande. Dei har fått ny forside, og nokre bilete av Angela Märkel, men ellers er alt ved det gamle


......og masse memory


Ellers er vi litt usikre på kva som skjer med Luna. Det gjeld å finne nokon som vil overta ho eit års tid. Lettare sagt enn gjort, sjølv om ho er fin og leiken.



Ja, og så er det rotete i stova og det midlertidige bordtennisbordet står framme konstant :)