Sunday, June 28
Livsnyting i Bergen
Friday, June 26
Tull og tøys på Tøyen
Tuesday, June 23
Everything is just A'okey
Sola skin, eg skal snart ete tapas og sjå skrekkfilm, til helga skal eg til Bergen og eg har fått eksamensresultata mine.
!!!
!!!
Sunday, June 21
Girls just wanna have fun
Hadde ein herlig og svært etterlengta kveld ute saman med Ane, Mariann og Camilla igår. Tilbrakte kvelden hos Ane oppe ved Blindern, på fest hos Thea på Bislett, ein svipptur innom bar buddha, ein halvtime i kø utanfor Skaugum og nokre timar på dansegolvet på Dr Jekyll & Mr Hyde. Unngjekk såvidt å sette meg i ei piratdrosje, og kom meg heim på trygt og anstendig vis. Idag skin sola, men eg har mest lyst til å ligge i senga og vente på at Daniel kjem heim frå opptaksprøva. Då kan han skru på lyden på Spotify(eg er tydeligvis technologically challenged) og lage digg middag til oss. Perfekt dagen derpå :)
Thursday, June 18
18 dagar igjen på jobb
Dagen idag byrja på best mogleg måte. Oppe i god tid, fann fram kle og fekk i meg litt frukost. Men så fall eg for fristelsen, la meg tilbake i senga og tok eit seinare tog til jobb. Og arbeidsdagen sålangt har vore heilt ok. Ei dame ringte inn og sa at ho skulle ha "laktosert melk". Eg ymta frampå om at kanskje det var "laktoseredusert melk" ho meinte, men ho holdt på sitt.
Dagens kåtaste: Ein nordlending som heiter Fridtjof som ringte inn frå kjøkkenet på ein gamleheim. Han byrjar med å fortelle at det regnar hos han, og at han er våt "både her og der", etterfulgt av rå latter. Deretter spør han om eg er klar for å ta bestillinga. Eg svarer ja, og han følger opp med "jeg er også heeeelt klar" (nytt latterbrøl). Osv. Heldigvis jobber han på gamleheim, ikkje barneskule.
Og ikveld er det jobbmiddag. Eg håper det ikkje varer altfor lenge. Og at eg får sitte saman med nokre av dei oppegåande.

Monday, June 8
Sengetøy til besvær
Helga har vore bra. Heile den siste veka har igrunnen vore veldig bra. Men alt styret rundt leiligheten på Grünerløkka har vore kjipt. Misforståelsar og surhet har ødelagt heile opplevelsen av å ha budd der. Dagen idag har eg grudd meg til å møte grusomme herr Grue. Men no er det ferdig. Depositumet kjem straks inn på konto, alt stresset frå dei to siste vekene er fordufta, og eg føler på kor deilig det er.
Subscribe to:
Posts (Atom)