Dagen idag byrja på best mogleg måte. Oppe i god tid, fann fram kle og fekk i meg litt frukost. Men så fall eg for fristelsen, la meg tilbake i senga og tok eit seinare tog til jobb. Og arbeidsdagen sålangt har vore heilt ok. Ei dame ringte inn og sa at ho skulle ha "laktosert melk". Eg ymta frampå om at kanskje det var "laktoseredusert melk" ho meinte, men ho holdt på sitt.
Dagens kåtaste: Ein nordlending som heiter Fridtjof som ringte inn frå kjøkkenet på ein gamleheim. Han byrjar med å fortelle at det regnar hos han, og at han er våt "både her og der", etterfulgt av rå latter. Deretter spør han om eg er klar for å ta bestillinga. Eg svarer ja, og han følger opp med "jeg er også heeeelt klar" (nytt latterbrøl). Osv. Heldigvis jobber han på gamleheim, ikkje barneskule.
Og ikveld er det jobbmiddag. Eg håper det ikkje varer altfor lenge. Og at eg får sitte saman med nokre av dei oppegåande.
No comments:
Post a Comment