Tuesday, August 26

Keep it in the family

Det er kveld på i den nye leiligheten. Vi har tent lys og satt på oppvaskmaskina. Martin har funne ein radiokanal som spelar melankolsk klassisk musikk. 
Oslo sålangt har vore fint. Eg har truffe eindel av dei eg ville treffe, brukt pengar, vandra, trikka og sykla gatelangs og jobba ni 8-4 dagar. Dessuten har eg kjøpt meg treningskort :O :)
 
På søndag var eg litt vonbroten, men det er ikkje så ille å vere aleine. Heile det store rommet for meg sjølv. Fritt fram å rote, lese, synge, sove og stå opp. 

Idag var vi fem stk Oltedal rundt spisebordet. Vi slurva med isskeihygienen i trygg forvissing om at vi deler samme blod og sånn. 

Monday, August 11

Signed sealed delivered..

Har nettopp underteikna kontrakt og betalt depositum. Rar følelse å dra kortet for 30000kr. Er fint å vere framme i Oslo. Den nesten 11 timar lange bussturen var ein prøvelse, men no som eg er framme kan eg slå meg til ro med tanken på at eg aldri kjem til å ta den bussen igjen.

Elsker å sykle og gå gatelangs på Grünerløkka. Så mange koselige cafear, butikkar, grøntområde og folk. Gler meg veldig til å flytte inn neste mandag.

Helga i Bergen var veldig koselig den også, men no som Ingvild flytter nedover på onsdag, er det ikkje så mykje å sakne der borte. Kanskje valnøttbrødfrukost frå Godt Brød på Ingvild reine, fine kjøkken. Eller belgisk sjokolade & musserande. Eller Martin og Andreas. Men Martin kjem snart han og :)

Sweet.