Tuesday, March 26

Ny vinter

I slutten av forrige veke blei det fint ver.

 Så vi tok bussen opp til Blutenberg Schloss, uten å vite heilt kva som venta oss.
 Men det var ei slags festning, med ein damm rundt, og tre med mjuke gåsungar på.
Denne veka er Tuva på besøk og det vi kanskje har gjort mest av, ved sidan av å snakke om bryllupet, er å shoppe. Her var vi like ved å kjøpe like sko. 

 Prøvde ei ikkje heilt kledelig jakke
 Og tok lunchpause på Zum Augustiner.

Den einaste som kom tomhendt heim frå shopping. 

 Etter lunch dro vi til Haus der Kunst, der Daniel og Tuva gjekk på Apartheid-utstillinga mens eg gjekk på Kendell Geers 1988-2012 utstilling, med mange installasjonar som spegla brutaliteten i Sør-Afrika.

 Postpunkpaganpop - det siste rommet eg besøkte før eg fant ut at det ikkje var lov å ta bilder.
 I museet sin gift shop etterpå. Noko å sette på bryllupsønskelista?
 Denne boka er kjempefin og interessant, billig og uhyre tung. Men klarte ikkje å motstå, og siden vi skal nokre turar heim i løpet av våren satsar vi på at vi får frakta den heim, one way or another.
 På museumslinje-bussen på veg heim.
 På S-Bahnen idag tidlig, på veg til Dachau.
 Det var iskaldt, men ganske vakkert ute i Dachau
 Mens utstillinga var veldig interessant og forstyrrande.
 Obligatorisk bilde av porten.
Og frå det eine til det andre....etter å ha lest om og sett bilder av avmagra KZ-fangar, dro vi ned til sentrum og åt lunch på nok ein typisk bayersk restaurant. 

 Kjøtt en masse
Og Käsespätzle. Veldig digg der og då, men ganske kvalmande i ettertid. Ikkje så overraskande at forventa levealder i Bayern er lågare enn i andre delar av Tyskland.

Ikveld blir det pakking og ordning og tidlig imorgon tidlig flyr Tuva heim igjen, mens vi henter leigebil og køyrer nord-austover. 

Friday, March 22

Sweetness

Denne veka har vi hatt Atla på besøk. Dermed var vi litt turistar i egen by

 Her er vi inne i bakgården på Neues Rathaus for første gang.


 Og her på vindusshopping i Fünf Höfe
 Her på ein interiør og alt mulig-butikk
 Daniel fann til og med hatt i sin størrelse
 Deretter lunch på stamplassen når vi har besøk - Zum Alten Markt, og dunkel Weissbier.
 Men sidan dei hadde gått tom for Apfelstrudel, kryssa vi Viktualienmarkt og tok ein slags dessert på Victorian Tea House
 søskena bestilte scones med jam og clotted cream
 mens eg blei servert eit uanstendig stort stykke sjokoladeterte (som heldigvis ikkje blei ete opp)
 Søte søsken
 Og München viste seg litt frå si beste side.
 Sidan Daniel var sjuk dro han heim mens Atla og eg dro til Haus der Kunst for å gå på Apartheid-utstilling. Mitt første, men absolutt ikkje siste besøk her. Kjøpte meg liksågreit klippekort.
 Og utanfor, i starten på Englischer Garten, fekk eg endelig sett surferar.
 Fornøgd med å kun vere tilskodarar i kulden.
 På kvelden blei det skikkelig nostalgisk kveldsmat - godt brød, brunost, te osv.
 Skålar med det begrensa kopp-utvalet frå felleskjøkkenet.
 På onsdag var Daniel enda sjukare, så eg og Atla dro inn til Alte Pinakothek, og medan ho gjekk rundt i museet hang eg i kafeen med ipad og yndlingsdrikka mi.

Og plutselig var Atla sine dagar her over - akkurat når Daniel byrjar å bli litt bedre. Men det var koselig så lenge besøket varte :)

 Igår fekk eg og Marta endelig tid til ein ettermiddagsdate, så vi testa ut ein knøttliten cupcake-cafe.

...og på veg bortover til Marienplatz vart vi med på ein slags påskeegg-jakt, og fekk kvar vår påske-skål frå Schrannenhalle. Og ellers har eg handla litt meir kle, og har endelig stort sett alt eg treng til våren - den tyske lønnskontoen er litt slunken, men det er snart lønningsdag.

Sunday, March 17

Retail Therapy

Starten av denne veka var litt kjip. Dei to siste dagane av engelsklærarvikariatet mitt var like slitsome som dei foregåande og på mandag kveld dro Daniel heim til Oslo og eg er aleine igjen i München for første gang. Dessuten har eg følt meg litt pjusk. Onsdag hadde eg planlagt ein lang og produktiv dag der eg først skulle sitte nokre timar på Mediatheket på Goethe Institutt, for deretter å dra til Amerika Haus for å lese og samle engelsklærarressursar. På kvelden skulle eg møte Petra og Sylwia for tysk-date. Men på Goethe følte eg meg plutselig så dårlig at eg lurte på å avlyse kveldsdaten og dra rett heim. På vegen til S-bahnen kjøpte eg meg smertestillande og tenkte plutselig at hey, kanskje eg berre skulle sjekka den eine butikken for å sjå etter sommarjakke....

Tre timar seinare hadde eg forflytta meg kanskje 200 meter, men mange butikkar, lenger nedover handlegata og følte meg kjempebra. Så kan berre konkludere med at retail therapy er den beste medisinen. Bortsett frå om ein har omgangssjuka og kastar opp i prøverommet, det kan fort bli litt kjipt. 

Denne har eg sett på og nesten kjøpt fleire dagar denne veka:

 Superbritisk, og sjølv om eg vil ha den, så skal eg vente og sjå om den blir litt billigare først.
Rett før Daniel dro hadde vi eit siste måltid sammen på Vapiano (den næraste ok plassen ved stasjonen), og feira at Daniel har tatt 35 studiepoeng forrige semester!
 Vittelo tonnato-pizza. Digg.
Og ellers har veka mi bestått av altfor mykje sjokolade + bøker. Las Zora Neale Hurston si Their Eyes Were Watching God, og syntes både boka og introduksjonen av Zadie Smith var kjempefin.

I morgon kjem det første av tre nært foreståande besøk: Atla. Og seint på kvelden lander Daniel og kan komme heim til rimelig ryddig (!) rom med nyvaska kle og sengetøy (!!). 

Sunday, March 10

Goldhasen

 Det er snart påske og i den anledning er Lindts Goldhasen til salgs overalt. Forrige veke overraska Daniel meg med ein veldig søt og jentete versjon som plaster på såret etter slitsom arbeidsdag.
 Under lørdagsfrukosten måtte den kvite Goldhasen finne seg i å stå litt i skuggen av joghurten og bananpannekakene. Ellers var lørdagen den store shoppingdagen, dvs min første klesshoppingtur i München sidan vi flytta hit i August. Deilig å ha sine egne pengar å handle for, og snart kunne vise meg i anna enn det eine skoparet og dei to brukbare buksepara eg har her på jobb (pleier ikkje gå toppløs, men har heldigvis litt meir enn to ok toppar med meg). På kvelden såg vi forresten den finaste filmen eg har sett på lenge: Silver Linings Playbook. Koselig, tear-jerking og med fin musikk. Idag er derfor "Girl from the North Country" ein ny yndlingssang.

Apropos yndlingssang: den siste veka har eg hørt ein sang nærast på repeat på vei til og fra jobben, nemlig Jay Z og "Dirt off your Shoulders". Perfekt vikarlærar-musikk.
 Idag kom vi oss endelig på Museum Brandhorst, eit ganske nytt museum for moderne kunst, like i nærleiken av Pinakotheka som også er del av 1-euro-på-søndagar tilbudet.
 Mellom ein heil bråte Andy Warhols fann vi denne
 Med den rimelig pompøse tittelen.
 Dette var det siste bildet vi fekk tatt av kunsten. I det eg skulle til å forevige eit Cy Twomley-maleri fekk eg beskjed om at fotografi var ulovlig, sjølv utan blits.
 I pausegalleriet var det derimot lov.
 Derifrå gjekk vi på leiting etter ein kafe og Daniel kom plutselig på at den beste kafebeliggenheten er på toppen av TUM. Dermed blei det god kaffi
 og nydelig utsikt frå takterassen deira
 Deretter gjekk vi ned nokre etasjar og såg på modellen til Daniel og Frano. *stolt kjæreste*
 Og sjølv om planen var å reise heim og lage forsinka lørdagsgraut så blei vi svoltne og stakk innom den første interessante restauranten vi fann.
Interessant betydde denne gangen peruviansk. Etter å ha delt ein forrett beståande av frityrstekte rotgrønnsaker med ein slags ostedip, så fekk eg den sinnsjukt digge hovedretten: Ceviche. Deilig å gjere noko med mangelen på fisk i det ellers ganske bayerske kostholdet mitt.

Ellers var det også digg å ha ein siste date-night før Daniel flyr heim til Oslo imorgon. Det blir litt trist med 7 netter aleine på dorm-rommet, men satsar på at det går fort og plutselig er det mandag igjen og Atla-besøk!