Sunday, March 10

Goldhasen

 Det er snart påske og i den anledning er Lindts Goldhasen til salgs overalt. Forrige veke overraska Daniel meg med ein veldig søt og jentete versjon som plaster på såret etter slitsom arbeidsdag.
 Under lørdagsfrukosten måtte den kvite Goldhasen finne seg i å stå litt i skuggen av joghurten og bananpannekakene. Ellers var lørdagen den store shoppingdagen, dvs min første klesshoppingtur i München sidan vi flytta hit i August. Deilig å ha sine egne pengar å handle for, og snart kunne vise meg i anna enn det eine skoparet og dei to brukbare buksepara eg har her på jobb (pleier ikkje gå toppløs, men har heldigvis litt meir enn to ok toppar med meg). På kvelden såg vi forresten den finaste filmen eg har sett på lenge: Silver Linings Playbook. Koselig, tear-jerking og med fin musikk. Idag er derfor "Girl from the North Country" ein ny yndlingssang.

Apropos yndlingssang: den siste veka har eg hørt ein sang nærast på repeat på vei til og fra jobben, nemlig Jay Z og "Dirt off your Shoulders". Perfekt vikarlærar-musikk.
 Idag kom vi oss endelig på Museum Brandhorst, eit ganske nytt museum for moderne kunst, like i nærleiken av Pinakotheka som også er del av 1-euro-på-søndagar tilbudet.
 Mellom ein heil bråte Andy Warhols fann vi denne
 Med den rimelig pompøse tittelen.
 Dette var det siste bildet vi fekk tatt av kunsten. I det eg skulle til å forevige eit Cy Twomley-maleri fekk eg beskjed om at fotografi var ulovlig, sjølv utan blits.
 I pausegalleriet var det derimot lov.
 Derifrå gjekk vi på leiting etter ein kafe og Daniel kom plutselig på at den beste kafebeliggenheten er på toppen av TUM. Dermed blei det god kaffi
 og nydelig utsikt frå takterassen deira
 Deretter gjekk vi ned nokre etasjar og såg på modellen til Daniel og Frano. *stolt kjæreste*
 Og sjølv om planen var å reise heim og lage forsinka lørdagsgraut så blei vi svoltne og stakk innom den første interessante restauranten vi fann.
Interessant betydde denne gangen peruviansk. Etter å ha delt ein forrett beståande av frityrstekte rotgrønnsaker med ein slags ostedip, så fekk eg den sinnsjukt digge hovedretten: Ceviche. Deilig å gjere noko med mangelen på fisk i det ellers ganske bayerske kostholdet mitt.

Ellers var det også digg å ha ein siste date-night før Daniel flyr heim til Oslo imorgon. Det blir litt trist med 7 netter aleine på dorm-rommet, men satsar på at det går fort og plutselig er det mandag igjen og Atla-besøk!




No comments: