Daniel fylte 31 igår og heile helga har egentlig bestått av kvalitetstid.
På lørdag gjekk vi endelig tur langs Isar.Det var iskaldt
Men også ganske romantisk - denne fann vi langs vegen.
Og nydelig med sol!
To søte små venner utanfor butikken, kun bunde til kvarandre.
Vi drakk overprisa kaffi på ein kafe i ein av Münchens dyraste bydelar. Daniel testa Lumumba.
På søndag gjekk vi også tur, denne gangen meir i nærleiken av der vi bur, i retning Laim. Vel framme fann vi ein iscafe med uteservering. Deilig med is, og imponerande kor store iskreasjonar andre prøvde seg på.
Apropos iskreasjonar - var ikkje heilt sikre på kva vi synes om menyen med spaghetti-is.
Igår sto vi opp ganske tidlig, kjøpte Bayernticket og dro til Salzburg.
Der var det nydelig sol heile dagen, men også ganske kjølig.
Lite hint om kven sin fødeby dette er.
Pluss alle Mozartkule-utsalga.
Men når det gjeld mozartkuler er dette dei einaste interessante for meg, og dei var underrepresenterte i turistsjappene.
Apropos turistsjapper - mange Tracht-butikkar hadde dette namnet.
Daniel i finfin bursdagsgåve, les østerrisk tabloidavis med hjelp av avisstativ som ser ganske teit ut med så små aviser.
Sol, kyrkjer og kald luft.
Ein slags kyrkjegård.
Katedralen frå sida, der den ser litt festning-aktig ut.
Vel inne i kyrkja oppdaga vi plutselig masse hodeskallar
T-to the-ourist. Lang rekke med hestar som sto og venta på dagens tur
Etter mykje om og men fann vi endelig ein plass å ete lunch. Om og men = å dra til andre sida av byen for å gå på ein anbefalt italiensk restaurant, for så å finne ut at det ikkje lenger ligg nokon italiensk restaurant der, men heller ein nepalesisk restaurant med store Namibiske flagg utanpå.
Då framsto sushi som eit tryggare valg. Første gang sidan vi flytta frå Oslo (!), og ikkje heilt på nivå med yndlingsplassane våre heime.
Litt alvorlig bursdagsgutt
Meir bunny-pynt, eller som Daniel seier: "heilt uaktuelt"
Desse derimot.... kunne satt opp ein kaninhær i peisen heime feks?
Litt moderne arkitektur blant alt det gamle.
Det viste seg å vere ein del av universitetet og vi tok ein te/øl der på ettermiddagen.
og såg på konturane av Alpane i bakgrunnen.
Deretter langs elva (med eit Fossekall-aktig tre)
Og det var den dagen. Togturen tilbake til München gjekk kjapt med Iphone-quiz og deretter Ricky Gervais på Desert Island Discs. Koselig å ha kvalitetstid med ein fersk 31åring. No: leggetid før klokka 22 for å lade opp etter og før vikararbeidsdag.









No comments:
Post a Comment