Dei siste to vekene har flydd forbi i rekordfart. Sidan vi var i Nürnberg har Daniel hatt semesterets siste eksamen - ein munnleg eksamen Restlandschaft-faget (det faget der eg var med på den siste halvdelen av forelesingsrekka og lærte alt mulig nyttig, unyttig og interessant om restlandskap), og eg har hatt ca to arbeidsveker som vikar for ei sjukemeldt engelsklærerinne. Det har vore ganske stress og vel heime om ettermiddagen har eg stort sett slokna ganske tidlig. I tillegg har eg hatt nokre fridagar for å dra på kurs, eitt om rapmusikk i engelskundervisning, og to om leiing av språkkurs for vaksne.
Men så var det det med starkbier og påfølgande stress. Forrige fredag var det Starkbierfestival på Augustinerkeller, i nærheten av Hackerbrücke. Veldig i Oktoberfest sin ånd med langbord, blåseinstrument, Tracht. Dei to største skilnadane var at det heile gjekk føre seg innandørs, i ein svær kjeller, og at det gjekk av å kjøpe starkbier.
Ja, og så tilbyr dei ikkje grilla kylling heller :( Men Schweinehaxe har dei.
Og ein Klöpse med . Dette var kveldens første, og for meg min einaste Mass, trur eg. Men etter ein lang kurs-dag tålte eg ikkje så godt dei påfølgande glasa weissbier, og i alle fall ikkje rakia'en (om det er sånn ein staver den kroatiske brennevinen som Maja og Ana hadde med seg). To make a long story short - eg og Daniel dro heimover saman, men mellom å prøve å ta taxi heim og deretter gi opp og dra til S-bahnen, så greide vi å komme bort frå kvarandre, begge tok S-bahnen for langt og måtte gå av, vente i kulda, ta banen tilbake, på ny ta den for langt og så til slutt ende opp i Pasing, finne kvarandre og ta taxi heim saman. Dagen derpå var eg i heilt elendig form, og det var ikkje før i fem-tida at vi bestemte oss for å ta ein tur ut for å handle, og eg fann ut at lommeboka mi og penalhuset mitt (!) var borte frå veska. Ganske stress.
Her med ein slags dagen-derpå-skål. Framleis stressa over lommeboka, men også takknemlig for at det ikkje gjekk verre.
Dagen etter meldte eg den stjåle hos politiet, avla vitneforklaring osv og så, to dagar seinare, ringer politiet i Laim meg og seier at lommeboka og penalet har dukka opp..... med alt av pengar og kort i!
München altså.
Slik hugsar eg ettermiddagane mine denne veka. Har ete på min yndlingsvietnamesiske her i Pasing, som ligg beleilig til like ved stasjonen, to dagar. Dette er kanskje det beste eg veit om for tida.
Yndlingsfrukost: bananpannekaker. I det siste har dei blitt super-fluffy og deilige.
Apropos deilig: Daniel feirer avlagt munnleg eksamen på Vapiano.
Og heime på rommet fortsatte feiringa med prosecco i gratis-koppar. We put the C in classy.
Dette blei veldig mat-fokusert, men her er i alle fall den einaste middagen eg har laga heime denne veka, som til gjengjeld blei vekas sunnaste måltid også. Søtpotet & gulerot-pure med quinoasalat på. Og ei halv korianderplante, såklart.
No er det den første hangover-frie helga på lenge og vi skal snart gjere noko med brakke-sjuka til Daniel (brakkesjuke i dette tilfellet = plutselig ha fri etter semesterslutt og tilbringe nesten all tid enten med speling på rommet sitt, eller mat & Arrested Development på rommet mitt). Planen er litt tur, litt trening, litt kunst og masse kos.








No comments:
Post a Comment