Idag gjekk eg på feil buss på veg heim frå jobb, og måtte køyre ein halvtimes omveg gjennom whitetrash-land. Er lenge sidan eg såg Deliverance, men dei små plassane vi køyrde gjennom minna om den. No er det uansett berre to veker att med tilnærma vanlig undervisning. No time at all. Og kun ei veke til eg får 50 eksamensbesvarelser å vurdere.
Sidan sist har eg feria slutten på ped'en med Ingvild. Vi byrja med det som skulle vore ein rolig sushi-middag for to med kvitvin og musserande på verandaen......
.....men endte som full-blown-black out uten briller og tilsvarande elendig form dagen derpå. Heldigvis var det først seint på onsdagen at vi skulle ut på forsinka bursdagsmiddag med Bjørn og Ingela - italiensk meny på Baltazar som starta med råmarinert fisk, østers og konfitert makrell.
Tuesday, May 29
Wednesday, May 23
510
Det er heilt sjukt å tenke på at eg har tatt 510 studiepoeng. Meir enn eg nokon gang kjem til å få bruk for, og nok til å forklare størrelsen på studielånet mitt. Leverte dei tre eksamensoppgåvene i PPU idag, tre gangar seks sider, og plutseleg er tilveret som fulltidsstudent over for alltid. Litt vemodig, men mest deilig. Har allereie byrja på den første av maaaange bøker eg skal lese framover, Erica Jongs Fear of Flying. Og så snart Daniel leverer det han skal på fredag kan vi gå igang med tysk-prosjektet igjen.
....men sjølv om eksamensoppgåvene har hengt over meg i det siste, tok eg meg fri til å feire 17. Mai forrige veke. Det såg litt slik ut:
Martin tar alltid like heldige bilder
...nedanfrå og opp
Nasjonaldagsdans
Dancing Queens...
The Scary dance
Eivinds reaksjonar på noko ganske sjokkerande?
The secret service photo bomber Arnstein...?
Anes digge kefirkake!
Og det var den 17. Maien.
....men sjølv om eksamensoppgåvene har hengt over meg i det siste, tok eg meg fri til å feire 17. Mai forrige veke. Det såg litt slik ut:
Martin tar alltid like heldige bilder
...nedanfrå og opp
Nasjonaldagsdans
Dancing Queens...
The Scary dance
Eivinds reaksjonar på noko ganske sjokkerande?
The secret service photo bomber Arnstein...?
Anes digge kefirkake!
Subscribe to:
Posts (Atom)











