Wednesday, May 23

510

Det er heilt sjukt å tenke på at eg har tatt 510 studiepoeng. Meir enn eg nokon gang kjem til å få bruk for, og nok til å forklare størrelsen på studielånet mitt. Leverte dei tre eksamensoppgåvene i PPU idag, tre gangar seks sider, og plutseleg er tilveret som fulltidsstudent over for alltid. Litt vemodig, men mest deilig. Har allereie byrja på den første av maaaange bøker eg skal lese framover, Erica Jongs Fear of Flying. Og så snart Daniel leverer det han skal på fredag kan vi gå igang med tysk-prosjektet igjen.

....men sjølv om eksamensoppgåvene har hengt over meg i det siste, tok eg meg fri til å feire 17. Mai forrige veke. Det såg litt slik ut:

 Martin tar alltid like heldige bilder
 ...nedanfrå og opp
 Nasjonaldagsdans
 Dancing Queens...
 The Scary dance











 Eivinds reaksjonar på noko ganske sjokkerande?


















 The secret service photo bomber Arnstein...?




 Anes digge kefirkake!









Og det var den 17. Maien.

No comments: