Monday, November 27

I-i-i-i-solaaation is not good for me

Ein av dei teitaste låtane i verda. Dermed veldig symptomatisk for meg at eg kjem på den no.
Eg er i Sogndal. Ikkje akkurat verdas navle. Heller verdas.... tja. kanskje eit kjipt punkt på foten som klør. Det er under sokken, inni skoen, så eg gidd ikkje ta den av meg og... ja.
Igår slo det meg som lurt. Sogndal altså. Å sitte på med Mamma, komme bort frå sivilisasjonen, lese, sove, lese, sove og lese. Men det eg ikkje hadde rekna med, var at eg skulle føle meg sjuk, uinspirert, ukonsentrert og kjip.
Saknar dei koselege lesedagane i Bergen. Og kveldane, nettene, til og med morgonane.
Vel. Kanskje eg får lest mykje av det eg må lese. For eg må lese.
Har satt på Mozarts "Eine kleine Nachtmusik", og skal prøve å forvandle isolasjon til inspirasjon.

*poff*

Sunday, November 19

Sus og dus

Igår var vi på visning i det som må vere Bergens deiligaste leilighet. Ein av dei, i alle fall.
Soverommet mitt var svært, større enn stua i Nygårdsgata. Svære klesskap med speil utanpå. Badet hadde eit eige dusjrom, med skyvedør og tente stearinlys og varmekablar og utsøkte fliser. Kjøkkenet og stua var tipp topp. Svær tv, oppvaskmaskin, store vindu, spisebord, gode sofaer og parkett overalt. Ååå. Det gjer så vondt å ikkje ha råd.

Idag skal eg skrive semesteroppgåve i engelsk. Den tel 60% av karakteren min i engelsk, og eg har utsett den til idag. No utset eg den litt utover dagen. Har ideane, orker berre ikkje gå igang med å skrive. Gler meg til å vere ferdig med oppgave. Og til middag. Og til å gå ut på fredag. Det føles som om eg har venta i overkant lenge. Heilt siden bursdagen min.

Okey. William Faulkner og Arthur Miller; here goes nothing.

Thursday, November 16

Å bli voksen

Eg har nettopp levert bacheloroppgava. !!!!!
Har finlese, ordna pensumliste, fiksa fotnotar og hatt sommerfuglar i magen heile dagen. Eller, dei fire siste timane. Det kjennest uvirkeleg å ha levert. Eg kjem til å få ståkarakter, så dermed er eg egentlig ferdig med ei utdanning. Ein bachelorgrad.

No ventar ein kveld utan dårleg samvit og stress. Martin blir med meg opp på Haukeland, så blir det mat, film og spel. Forhåpentlegvis. Og å sove lenge imårra. Før eg går igang med engelskoppgavehelvete. Som sansynlegvis ikkje blir så veldig helvete-aktig. Har ikkje så mange hundre ord att å skrive. Korleis er det mogleg at eg ligg såpass godt an? Meg. Etter dette semesteret, det skulearbeid på ingen måte har vore førsteprioritet.

I'm picking up good vibrations

Tuesday, November 14

Brødbaking og oppgaveskriving.

Det er tre dagar att til innlevering av oppgåva. Ikkje ei kva som helst slags oppgåve; Bacheloroppgåva. Eg var på mi siste veiledning idag, og er på ein måte positiv og optimistisk. Veiledaren min var i alle fall det. Tenk at eg om ei veke er ferdig med begge innleveringar, og kun har nokre skarve eksamenar att før jul.

Dagane går med til å tenke på å skrive. Slik som igårkveld. Eg sat i senga, laptop i fanget, nokre twist i handa og Ingvild kom inn. Eg såg kanskje arbeidsom og disiplinert ut, men kunne forsikre om at eg spela edderkoppkabal. Apropos senga: føles som om eg lid av konstant søvnunderskot. Hosting og harking og ipodquiz er ingen heldig kombinasjon.

Snart kjem Ida. Vi skal ete den fantastiske lunchen eg har laga til oss. Seinare skal vi på quiz. Det blir kult.

Friday, November 10

Grønsåpelukt

Plutseleg var det mi vaskeveke. Kanskje ikkje heilt plutseleg; er over ein månad sidan sist. Rydding, støvsuging og vasking virker så uoverkommeleg før eg går i gang. Heldigvis er det overkommeleg. Eg er ferdig, kjøkkengolvet er reint, vått og forhåpentlegvis fritt for ølsøl.

Noko eg derimot ikkje er ferdig med, er oppgåveskriving. Idag er det ei veke att til endeleg innlevering av bacheloroppgåva. Eg er ikkje stressa, samstundes som stressmangelen stressar meg.

Gladsaker:
  • Har funne att dvdkontrollen. Den var borte i over ein månad, og eg fann den innerst mot veggen, bak bokhylla.
  • Fann dei blåkvite joggeskoa mine over dvdkontrollen. Dei same skoa som eg har fått Martin til å endevende huset heime etter. My bad.
  • Det trådlause nettverket funkar fett.

Kjipe ting:

  • Har måtta seie nei til både trønder(karsk og pølse-)fest + ein laurdagsfest. Fordi eg skal vere flink jente.
  • Må snart betale 3000 kr i linsepengar.

Midt i mellom-ting:

  • Tanken på å flytte.

Ny yndlingslåt:

Andrew Bird - A Nervous Tic Motion of the Head to the Left

Sunday, November 5

Feel Good Moment of the Year


For ei fantastisk helg. Alt har vore så utruleg fint. Fredag fekk eg spelt badminton, noko som var kjekkt og bra sjølv om eg var veldig dårleg. Lørdag blei det familie og handling på dagen. Festen var dagens store høgdepunkt, og i år blei eg så ufattelig godfull. Alt blei akkurat så bra som eg hadde håpa. Fine gjestar, gåver, vin, musikk og Hulen (tenk av Øystein gjorde det han aldri gjer. For meg. På bursdagen min. <3 )

Bursdagen min ja. Litt rusten oppvåkning og påfølgande rydding og vasking. Aiaiai. Overraskelse på rommet til Ingvild, frukost for fire, familiebesøk og good times all around.
Den treretters middagen blei vellukka, tp-speling og kakestykker(både små, mangefarga i plastikk, og mørk, smakfull og nonstop-dekka).

Alle som gjorde feiringa til det den var: tusen takk(you know who you are).

Friday, November 3

Collapse the Light into Earth

Ikkje at Bergen er identisk med jølster, men himmelen var ca slik igårkveld. Ann Kristin er flink til å ta bilder :)


Denne tilstanden skal for all del unngås på søndag morning.

Må vere noko av det finaste ein kan høyre på på veg heim frå skulen, ein tidleg vinterkveld. Denne veka har vore langt frå så produktiv som den skulle vore. Dei neste vekene(det er jo berre to igjen til innlevering av historieoppgave) må bli annleis. Ingen filmar, lite sosialisering. Lange dagar og kveldar framfor datamaskina og microsoft word.

Idag skal eg vere litt flink. Lese og planlegge skriving. Rydde rommet kanskje? Ta buss til Tertnes og gå på badmintontrening, kjøpe inn festingrediensar og sånn. Gler meg så sinnsjukt til imorgon og overimorgon. Eg er som ein femåring på veslejulafta.