Thursday, November 16

Å bli voksen

Eg har nettopp levert bacheloroppgava. !!!!!
Har finlese, ordna pensumliste, fiksa fotnotar og hatt sommerfuglar i magen heile dagen. Eller, dei fire siste timane. Det kjennest uvirkeleg å ha levert. Eg kjem til å få ståkarakter, så dermed er eg egentlig ferdig med ei utdanning. Ein bachelorgrad.

No ventar ein kveld utan dårleg samvit og stress. Martin blir med meg opp på Haukeland, så blir det mat, film og spel. Forhåpentlegvis. Og å sove lenge imårra. Før eg går igang med engelskoppgavehelvete. Som sansynlegvis ikkje blir så veldig helvete-aktig. Har ikkje så mange hundre ord att å skrive. Korleis er det mogleg at eg ligg såpass godt an? Meg. Etter dette semesteret, det skulearbeid på ingen måte har vore førsteprioritet.

I'm picking up good vibrations

1 comment:

Anonymous said...

grattis! æ har blitt singel, og dette e nytt og hått: http://orienteringsfag.blogspot.com/