Thursday, March 30

Romling

Nok ein flink jentedag. Lesing i massevis + trening. Sistnevnte var ikkje så altfor digg. Technohelvete er nettopp det; eit helvete. Likevel føler eg meg bra. Matt, men ikkje mett. Fiskegrateng i ovnen, poteter i kasserollen, brokkoliblanding sålangt i frysaren, rare lydar frå magen. Skal bli kos å få besøk av Andreas og servere middag. Elsker at han er blitt sjølvstendig, verdensvant gutt som fint klarer å finne vegen frå Olav Kyrresgate, over Høyden og bort til meg.

Var veldig fint med kaffipause på Le Rustique idag. Tusen takk for billig latte, Kirsti. Tusen ganger tusen takk for å vekke reisedagdraumaren i meg, Ida. Og er alltid fint å snakke med filosofar.

Wednesday, March 29

keisamt, meir keisamt, mest keisamt


Det er så fullt på biblioteket. Men idag var eg heldig. Kom inn, fann den dataen eg liker best å sitte på, og kva ser eg ikkje, ytterst til høgre i augekroken; ein av mine yndlingsleseplassar; akkurat blitt ledig. Fantastisk. Er litt seint oppe idag. Ville sove. Etter at eg hadde våkna ville eg ligge i senga, høyre på Johnny Cash og dagdrømme. Gler meg på ein måte litt til å lese idag. Skal lese verdenshistorie, frå tidsrommet 1880-1914. Blir koseleg. Eventuelt koz.

Faen, sorry Ida; har fuck all interessant å skrive her.

Men kan kanskje sei at eg gler meg veldig til helga. Jens Martin kjem på besøk, eg skal sjå brødrene mine spele på fylkesmønstringa i Grieghallen og Mamma er i byen. Dessuten har eg kanskje noko igjen av det forhåpentlegvis fabelaktige brødet. Brødet tenker eg å lage ikveld. One giant step for Hanna

Thursday, March 23

Amputert


Nok ein dag på biblioteket. Norsk historie, Hambro og Quisling, eple og vatn, lange pausar, mange menneske. Men noko er annleis. Eg manglar mobiltelefon.
Liker ikkje å tenke på meg sjølv som avhengig, på ein fjortismåte ihvertfall. Men merkar no at eg blir stressa. Skulle sagt ifra til folk om kva som skjer i ettermiddag og så ikveld. Kanskje ringer dei heime? Eg har ikkje eingang mulighet for å spørre om eg kan stikke bort og hente telefonen der eg trur eg gløymte den.
Det er skummelt å merke kor avhengig eg er av å være tilgjengelig.
Og så er det samtidig litt deilig. At ingen kan få tak i meg. At eg er heilt fri.
Men så blir eg stressa igjen.

Ikveld trur eg det blir fagfest. Eller. Fagfest blir det uansett. Eg trur at eg skal på den. Veit ikkje heilt kor lyst eg har, men det føles obligatorisk.

Idag tror eg Lambchop albumet "Nixon" er det som best definerer korleis eg føler meg. I den grad eet album kan gjere det. Det er uansett fint.

Wednesday, March 22

First things first

Så utrulig rart. Eller ikkje rart i det heile.
Berre uvant.

Eg sit på biblioteket. Kom hit tidlig, sånn at eg skulle få ein av mine yndlingsplassar. Utsikt, stor pult, lys(og varme). Dessuten har eg skaffa plass til Ida rett ved sidan av, noko som hjelper på bibliotekslyst. Skal lese interessante ting. Om kvifor Afrika er så fattig, kanskje også teksten om asiastiske tigrar. Blir fin lesedag.

Iskaffe er ein fin ting. Og musikk. Idag blir det sikkert mest av desse:
Queen - Don't Stop Me Now(ja, veit den er litt harry, men likevel)
Magic Numbers - The Mule
Ed Harcourt - Undertaker Strut
Belle And Sebastian - Wrapped up in Books
White Stripes - My Doorbell
(kanskje er dette ein ide? High Fidelity-inspirerte topp 5 lister. Kanskje)