
Det er så fullt på biblioteket. Men idag var eg heldig. Kom inn, fann den dataen eg liker best å sitte på, og kva ser eg ikkje, ytterst til høgre i augekroken; ein av mine yndlingsleseplassar; akkurat blitt ledig. Fantastisk. Er litt seint oppe idag. Ville sove. Etter at eg hadde våkna ville eg ligge i senga, høyre på Johnny Cash og dagdrømme. Gler meg på ein måte litt til å lese idag. Skal lese verdenshistorie, frå tidsrommet 1880-1914. Blir koseleg. Eventuelt koz.
Faen, sorry Ida; har fuck all interessant å skrive her.
Men kan kanskje sei at eg gler meg veldig til helga. Jens Martin kjem på besøk, eg skal sjå brødrene mine spele på fylkesmønstringa i Grieghallen og Mamma er i byen. Dessuten har eg kanskje noko igjen av det forhåpentlegvis fabelaktige brødet. Brødet tenker eg å lage ikveld. One giant step for Hanna
No comments:
Post a Comment