og på søndag blei Frida 6 veker gammal.
Monday, March 31
5 år og 6 veker
Denne helga har romma to merkedagar. På lørdag hadde eg og Daniel vore saman i fem år,
Thursday, March 27
Daffodils
Ifjor på denne tida underviste eg i Daffodils-dikt av William Wordsworth og Ted Hughes på skulen i München. I år nøyer eg med å sjå på ein bukett påskeliljer mens eg ventar på at Frida skal bli mett og sovne.
Og dagens største gledelige nyhet er dette brevet som endelig kom i posten idag etter at NAV har brukt meir enn maksimal behandlingstid på den:
Endelig! Let the permisjon begin - det har den forsåvidt gjort forlengst, men no er vi endelig garantert permisjonspengar og ikkje berre eingangssum. Føler meg veldig takknemlig som bur i Norge, fekk ein termindato som var akkurat passe, og fødte ein baby ca akkurat på termin. Feirer med å høyre på "Happy" og ete litt sjokolade.
Tuesday, March 25
Dagens outfit
Ingela har etterlyst dagens outfit-oppdateringer, og siden vi idag fekk ein pose full av fine jentekle av Synne, så passa det bra å starte no.
Ellers har dagen bydd på Fridas første tur rundt Sognsvann med fetter Johannes, mitt andre forsøk på å bake eplemuffins på ei veke og besøk av Ane som hadde med matblad og Ritter-sjokolade frå Berlin.
Her frå ein rimelig fornøgd augneblink tidlegare ikveld - no er ho i vil-bli-byssa-konstant-modus og eg skal straks legge meg nokre timar. Når eg står opp for å passe ho i natt ser ho gjerne ut som ho gjorde idag tidlig:
Imorgon står Fridas første besøk hos fastlegen min for tur.
Monday, March 24
All by myself
Idag har Frida og eg gått tur aleine for første gang, utan hjelp til å løfte vogn eller holde dører åpne eller noko.
Og det har vore nydelig vær i Oslo idag. Perfekt for rusletur rundt på Majorstua, ein svipptur innom Helios for sjokolade og te og ein runde rundt Frognerparken.
Ellers ser Frida fem veker og lys våken klokka 04.30 slik ut:
Og Frida i djup søvn klokka ti ser slik ut:
Saturday, March 22
Første selfie
Eg hugsar kor usmakelig eg syntes det var med sukkerprofilbilder tydeligvis tatt av seg sjølv, på badet. Likevel tok vi dag denne post-stellebord-selfien.
Wednesday, March 19
Frida
Sidan sist har det skjedd ein heil del. Eg har ikkje halsbrann lenger fordi eg no har:
Siste bilde av Frida før fødselen
Begge blei rørt til tårer då vi kom heim og oppdaga at Ingvild hadde rydda og vaska heile leiligheten.
Første heimebesøk - all in the family (leiligheten var ryddig i ca ein dag)Ikkje alltid like blid, på tross av kule kle
Ein 1 måned gammel baby.
For å få ho måtte eg gjennom ein 41 timer lang fødsel (der eg fekk oppleve mange av dei tinga eg er redd for, men der alt endte godt) og dei fire påfølgande vekene i ein unntakstilstand av søvnmangel, ammestress og øm kropp.
I eit 40 år gammalt Jon Blund babyteppe
Eit glimt frå kantina på Ullevål - helsevennlig størrelse på desserten
Tydelig uerfarne foreldre som ikkje veit bak og fram på ei babylue - på veg ut til ein ventande taxi og heimreisa frå sjukehuset
Nytt søsken- og søskenbarntreff
Ey macarena
Far og datter ein tidlig morgon
Og ein kveld
Fyller barnevogna til randen
Frida i eit utrøstelig øyeblikk
Så, slik går dagane. Eg er stort sett blitt ein sofa-fast ammende tv-slave. Heldigvis har vi getboks og netflix. Men gler meg til snøen smelter og Frida og eg kan komme oss meir ut.
Subscribe to:
Posts (Atom)














































