Thursday, March 27

Daffodils

Ifjor på denne tida underviste eg i Daffodils-dikt av William Wordsworth og Ted Hughes på skulen i München. I år nøyer eg med å sjå på ein bukett påskeliljer mens eg ventar på at Frida skal bli mett og sovne. 


Denne nydelige blomstrete drakta har Frida (først og fremst føttene til Frida) diverre vokst ut av.


 Var ute på ein deilig tur i Frognerparken idag, men tok ikkje bilde, så eg legg 

heller ved eit bilde frå ein fin tur for nokre veker sidan: 


Og dagens største gledelige nyhet er dette brevet som endelig kom i posten idag etter at NAV har brukt meir enn maksimal behandlingstid på den: 


Endelig! Let the permisjon begin - det har den forsåvidt gjort forlengst, men no er vi endelig garantert permisjonspengar og ikkje berre eingangssum. Føler meg veldig takknemlig som bur i Norge, fekk ein termindato som var akkurat passe, og fødte ein baby ca akkurat på termin. Feirer med å høyre på "Happy" og ete litt sjokolade. 

No comments: