Eg skulka årets første forelesing idag. Fordi det snødde og Daniel var heime og eg hadde ein språkvask og...
....i bunn og grunn fordi eg ikkje gadd. Dermed har det blitt ein sløv fredag heime saman med ein tekst om body evaluation and coital onset. Men snart kjem Ingvild <3
Denne vekas sjelsettande opplevelse: å svømme rundt i Tøyenbadet og bli fanga mellom dei som svømmer altfor sakte og dei som svømmer altfor fort. Stanging, klaustrofobi, exit frå bassenget og ekstra tid i badstu. Ikkje så kjipt likevel.
Friday, February 26
Sunday, February 21
post-traumatisk kuldestress
Det snødde i Oslo på lørdag. Og det var ikkje så koselig som på dette biletetPå lørdag sto eg ute i vind, snø og sur kulde i over 30 minutt og venta på trikken. Då den kom hadde eg endeleg byrja å gå heim, og blei nesten overkjørt av ein bil i det eg la på sprang over gata for å rekke trikken. Trur ikkje eg har vore så forfrossen og ute av meg før. Rosinen i pølsa var at dei ikkje hadde marshmallows i butikken. Tanken på å gå utan kakao med marshmallow i var nesten nok til at eg la meg ned på golvet i butikken og gråt. Som barn av Golfstrømmen er eg ikkje forberedt på den kjipaste delen av Oslo-vinteren, og blei dermed transportert tilbake til trassalderen.
Sunday, February 14
Kjærleik
Dermed har eg feira denne dagen i Oslo for første gang. Og sjølv om eg berre hadde nærkontakt med ein av mine to big loves, så fekk eg snakka nokre timar på telefon med ho som mangla.
Og eg fekk sett "Julie & Julia". Herlig film å ligge under dyna i sofaen, ete kakerestar og kose seg med.
No er det tilbake til kvardagen, Tine, dårlig trenings-samvittighet og masse ulese pensum.
Thursday, February 11
Juicy
I've got juuuuuice, it's multiplyin', and I'm loooosing control
Vi fekk 10 liter appelsinjuice på jobben denne veka. Kjøleskapet har ikkje vore så fullt på nokre veker :S
Ellers har eg vore på Nesodden for første gang. Fredfullt å ta båten frå Aker Brygge, som korresponderer perfekt med masse bussar, og køyre gjennom vintervillalandskap. Og når ein kjem fram; bli møtt av deilig lunch, nydelig utsikt og herlig skravling. Eg er ikkje blitt så mykje klokare på kva eg skal skrive semesteroppgåve om, men det er nokre dagar igjen av veka.
Sunday, February 7
Volleyball
....og sjølv om dei tapte den kampen vi såg, så fekk eg mange stolt-storesøster-augeblikk. Dessuten fekk eg påpeikt nok eit familietrekk: å vere særs dårlige taparar.
Søndagen sålangt har gått med til herlig søndagsfrukost med påfølgande spotify-mimring gjennom alt frå The Real Mccoy til Opeth. Og snart: deilig dobbeldate-middag :D
Friday, February 5
fin fredag
Den starta kanskje ikkje slik, men no føles det som om det har vore ein av dei bedre fredagane. Starten på dagen var trøtt, forsinka, delvis uforberedt på forelesing og småsur. Det bedra seg ikkje då eg kom heim og stressa med å velge ut baderomsinteriør og grua meg til å ikkje kunne bu heime ein heil måned og blei litt skuffa over at den måneden kanskje kjem sånn ca i eksamensperioden.
Vendepunktet kom i form av trikketur ned til Astrup-Fearnley og Bjarne Melgaard si utstilling. Der fekk vi blant anna sjå bileta "Infect your friends" og "Homo Alone 3". Eg likte meg mykje betre enn eg hadde trudd og gjekk smilande og litt forstyrra derifrå. Og ikveld har vi sett "Sherlock Holmes". Ikkje heilt fantastisk film, men ganske bra til å vere Guy Ritchie, og veldig koselig å sitte i armkrok og dele kvikklunch-melkesjokolade.
Ja, og forresten: Wilco skal spele på Sentrum Scene 24 mai. !!!!
Vendepunktet kom i form av trikketur ned til Astrup-Fearnley og Bjarne Melgaard si utstilling. Der fekk vi blant anna sjå bileta "Infect your friends" og "Homo Alone 3". Eg likte meg mykje betre enn eg hadde trudd og gjekk smilande og litt forstyrra derifrå. Og ikveld har vi sett "Sherlock Holmes". Ikkje heilt fantastisk film, men ganske bra til å vere Guy Ritchie, og veldig koselig å sitte i armkrok og dele kvikklunch-melkesjokolade.
Ja, og forresten: Wilco skal spele på Sentrum Scene 24 mai. !!!!
Subscribe to:
Posts (Atom)