Friday, February 5

fin fredag

Den starta kanskje ikkje slik, men no føles det som om det har vore ein av dei bedre fredagane. Starten på dagen var trøtt, forsinka, delvis uforberedt på forelesing og småsur. Det bedra seg ikkje då eg kom heim og stressa med å velge ut baderomsinteriør og grua meg til å ikkje kunne bu heime ein heil måned og blei litt skuffa over at den måneden kanskje kjem sånn ca i eksamensperioden.
Vendepunktet kom i form av trikketur ned til Astrup-Fearnley og Bjarne Melgaard si utstilling. Der fekk vi blant anna sjå bileta "Infect your friends" og "Homo Alone 3". Eg likte meg mykje betre enn eg hadde trudd og gjekk smilande og litt forstyrra derifrå. Og ikveld har vi sett "Sherlock Holmes". Ikkje heilt fantastisk film, men ganske bra til å vere Guy Ritchie, og veldig koselig å sitte i armkrok og dele kvikklunch-melkesjokolade.

Ja, og forresten: Wilco skal spele på Sentrum Scene 24 mai. !!!!

No comments: