Eg er snart ferdig med Sunnfjordsoppholdet mitt. Ei veke, akkurat så lite at eg ikkje blir altfor lei og samtidig så mykje at eg får sommarfuglar i magen ved tanken på å ta bussen til Bergen (riktignok litt fordi det er snakk om å ta buss så tidlig som klokka 06.15....). Dagane heime har gått med til å vere ein provisorisk køyrelærar, dra rundt på kaffibesøk, fire arbeidsdagar, Wilco, alkoholfri quiz på Pikant og litt savn. Men det er berre ni dagar til eg er tilbake i Oslo, tre dagar til England og ein dag til Bergen :D
Thursday, July 30
Waffle Extravaganza

Monday, July 13
Herlig Oslohelg
Helga starta starta med ein tur på Parkteateret og slutta med hasardiøs køyring for å nå toget frå Ski til Oslo. Mellom desse hendingane har eg nesten blitt tatt i billettkontroll (men saved by the poor, drunk and angry guy), smakt ein ny Ben & Jerry's-is, gløymt å gratulere Mamma med 51årsdagen, nytt det herlige selskapet til the Breakfast Club, laga og ete masse deilig tapas, sett på store solsikker, drukke vin og delvis digge drinkar, dansa, tilbrakt ein søndagsmorgon i fosterstilling, blitt servert kjempegod og etterlengta frukost, tatt ein roadtrip til Ås med påfølgade skogstur osv osv. Helga har vore heilt herlig.
Tuesday, July 7
Heat wave!
Det har vore varmt i Oslo den siste veka. I Seljord også, forsåvidt. Dermed kan eg knapt huske sist eg gjekk i bukse, sov under dyna eller laga varmmat. Dessuten har eg vore på eller i nærleiken av to festivalar. Først på Oslolive på torsdag, der eg såg eit av yndlingsbanda mine, sto i Roskildeaktig ølkø og kosa meg. Sist var eg i nærleiken av Seljordfestivalen i (ja, nettopp) Seljord. Danseband 'til you drop. Eldre og mindre kjekke menn i bar overkropp, campingvogner, bart og ektepar kledt i matchande kle. Og ellers har den siste veka vore veldig bra. Kvalitet og kvantitet i massevis.
Wednesday, July 1
terrific tuesday
Igårkveld var min beste tirsdagskveld nokon sinne. Eg kom heim svett frå trening (for anledningen på eit Elixia uten aircondition....), og blei overraska av litt forsinka 3månedersfeiring. Reker og kvitvin på verandaen, nybarbert ansikt, rydda og nyvaska leilighet, rød rose og den nye Wilcoplata. Deilige Daniel!
<3
<3
Subscribe to:
Posts (Atom)