Friday, January 23

Med hjartet på rette staden









Okei, så er det ikkje i Yorkshire eller på tv, men det føles som om hjartet mitt er der. Delar av det i alle fall. Slik ser det altså ut frå vindauga i andre etasje hos Granny. Det var skikkeleg koseleg å vere der. Mykje mat, sjølvsagt. Mindre sjølvsagt var det at eg endeleg fekk smake Granny's yndlingsdrink: Whiskey & Ginger Ale (ho har lenge meint at det ikkje passer seg for kvinner å drikke brennevin før dei når overgangsalderen). Vi hadde lange samtalar om barndom, familie, politikk, økonomi og religion (ho brukar adjektivet "happy-clappy" om evangelisk kristne). Dessutan fekk eg vite at ein litt snål fetter av meg har/hadde retinerte ballar. Kjekt å vite.
Eg var ikkje heime hos Granny heile tida. Ein dag tok eg toget til Leicester for å shoppe med Jenny. På togturen sat eg ved sidan av ei middelaldrande dame som eg først ikkje la særleg merke til. Plutseleg byrjar mobilen hennar å ringe og ringetonen er: Barbie girl. Først då oppdagar eg at ho har rosa telefon, rosa genser, rosa briller og matchande brilleetui(med rosa leopardmønster, må vite). Toget ankom Leicester før eg rakk å glise altfor bredt.
Elles var England litt annleis denne gangen. Finanskrisa var overalt. Woolworhtslokala sto tomme(!), det var korte køer i alle butikkar og nyttårssalga varer heilt til påske.

Turen heim var heller kjip. På det forsinka flyet havna eg midt mellom ein slitsom vennegjeng frå Hedmark eller noko slikt. Dei uttalte i alle fall mascara slik: ma-sca-ra. Og når eg landa i Oslo havna eg midt i snø-og-slaps-helvete, vel vitande om at det var mindre enn 7 timar til eg skulle vere på jobb igjen. Urk.

Wednesday, January 14

How can you mend a broken heart

Al Green veit å få sagt det.
Igår sa eg hadet til to vene, vakre venninner og hadde denne låta på hjernen. Det er leit å ta farvel i forvissing om at det blir lenge til neste gang. Men det er koseleg å møtes på Grünerløkka ein tirsdagskveld for å drikke øl, konjakk og Bloody Marys. Og snakke om gutar, framtida, notida, fortida, sjukdom og dagdraumar. Heime venta iskake, upakka koffert og altfor få timar med søvn. Dermed glir augene mine att på jobb idag og eg vil alt anna enn å snakke med kundar. Det er ei stor trøyst at dette er siste morgonen en står opp tidleg denne veka. No ventar ei langhelg i Bottesford, med alt som høyrer til. <3

Sunday, January 11

Morgonstund har gull i munn

Det er deilig søndagsmorgon. Kaldt ute, varmt inne, gå i pysj heile formiddagen, sjå på tv, lese bok og dagdrøyme. Har vore ute på Grünerløkka dei siste to kveldane. Begge gangar har vi gått frå veldig harry til mindre harry uteplassar. Den mest harry var Naboen, ein plass med delvis kul musikk men ganske utelukkande ukult klientell. På fredag dansa ein 55åring rundt med paraply til "It's raining men" og ei skabbete dame gjekk rundt med holete strømpebukser, boblejakke(kanskje utan noko anna under), sekk og ein stk drita full mann. Igår endte ferden på Ryes, ein plass som kanskje kan bli stamplass? Elles har helga vore fin, med Ida i Oslo. <3



Thursday, January 8

Forretningsidè

Eg ser for meg ei reklame for trikken der alt skjer til lyden av
Run DMC - It's Tricky.

Monday, January 5

Back to work

There is a light that never goes out (rett utanfor soveromsvindauget mitt)
Martin etter fotballtrening med dertilhøyrande apetitt.
Kneipptårn.


Nok eit resultat av Martins apetitt. Halvstekt browniekake. Kake fordi han fekk lyst på. Halvstekt fordi han plutselig ikkje hadde tid til å steike den ferdig før toget til Bergen gjekk.
Det er rart å vere i januar. Snart er vi halvvegs i vår Grünerløkka- og søskenkjærleikperiode. Eg skulle hatt med kamera på trening idag. Det er tydeleg at det er fleire enn meg som tenker "nytt år nye muligheter". Føltes som om eg var i ein hamsterkoloni der alle hadde kvar si tredemølle.
Til helga skal eg kanskje til Bergen. Og kanskje ikkje. Ida : It's uuup toooo yooouuuuuu.