Friday, January 23

Med hjartet på rette staden









Okei, så er det ikkje i Yorkshire eller på tv, men det føles som om hjartet mitt er der. Delar av det i alle fall. Slik ser det altså ut frå vindauga i andre etasje hos Granny. Det var skikkeleg koseleg å vere der. Mykje mat, sjølvsagt. Mindre sjølvsagt var det at eg endeleg fekk smake Granny's yndlingsdrink: Whiskey & Ginger Ale (ho har lenge meint at det ikkje passer seg for kvinner å drikke brennevin før dei når overgangsalderen). Vi hadde lange samtalar om barndom, familie, politikk, økonomi og religion (ho brukar adjektivet "happy-clappy" om evangelisk kristne). Dessutan fekk eg vite at ein litt snål fetter av meg har/hadde retinerte ballar. Kjekt å vite.
Eg var ikkje heime hos Granny heile tida. Ein dag tok eg toget til Leicester for å shoppe med Jenny. På togturen sat eg ved sidan av ei middelaldrande dame som eg først ikkje la særleg merke til. Plutseleg byrjar mobilen hennar å ringe og ringetonen er: Barbie girl. Først då oppdagar eg at ho har rosa telefon, rosa genser, rosa briller og matchande brilleetui(med rosa leopardmønster, må vite). Toget ankom Leicester før eg rakk å glise altfor bredt.
Elles var England litt annleis denne gangen. Finanskrisa var overalt. Woolworhtslokala sto tomme(!), det var korte køer i alle butikkar og nyttårssalga varer heilt til påske.

Turen heim var heller kjip. På det forsinka flyet havna eg midt mellom ein slitsom vennegjeng frå Hedmark eller noko slikt. Dei uttalte i alle fall mascara slik: ma-sca-ra. Og når eg landa i Oslo havna eg midt i snø-og-slaps-helvete, vel vitande om at det var mindre enn 7 timar til eg skulle vere på jobb igjen. Urk.

1 comment:

moms said...

Han var ikkje fetteren din, men hennar. Og mora hans hadde skumle planar om at dei to syskjenborna skulle gifte seg. Oh boy, am I glad that didn't happen. Not so much because of the balls, of course... But he just was NOT her type ;-)