Ei ulykke kjem sjelden aleine. Likeleis kjem ofte dei gode tinga saman med kvarandre. When it rains, it pours. Slik er det i alle fall no. Bortsett frå at det ikkje regnar; det snør. Førebels kun ørsmå snøfnugg, som eg bruker som påskot til å gå rundt i dei grønne støvlane mine.
Februar 2009 er kjempebra sålangt. Eg har det allereie bra, og det føles som om fleire gode ting er på veg. Og alle forventingane...
...snart kun ei veke til Valentinesday, med all den single hygga den bringer med seg. Ane, Ingvild og eg skal feire med stil (og for min del: kredittkort).
Heime i Stolmakergata er det stort sett ganske idyllisk. Martin konsumerer ufattelege mengder meieriprodukt, rommet mitt er kjemperotete, den siste strømrekninga var mistenkeleg låg og internett funkar fett. Det aller beste: å sitte inne i varmen og sjå ut på snøvær og gatelys med ein kopp varm kakao med krem og kanel på.
No comments:
Post a Comment