Eg har mista smakssansen. Den har vore vekke i snart fem dagar, tenk om den aldri kjem tilbake? Må google det for å avkrefte/forsterke paranoiaen min. Hm... Kanskje eg har pådratt meg malaria i New York? Vi var jo ein dag i Brooklyn... :P
Ellers har eg gått ein liten fjelltur idag, det var utrulig deilig å merke at eg klarer å presse meg opp bratte bakkar, heilt til toppen der det framleis er snø, og nydelig utsikt. Og så var det den oppgåva. Føler eg har komt godt igang her oppe, har retta eindel på innleiinga, arbeider med eit siste utkast til kapittel tre no, og trur det skal gå greit å få gjort masse kvar dag. Det må gå greit, for det er kun sånn eg kan bli ferdig på normert tid. Imårra er det ein måned til masteren skal vere levert, og litt under det til den skal i trykken. Grøss
Thursday, April 28
Sunday, April 24
All on the floor
Igårkveld var eg ute ein liten tur med Ingvild, Ane og Mariann. Vi dro på Bjørungs og menga oss med ein blanding av harry og klysete folk. For min del konsumerte eg kveldens tredje alkoholeining (ein Irish Coffee etter ein 0.33 boks ølboks og eit glas musserande). Og forkjølelsen eg tok med meg heim frå New York var fortrengt med ein DayQuil-kapsel og litt nasespray. Og jet-lag merka eg ikkje så mykje til. Men etterkvert som klokka nærma seg to blei det meir og meir varmt og klamt inne på Bjørungs. Plutselig kjenner eg meg kvalm og svimmel og prøver å bevege meg mot utgangen og så....
...våkner eg opp 30 sekund seinare liggande på golvet mens Mariann held beina mine høgt, og ein ukjent blond sjukepleier gnir ein isbit rundt i ansiktet mitt. Crazy. Heldigvis hadde eg på meg svarte strømpebukser og truser, og eg var med trygge venninner (dog på ein litt utrygg uteplass). Det er første gang eg besvimer sånn midt i ei menneskemengde. Må bli flinkare til å drikke vatn.
Uansett. Ellers har heimkomsten frå New York vore prega av husmorliv. For første gang pakka eg heilt ut av kofferten samme dag som eg kom heim(!). Og eg fulgte opp Ingvild sitt forsiktige hint om å vaske kjøleskapet: Squeaky clean!
Og ellers går tida med til å dagdrømme om sommaren 2013, bla i bladet eg fekk frå Ingvild og Ane, og sjå på ringen eg fekk av Daniel. Som eg skal byrje å gå med så snart vi får utvida den så eg får den på meg. Og då er eg forlova for real.

Wednesday, April 13
Pass
Mine ti deilige dagar i England er snart over, og det er tilbake til travelt kvardagsliv. Men starten på Englandsturen var ikkje like avslappande som resten. Klokka 06.30 i innsjekkingsskranken på Gardermoen viser eg fram pass og visakort og får eit rart blikk og spørsmål tilbake: "...Og har du også ditt pass med deg?"
Dette var passet eg hadde tatt med meg i ørska den morgonen/natta:
Eg blei ganske paff, heilt tørr i munnen og sprang ned til politiet i første etasje og fekk ordna nødpass.
Uansett. Resten av turen gjekk finfint, fekk skreve litt (ikkje så mykje som planlagt, men hey, det skjer vel aldri) og kom meg trygt heim, der det nye passet venta på meg:
Så no er alt klart for New York.

Subscribe to:
Posts (Atom)