Den siste veka har eg merka kor glad eg egentlig er i norsk sommar. Her i München har det nemlig vore opp mot 34-35 grader i fire dagar, fleire av desse arbeidsdagar for meg. Har merka kor utfordrande det er å opprettholde energi og kustus som vikarlærar i små klasserom med dårlig fungerande vifter, og elevar som er meir enn klare for sommarferie. I den grad vi har greid å vere aktive, har vi gått kveldsturar, slik som her, til Nymphenburg:
Etter to timers gåing langs kanalen frå oss kom vi endelig fram, ti minutt før dei stengte parken for kvelden.
Alpene bak kveldsskyene
Alpene bak skyane ein gang til, men her var vi ein tur ute på dagtid (!). Vi tok banen til Starnberger See, og ca fem meter frå S-Bahneperrongen ligg denne strandpromenaden.
Og enda litt lengre bort fann vi dette strandområdet. Klaustrofobisk fullt, men i slik varme turte/orka eg å bade likevel.
Treffande navn på iskremkafeen på kjøpesenteret vårt. Diverre har vi starta med eit nytt og bedre liv som involverer snop, is, kaker osv kun som lørdagsgodt. Men har bestemt oss for at neste gang det blir like varmt, så kan vi gjere eit unntak for saftis.
I tillegg til MIS-jobbing, har eg hatt to kveldskurs i norsk. Der har vi blant anna snakka om sommarferie, kva kursdeltakerane ser på som typisk tysk (Mülltrennung, Autos, Ordnung) og typisk norsk (dårlig kaffi, ski, å samanlikne seg med svenskar).
På fredag og lørdag sank temperaturane til eit meir behagelig nivå, og igår tok Daniel og eg ein tur inn til sentrum der vi kikka i antikvitetsbutikk og fann desse sporty pyntegjenstandane. Kanskje noko å bruke bryllupsgavepengar på?
Ellers endte vi opp med mest vindusshopping i glassmagasinet, ein bedre middag hos stamrestauranten vår ved Viktualienmarkt og til slutt eit besøk på eit av yndlingsmusea våre - Stadtmuseum. Fekk med oss blant anna ei kjedelig cowboyutstilling og ei langt bedre utstilling av 70tallsmote - med passande soundtrack og belysning. Idag har vi nytt ein rolig, regnfull søndag her heime og dagdrømt om bryllupsreise til Lofoten.
Sunday, June 23
Tuesday, June 18
Weekend surprise
Denne helga har Ingvild og Eivind vore på besøk. Det har vore superkoselig, og såpass bra at eg blei litt emo då vi kom aleine tilbake til studentheimen søndag ettermiddag.
Det var nemlig nettopp på studentheimen helga starta, då Ingvild og Eivind kom fram seint onsdag kveld blei dei nemlig innkvartert i min (very) humble abode. Men vi tilbrakte ikkje så mykje tid her heime. Torsdag var det fint ver, og vi dro inn til sentrum for å tusle rundt, shoppe, lunche og sjå på surferane i Englischer Garten
Eit steinkast frå surferane fann vi oss eit bord i skuggen ved Haus der Kunst
Måtte psyke oss opp før vi gjekk ein tur gjennom parken på vegen heim - og havna midt i den hovudsaklig mannlige og middelaldrande nudistkolonien....
Og no noko heilt anna enn nakne middelaldrande menn: ein deilig forrett på Aquarello (scampi med safranskum og courgetteblomst)
Marta og Alex møtte oss på middag
Happy med endelig å ha testa den beste italienske restauranten i München
Og til slutt eit gruppebilde inne i restaurantlokalet, som var ganske kitchy-dali-aktig.
Vel framme på Chiemsee, ganske turistifisert, men framleis veldig fin destinasjon, fredag ettermiddag
Etter to dagar med innspurt før delgjennomgang og to netter i ei marital bed på 90cm, tar Daniel seg ein velfortjent blund i hotellsenga.
Minivors i den tyske kroken på rommet til Ingvild og Eivind, inklusiv skvipete tysk rødvin.
Dette var derimot ikkje skvipete, men superdigg tapas.

Og Sangria.
Masse Sangria.
Men den store overraskelsen denne helga var det Ingvild, Daniel og eg som sto for. Eivind trudde vi skulle leige ein gammal golf, så overraskinga var difor ganske stor når han her skjønner kva slags bil han skal køyre resten av helga:
Sunday, June 9
39
Kun 39 dagar til vi flyr heim! Heilt sjukt at året snart er over. Men no som det framleis er litt tid igjen, prøver vi å nyte dagane her. Særlig dei dagane det er fint ver, slik som på torsdag.
Då dro vi på romantisk date i sola i Olympiapark. Det blei ikkje like romantisk som vi hadde tenkt oss då det ikkje gjekk an å leige båt, men ganske digg å ligge på graset og følge med på hundane som leika i og rundt vatnet (den søtaste: ein leiken Corgi)
Deretter dro vi på Burger House og åt Münchens beste burgerar (med vilt usunne, men digge cheese fries).
Forrige helg var vi forresten ein lyntur heime i Norge (om vi finn kabelen til kameraet vi hadde med oss, kjem det kanskje nokre bilder frå Bergens-bryllupet). Daniel irriterte seg over kor mange tyske aviser eg plukka med meg - frå Terminal 2 her i München, som kanskje er verdens diggaste terminal. Gratis aviser, gratis drikke, og alt ein kan ønske seg av digge designbutikkar og Jo Malone.
Denne helga var mindre edruelig enn den forrige, og vi fekk lov til å crashe ein gentleman-kveld i ein annan studentheim. Her poserer Daniel med ei sjokolade, kastanje og karamell-kake.
Alltid kjekt å sjå korleis det ser ut på andre studentkjøkken. Apropos kjøkken - igår hadde vi Stockwerksessen på kjøkkenet mitt, og merker at eg enten har blitt veldig mykje meir voksen på eit halvt år, eller så var det forrige Stockwerkessenet berre mykje bedre. At det forrige gang endte med at politiet kom indikerer kanskje at det var ein bedre fest, kanskje.
Og sjølv om det er 39 dagar igjen til vi flyr heim, er det kun 3 dagar til Eivind og Ingvild flyr hit!

Subscribe to:
Posts (Atom)