Sunday, June 23

Heatwave

Den siste veka har eg merka kor glad eg egentlig er i norsk sommar. Her i München har det nemlig vore opp mot 34-35 grader i fire dagar, fleire av desse arbeidsdagar for meg. Har merka kor utfordrande det er å opprettholde energi og kustus som vikarlærar i små klasserom med dårlig fungerande vifter, og elevar som er meir enn klare for sommarferie. I den grad vi har greid å vere aktive, har vi gått kveldsturar, slik som her, til Nymphenburg:

 Etter to timers gåing langs kanalen frå oss kom vi endelig fram, ti minutt før dei stengte parken for kvelden.
 Alpene bak kveldsskyene
 Alpene bak skyane ein gang til, men her var vi ein tur ute på dagtid (!). Vi tok banen til Starnberger See, og ca fem meter frå S-Bahneperrongen ligg denne strandpromenaden.
 Og enda litt lengre bort fann vi dette strandområdet. Klaustrofobisk fullt, men i slik varme turte/orka eg å bade likevel.
 Treffande navn på iskremkafeen på kjøpesenteret vårt. Diverre har vi starta med eit nytt og bedre liv som involverer snop, is, kaker osv kun som lørdagsgodt. Men har bestemt oss for at neste gang det blir like varmt, så kan vi gjere eit unntak for saftis.
 I tillegg til MIS-jobbing, har eg hatt to kveldskurs i norsk. Der har vi blant anna snakka om sommarferie, kva kursdeltakerane ser på som typisk tysk (Mülltrennung, Autos, Ordnung) og typisk norsk (dårlig kaffi, ski, å samanlikne seg med svenskar).
På fredag og lørdag sank temperaturane til eit meir behagelig nivå, og igår tok Daniel og eg ein tur inn til sentrum der vi kikka i antikvitetsbutikk og fann desse sporty pyntegjenstandane. Kanskje noko å bruke bryllupsgavepengar på?
Ellers endte vi opp med mest vindusshopping i glassmagasinet, ein bedre middag hos stamrestauranten vår ved Viktualienmarkt og til slutt eit besøk på eit av yndlingsmusea våre - Stadtmuseum. Fekk med oss blant anna ei kjedelig cowboyutstilling og ei langt bedre utstilling av 70tallsmote - med passande soundtrack og belysning. Idag har vi nytt ein rolig, regnfull søndag her heime og dagdrømt om bryllupsreise til Lofoten.

No comments: