Thursday, October 30

It's a jungle out there

Tirsdag kveld mens eg og Ingvild sat i mi trygge stove med tente stearinlys, røde roser, te, yade-sjokolade og bonderomantikk, var det nok langt mindre koseleg å ferdast i Brugata. Ein fyr med kniv stakk ned tilfeldige folk på gata. Desverre var han somalier. Dagen etter hadde til og med dei sløve narkomane som heng utanfor Oslo S fått det med seg. "De jævla somalierne ass" overhørte eg på veg gjennom zombiegjengen.

Igår var min første kveld heime aleine på lenge. Det var ganske fint. Eg kosa meg med pensum, te, Echo and The Bunnymen, risotto og dagdraumar. Dessuten gjorde eg noko anna eg ikkje har gjort på lenge: vaska kle. Gler meg veldig til å dra tidlig fra jobb imårra (sjølv om det av og til byr på artige øyeblikk. Som da Hildegunn, ei utrøyka, men veldig hyggelig dame på 60+ byrja å synge på "Drita full før Drøbakksund"...).

Paris + Ida = <3

Wednesday, October 29

Bursdagsønske

Det snør. Idagtidlig snødde det heftig og sidelengs. No er det kun nokre få snøflak att i lufta, resten smeltar om til sludd på bakken. Eg får endelig bruk for Goretexsko.

Den siste veka har vore som ei berg-og-dalbane. Eg har stort sett omgitt meg med fine folk, noko som har hjelpt på. Likevel har det vore ganske einsamt dei fleste kveldane.
og den einaste six-packen eg har fortært består av kleenex...

...men idag er det onsdag. Berre eit par fattige dagar til eg drikk vin med Ida i Paris og berre ei veke til eg kanskje får tidenes bursdagspresang: Barack Obama som amerikansk president!

Monday, October 20

A walk down memory lane

Sånn føltes det å lande på Flesland på torsdag. På Fantoft kom eg på våte sykkelturar med Ida til badmintontrening. På Danmarksplass tenkte eg heller på tyskvikariat og bensinstasjonjulebord. Dessuten var det digg å virkelig få bruk for stormparaply, ikkje berre drasse rundt på den i forsiktig og schizofrent regn som i Oslo.

Helga har vore veldig blanda. Såg eindel kule filmar på Biff. Dei beste: Religulous(deilig ode til agnostikarar), W (morsom Oliver Stone film om George W Bush) og La den rette komme inn(svensk oppvekst- og vampyrfilm satt til 70tallet). Og nokre meir middelmådige (veldig skuffa over Guy Ritchies Rocknrolla + Andy Kaufmans Synechdoche New York). Når eg ikkje var på kino var det koselig å spele Kortskalle eller TP med Knut og Erik Andreas. Ellers var det litt drama, mykje kos og mange tårer. Har aldri hatt så stor og vedvarande klump i halsen før. I nøden funka det å høyre på Tenacious D på vei til Flesland, for å komme på andre tankar.
Men det går sikkert snart bedre. Folka på jobb er hyggelige, Mamma er på besøk og snart får eg møtt mine næraste. <3