Wednesday, October 29

Bursdagsønske

Det snør. Idagtidlig snødde det heftig og sidelengs. No er det kun nokre få snøflak att i lufta, resten smeltar om til sludd på bakken. Eg får endelig bruk for Goretexsko.

Den siste veka har vore som ei berg-og-dalbane. Eg har stort sett omgitt meg med fine folk, noko som har hjelpt på. Likevel har det vore ganske einsamt dei fleste kveldane.
og den einaste six-packen eg har fortært består av kleenex...

...men idag er det onsdag. Berre eit par fattige dagar til eg drikk vin med Ida i Paris og berre ei veke til eg kanskje får tidenes bursdagspresang: Barack Obama som amerikansk president!

3 comments:

Katrin said...

Sånn bortsett frå Barack, ka ønska du deg te den store dagen?

Hanna said...

Snille vennar :P
Eventuelt ein grapefruktkniv (sånn som bøyer seg på tuppen), eller blå og kvitmønstra tekopp i viktoriansk stil fra Indiska, eller hanskar. Feks.

Katrin said...

Så flink du e som faktisk avlegge ønske! Hurra!