Monday, March 29

1 år

Idag er vår første heile dag i Tokyo og vi er i elsk med byen :)
Igår var vi slitne, forvirra, lost, sultne, mette og la oss tidleg.
Men idag er ein ny og bedre dag. Først åt vi frokost i 33. etage, deretter bar det ut i byen. Metroen her er kjempebra, så vi tok først banen til Shibuya. Der fekk vi skikkelig Tokyo-kjensle, med sega-land, svære skjermar, masse lys og masse folk. Vi shoppa litt på Loft, der vi fann alt på skalaen frå totalt unyttig til genialt nyttig. Skulle ønske vi hadde fleire koffertar og meir pengar. Skulle også ønske at vi hadde råd til å kjøpe og leve etter det som er anbefalt i Michelin-guiden til Tokyo. Det får bli neste gang vi er her, eller meir sansynlig in our dreams. Uansett, derifrå gjekk vi vidare til Harajuku, ein bydel som viste seg å vere eit slags fjortis-land. Harajuku må vere ein kvar pedofil sitt paradis, med jenter i sjølverklært Lolita-stil overalt. Men for alle oss andre så er det crepes-boder på annakvart hjørne. Etterpå leita vi forgjeves etter noko sjokkerande i Tokyos Red Light District og snudde til slutt nasa heimover. Utrulig deilig å komme tilbake til hotellrommet, koke te, høyre på spotify og hoppe i jacuzzien.
Og forresten: vi har vore saman i eitt år idag! -> utropstegn på rett plass :)

champagne

Friday, March 26

Hektisk

Endelig ferdig med eit skikkeleg half assed førsteutkast til semesteroppgave. 10 sider med mykje blabla. Akkurat den mengda eg satsa på, og sånn ca akkurat den kvaliteten eg var redd for. Og dessuten har eg vore hos tannlegen to gangar på tre dagar, borra eitt hol, fått vite om nokre til og betalt nesten 2000kr.
Men no er det ferie. Påskeferie. I 9 dagar. I Japan.
Snakka nettopp med pappa, som lurte på om vi tenkte å gå mykje i fjellet. Ser det ikkje heilt for meg, men dagdrømmer om å sjå Mount Fuji. Og gler meg som ein unge til å ta tog, sjå, høyre, smake og undre meg. Men mellom meg og mi Sofia Coppolaesque oppleving står ein grusomt lang flytur. Med støttestrømper på.

*Lars Vaular - Rett opp og ned*

Wednesday, March 17

Badminton Revival

Idag var eg på Domus og spelte badminton, dvs første badmintontrening sidan 2007. Merka at det var kjempelenge sidan sist, og dertilhøyrande vanskelig å treffe ballen. Men merka også at det framleis er like kjekt og at konkurranseinstinktet og dei elendige tapareigenskapane er på plass. Deilig og litt vondt å kjenne at kroppen sakte men sikkert blir støl. Etter trening var det utelukkande deilig å komme heim til appelsin-laksemiddag a la Daniel, varm dusj og omtrent ferdigskriven kvalifiseringsoppgåve.
....har byrja å telle ned til Tokyo. 9 dagar går fort....

Tuesday, March 16

Cats rule

Minnie, ikkje mini
Oscar, aka crazy cat
utsikt ein (altfor-) tidlig søndagsmorgon
Filmar, plater og bøker i massevis. Vi valgte "Junebug"


Vi er snart ferdig med to veker som kattevakt. Kattane er stort sett veldig koselige, bortsett frå på lørdag, då vi overnatta hos dei og Oscar vekte oss før klokka seks søndag morgon. Katte-skepsisen min er ca like stor som før....
Og ellers har vi vore på Ikea for andre gang, kjørt bil og lukeparkert (dvs Daniel har lukeparkert med meg som stressa passasjer/kjørelærer) og hatt årets første lunch på verandaen.
Dessuten har eg byrja eit nytt og bedre liv. Meir trening, mindre ost og idag var eg på lesesal for første gang på ca tre år.

Tuesday, March 9

Å kvalifisere

utan å legge ned meir enn eit minimum av arbeid = kvalitetsreformens kvalifiseringsoppgåver. Denne veka har vi heimeeksamen i Anglo-American Literary Theory og skal skrive fem sider som vi får bestått/ikkje bestått på. Eg er sånn ca ferdig. Skal berre fikse litt på litteraturlista mi. No ventar andre oppgåver, to skriftlege, ei gigantisk ei beståande av rydding og vasking og snart aerobic med Inga. Sidan sist har eg forresten laga verdas minst vellyka chocolate cup cakes - deigete, grisete, stygge og ganske kvalme.

Saturday, March 6

Borte bra, heime best

Vi dro til Sagene igår. Dvs Daniel henta meg (uten lapp, men også uten promille), lærekjørte opp igjen til Sagene og lukeparkerte i ei svær luke. Deretter kom Martin og Guro og laga taco til oss. Koselig med familiebesøk, og også koselig at dei er langt meir begeistra for kattar enn meg. Eg gjekk litt skeptisk rundt, redd for at den uberegnelige bengalen Oscar skulle overfalle meg. Snakes with fur....
Men no er eg ikkje like skeptisk lenger. Ikkje etter at eg har kosa og snakka med han, fått han til å male og latt han drikke av springen. Men katt ein gang iblant er meir enn nok. Deilig å komme heim til den kattefrie leiligheten og glede meg over sollys, te, kiwi og kvalifiseringsoppgave. 5 sider om betydning av naturskildringar i A Passage to India.

Friday, March 5

28

Første bilde med nytt kamera
bilde nr to, akkurat passe utydelig :S
Martin og Guro hadde med bringebærostekake
cake wars
birthday boy
i bursdagspresang-skjorte
klar for bursdagsmiddag
på Dinner

Og etterpå var vi på Spring Awakening på Oslo Nye, og rødma ikkje i nærheten av like mykje som eg var forberedt på. Eg rødma derimot litt meir då vi skulle heimover og eg plutseleg hadde strukke noko i låret og halta heile vegen ut i taxien. Idag går det i meir halting, og eit forsøk på haltande pensumlesing. Skal bli ferdig med A Passage to India idag, og så igang med kvalifiseringsoppgåve.

Wednesday, March 3

Top Chef

Vi har blitt avhengige i det siste. Og då passer det bra/dårlig med Get-boks.
Ellers går dagene med til å legge ambisiøse planer, som å stå opp og komme seg på trening med Inga klokka åtte idag. Planen måtte modereres da jeg våkna med dundrende hodepine og en trøtt og søt gutt ved siden av meg. Drunting er deilig.
å drunte = å ligge og dra seg i halvsøvne i senga før man står opp