Sunday, January 27

Podcast

I det siste har eg virkelig fått augene opp for podcasts. Lenge var Radioresepsjonen ca den einaste podcasten eg visste om, men i det siste har eg lasta ned mange forskjellige, stort sett med litteratur eller mat som tema. Igårkveld gjekk eg heim frå trening i kulda og hørte på ein podcast der det blei sagt følgande om hot buttered rum: "well, we have a very limited amount of time in the year when we have an excuse to drink butter....". Neste jul altså.

Ellers er World Book Club og The New Yorker også kjempegode unnskyldningar for å gå lange turar rundt omkring i Pasing parken. No går eg meg nesten ikkje vill der lenger.

 Fint enten det er sol
 Eller ikkje.

 På turane ser eg også mange koselige hundar, men få er så påkledd som denne (spotta av Daniel på Hauptbahnhof)
På onsdag var vi på Daniels siste forelesing dette semesteret og etterpå åt vi denne giga-lunchen. Hadde Womanizer på hjernen, berre bytta ut womanizer med carnivore.
 Ellers har vi nettopp oppdaga ein ny guilty pleasure: vanillekrapfen, som vi finn på fleire bakeri her i tida fram mot/i Fasching.



Og igår ville eg prøve å gjere det vesle eg ser av Daniel for tida til ekte kvalitetstid, så eg lot han sove til 14.00 (han kom heim frå TU klokka 07.30), for så å servere valnøttbrød med eggerøre og sprøstekt chorizo. På senga  - Daniel våkner/gøymer seg under dyna.

Monday, January 21

Juligen

Og jula varer heilt til påske, i alle fall om ein skal sjå på mine cravings dei siste dagane.... 


Ellers så var det nettopp Juligen av Just D som var min store jule-hangup i år, og her er ei litt sein oppdatering på korleis jula var i Grebo og Oslo.


Vel framme etter ein tidlig start frå Pasing og ei lang reise fram til Linköping og Grebo, kom vi fram til Winter Wonderland med opptil fleire fasanar i hagen som kunne nyte fuglestativa som for anledningen ikkje var ødelagt av hjort. 
Typisk morgonstund i vinterhagen, som stort sett fungerer som stue. 
Og så ut på ein tur i kulden. Faktisk den einaste turen på ei veke. Fekk låne den supervarme jakka til Mikael. 

Vel framme for å gjere dei siste små juleinnkjøpa. 
Så julekoselig er det på nærbutikken i Grebo

Utkvilt Daniel etter psycho førjuls-kjør på TU. 
Fika, med alt som høyrer til. 
Mikael
enten ein drikk cognac, som Jan
eller verdas minste porsjon Drambuie
Charlie var ganske sliten denne gangen og skygga like greit banen kva gang Julia, Rikard og Anton kom på besøk. Kva er det skumlaste ein stor Staffe veit, i tillegg til torden og fyrverkeri? Ein 11 måneder gammal baby. 
Hoyt. 
Bernt er framleis glad i og ganske flink til å spele kort. Han er mindre glad i å vente to timar på ein bestilt Taxi, som deretter bruker nærmare to timar til på ein heimveg som elles skal ta 20 minutt...
Julafte-morgon!

Og meg framfor jule/pengetreet
These wheels were made for rollin'.... 
Anton synes innpakkingspapiret var vel så spennande som sjølve gåvene. 



Vi rakk å sjå litt Kalle Anka saman før Julia, Rikard og Anton måtte vidare til deira del to av julafta. 
Fika x2
Julevest
Julemarsipangris.

Og resten av tida vår i Sverige gjekk fort, med (altfor) mykje god mat og drikke, kortspeling, snø og avslapping på landet. 
Første dag tilbake i Oslo var vi på besøk hos Martin og Guro, som her ser på iphonen til Martin, intetanande om at den snart kjem til å vere ein stk overkjørt iphone (ikke overkjørt bever, men likevel)
Busted! Oscar og Minnie later som dei ikkje tåler trynet på kvarandre, men plutselig oppdager eg dei ligge heilt harmonisk ved sidan av kvarandre. 
Nyttårsafta i år var veldig guttete
Kim sa etterkvart endelig ja til å fjerne deler av skjegget. 
Daniel har ein visjon:
Denne. 
Rett før heimreise på glattisen oppover til Sagene. 
Siste glimt av Sagene - med mykje lys og varme. 

Friday, January 18

Substitute

Denne veka har eg hatt mine første to skikkelige arbeidsdagar sidan ifjor sommar. Det har vore fint og slitsomt å jobbe som lærar igjen, særleg sidan eg no kun er vikarlærar, med alt det fører med seg av respektmangel, manglande kunnskapar om elevar og fag. Etter desse dagane kan eg ca like lite som før om computer science og economics, men litt meir om nokre dikt som eg har fått undervise i ein drømme-engelskklasse. 8 elevar på 17 år, alle veldig litteraturinteresserte, engasjerte og hyggelige. Men akk, frå og med neste veke er den vanlige læraren deira tilbake, så det blir nok ei stund til eg skal undervise for dei.

Idag har eg vist "Falling Man" for to engelskklassar og fått dette adgangskortet:

 Litt kjipt at morgontrøtte meg (spesielt trøtt idag sidan eg sov kanskje kun eit par timar i natt) kjem til å pryde dette kortet heile våren, menmen
 Deleprosjekt: Ipad går ganske bra, sjølv om det ikkje ser heilt slik ut her. Eg får ha den med på jobb, Daniel bruker den når han har tid på morgon og kveld.
 Eg får lov til å låne den enda meir for tida sidan Kindle'n har byrja å fuske :(
 Samtidig er det ikkje berre Daniel som er raus med meg - på jakt etter lørdagsgodt forrige helg kjøpte eg liksågreit med dette også.
 .....and in related news: fann ein kasse med gamle gratisbøker på folkeuniversitetet, og tenkte at desse kunne vere litt spennande. Apropos Ehe: ikveld var vi på den første av tre dansekurskveldar med Hochzeitskurs. Litt kleint, men mest koselig. Intstruktørane var ei snerpete gammal dame og ein ca 2/3 så ung og veldig gay fyr. Heldigvis er det framleis ganske lenge igjen til 10. mai.
Og i tillegg til å gjeninnføre lørdagsgodt (a la "Berre gjer da") har vi også prøvd oss på litt meir luksus helgemiddagar. Her kylling cacciatore som ser mykje mindre delikat ut enn det som var meininga. Men salaten ser bra ut, og Daniel i den nye genseren sin også.

Friday, January 11

Scream and shout

I tillegg til at eg har hatt litt hang up på den låta i det siste, så blei det ei skikkelig dramatisk oppvåkning i natt. Sånn halvvegs i eit mareritt får eg det for meg at ei rotte eller øgle har klatra inn vinduet, dett ned i senga vår og så vidare ned på golvet. Daniel våkner av at eg skrik, klatrer over han i senga og tryner på golvet. Til slutt kravlar eg meg heilt borterst i rommet, slutter å skrike og unngår akkurat å besvime. Daniel må ned på alle fire og leite etter skumle dyr under senga, men alt han finn er ein body lotion som har dette ned frå vinduskarmen, via senga og ned på golvet. Likevel var drømmen så virkelig at eg insisterer på å dobbeltsjekke under senga og riste dynene. Eg må slutte å lese skumle eller ubehagelige ting på senga. 

Apropos seng: 

Vi har endelig fått satt opp 1.40 senga på rommet! Den er ca tusen gangar bedre enn den forrige senga, og er veldig koselig å kunne sove saman igjen. Særlig når ein har mareritt feks. 

 Men some things gotta give no som Daniel også skal sove her. Slik som denne teater-plakaten.

 Ellers har vi vore og sett litt meir på potensielle bryllupsønsker.

Og ete vietnamesisk mat to gangar på ei veke! Dette er kanskje det aller, aller beste eg veit. Her hadde vi forøvrig nettopp vore på ei arkitektur/kunsthistorie-forelesing der det mellom anna blei snakka om korleis Allan Kaprow på 60-70 talet brukte syltetøy i performance-kunsten sin, slik som her: 


Interessant. Kanskje ikkje så aktuelt for arkitekturprosjekta til Daniel sånn i umiddelbar framtid, men men. 

Elles har eg lest ut Pride and Prejudice og angrar på at eg ikkje har lese den før. Som ein forlenging/kontrast til den såg eg ein episode av den tyske versjonen av the Bachelor. Lurer på kva slags figur Mr. Darcy ville gjort der. 

...og sjølv om starten på veka var ganske intervju-intensiv, så blir det ikkje noko avklaring på kva som skjer før i februar. I mellomtida blir det forhåpentligvis vikar-jobbing. Men først helg.