Denne veka har eg hatt mine første to skikkelige arbeidsdagar sidan ifjor sommar. Det har vore fint og slitsomt å jobbe som lærar igjen, særleg sidan eg no kun er vikarlærar, med alt det fører med seg av respektmangel, manglande kunnskapar om elevar og fag. Etter desse dagane kan eg ca like lite som før om computer science og economics, men litt meir om nokre dikt som eg har fått undervise i ein drømme-engelskklasse. 8 elevar på 17 år, alle veldig litteraturinteresserte, engasjerte og hyggelige. Men akk, frå og med neste veke er den vanlige læraren deira tilbake, så det blir nok ei stund til eg skal undervise for dei.
Idag har eg vist "Falling Man" for to engelskklassar og fått dette adgangskortet:
Litt kjipt at morgontrøtte meg (spesielt trøtt idag sidan eg sov kanskje kun eit par timar i natt) kjem til å pryde dette kortet heile våren, menmen
Deleprosjekt: Ipad går ganske bra, sjølv om det ikkje ser heilt slik ut her. Eg får ha den med på jobb, Daniel bruker den når han har tid på morgon og kveld.
Eg får lov til å låne den enda meir for tida sidan Kindle'n har byrja å fuske :(
Samtidig er det ikkje berre Daniel som er raus med meg - på jakt etter lørdagsgodt forrige helg kjøpte eg liksågreit med dette også.
.....and in related news: fann ein kasse med gamle gratisbøker på folkeuniversitetet, og tenkte at desse kunne vere litt spennande. Apropos Ehe: ikveld var vi på den første av tre dansekurskveldar med Hochzeitskurs. Litt kleint, men mest koselig. Intstruktørane var ei snerpete gammal dame og ein ca 2/3 så ung og veldig gay fyr. Heldigvis er det framleis ganske lenge igjen til 10. mai.
Og i tillegg til å gjeninnføre lørdagsgodt (a la "Berre gjer da") har vi også prøvd oss på litt meir luksus helgemiddagar. Her kylling cacciatore som ser mykje mindre delikat ut enn det som var meininga. Men salaten ser bra ut, og Daniel i den nye genseren sin også.




No comments:
Post a Comment